Då var det den tida på året igjen, då Jesus døyde og fann ut at det ikkje var så kult, så han stod like godt opp att. Det er og på denne tida Sirdal flaumer over av turistar og sirdalsungdom i eksil på diverse utdanningsinstitusjonar rundt om i landet. Også eg fann det for godt å ta turen heim no. Så flankert av Marie, sette eg meg på flight 149 ut av Volda, og flaug forbi Rotsethornet i retning sør.
Versus
No skal eg ikkje laga noko stort poeng ut av dette, men eg fekk tilsendt eit bilete her om dagen av ein solnedgang utanfor jærkysten. Rett så fint var det, men eg vågar vona og legg ut eit bilete til samanlikning, så kan du sjå sjølv kva ditt auge set mest pris på.
…og inn frå vingen, frå havgapet i vest på sunnmøre, kom det akkurat ein ganske så habil konkurrent…
Opprydding
Av og til hender det at eg rydder. No er det vår og eg har plassert meg sjølv i ein stol på verandaen, som tilfeldigvis er vestvendt. I Volda er det det same som at eg får solstråler på kroppen store delar av dagen dersom eg vel å sitje der. Men eg er ikkje den som evnar å berre plante meg i sola og berre glo tomt fram i lufta, så difor har eg teke med meg min kjære bærbare ut her i sola for å ta ei oppreinsking på den nyinnstalerte, stasjonære datamaskina mi. Ein finn jo ofte artige ting som ein heilt hadde gøymt ein hadde når ein gjer slikt, og det var akkurat det eg gjorde denne gongen og. Dette er det eg fann…
Bilete #2Bilete #3
…ah. Den nostalgien! 🙂
For mykje merksemd…
Ja. Eg er som kjend ikkje typen som set pris på store mengder med intens merksemd. I moderate mengder er det forsåvidt ikkje eit problem, men det å kome inn i eit rom, og du du får alle augene retta mot deg, granskande, nysgjerrige og kanskje litt småskeptiske, ja det er ei selsam oppleving.
Ei gong før har det hendt meg. Eg gjekk på bingo med Janne ei gong. Me trava opp trappene (småironisk å ha eit bingolokale med trappeadgang, men det får bli ein annan diskusjon), og gjekk til loddeljarskranka for å kjøpe oss nokre brett. No skal det seiast at eg ikkje er nokon dreven bingospelar. Min glansperiode var vel som 12-åring på årsmøtet i Sirdal Skilag trur eg, så slik sett så er naturleg nok skepsisen til den hardbarka bingoskaren heilt utan grunn. Ikkje røyker eg heller, og då tennes jo sjølvsagt varsellampene på rekordtid hjå dei rutinerte ringrevane på Holmen Bingo. Men me spelte, og Janne vann, og naturleg nok var det vondt for dei litt meir rutinerte gamblarane å sjå på desse to stakkarslige rookiane, så dei obligatoriske kommentarane kom sjølvsagt då me ikkje heilt klarte å få sagt i frå på ein klar nok måte om at joda, her var det bingo ute å gjekk. «Her må du skriga ud skikkelig».
Litt den same følelsen fekk eg i kveld, då unge Sinnes debuterte i mannskor. Volda Mannskor. Med ein snittalder på det eg vil anta å vere ca. 55, er det klar at eg stakk meg ein smule ut der eg kom inn døra bakerst i øvingslokale. Men til motsettning frå bingoopplevinga, vart eg her teken varmt i mot. Med stødige 1. tenorkollegaer rundt meg, gjorde eg så godt eg kunne i to timar. Og resultatet vart at eg no har klart å surra meg inn på øvingshelg med obligatorisk fest på kvelden no til helga. Det kan eigentleg teikne til å bli ei interessant oppleving det, og eg kan jo ikkje anne å seie enn at eg gler meg ein smule. Og det gjer seg med litt positive opplevingar i ein kvardag som kanskje ikkje alltid er noko å hoppa i taket for. Rap skal eg laga til i morgon og…..huff. :S
Andre sida av jorda…
Som barn var eit av mine store favorittprogram på Barne-TV forteljinga om den vesle Tigeren og den vesle
Bjørnen som reiser til Panama. Panama er langt unna. I min barndoms verden, var det heilt på andre sida av jorda, men etterkvart som er har utvikla mitt verdssyn, så har et no funne ut at Panama berre ligg omtrent halvvegs rundt jorda.
Men idag gjorde eg ei oppdaging på det velkjende internettet med Google Earth som eg tidlegare har omtala i lovande ordlag. Ein glup fyr har laga eit tillegg til dette programmet, og dette tillegget gjorde meg i stand til å finne ut på ein prikk nøyaktig kvar er ender opp dersom eg tek spada fatt og grev meg nedover i bakken under senga eg har ståande heime, og tvers avgarde på andre sida av jorda. Eg kan roe dei som måtte tru at dette skulle lage ein snarveg til Kina. Faren er faktisk større for at Sinnes ville blitt ein tettstad med strandline. Ta ein titt på bileta under… 🙂
Det viser seg nemleg at eg ville dukka opp ein stad mellom New Zealand og Antarktis….happy digging!
Muslimar i Sirdal
Ja det er kanskje ikkje fullt så «galt» som det kan høyrast ut som i fyrste omgang, men av ein eller annan grunn, så har tydelegvis ei marokkansk hackargruppe funne ei utfordring i å ta seg inn på servaren til Sinnes Skule. Ei raskt søk på Google, viser at min kjære skule heime ikkje er dei einaste som har vorte besøkt av desse spenstige Marokkanarane. Personleg må eg vel berre sei det, at det var nok diverre ikkje eit stort tap om sida vart bytt ut med det som viser på biletet under…sida som var frå før, var nok diverre ikkje av dei mest innovative eg har sett.
Shagma, nostalgi i bøtter og spann
Konge! Omsider har jeg funnet igjen introen til favorittprogrammet mitt fra min barndoms lørdager. Her må du sette deg inn i en kontekst; først av alt, lørdag. Vinter, mamma som støvsuger huset, runde sjokoladekuler som lørdagssnop…OG:
[youtube:http://www.youtube.com/watch?v=wvIqDPjbuSg]
Matematikk
Jeg må bare nevne det. Jeg kom over følgende artikkel på www.matematikk.org. Den ble skrevet i desember. I vår var jeg i praksis på Ørsta Ungdomsskole og i den forbindelse brukte jeg TV-serien «Numb3rs» i matematikkundervisningen. Riktignok var ikke serien kommet til Norge hverken på TV eller andre måter, men det viser seg jo altså at det av og til lønner seg med bittelitt piratvirksomhet. 🙂 «Målet helliger middelet» og denslags vet du…. Kort sagt. Det føltes litt greit å faktisk ligge i forkant av ting for en gangs skyld. 🙂
Produktiv dag…
Raymond inviterte på middag i dag. Pannekaker med flæsk og blåbersyltøy. Se bildeserien under…
(ser du godt etter, så ser du at eg har våre litt borti blåbæret allereie..)
I tillegg laga eg også mitt fyrste eksemplar av komposisjon i det vidgjetne «Siblius». Her er resultatet….:o
The point of no return…
Annankvar tirsdag har eg det som vert kalla bruksklaver på høgskulen. Dette inneber 45 minutts intensiv pianoøving under Nils Ose si engjerte leiing. Desse timane har eg saman med Simen og Ida-Maren.
I dag skulle det visa seg å verte ein litt spesiell time. Eg var sjølvsagt litt seint ute, men ingen var komne då eg kom inn i det faste øvingsrommet. Etterkver dukka Ida opp, og me sette oss ned og øvde litt på songane før Nils omsider dukka opp. Det må vel nemnast at dørene til øvingsromma består av to dører slik at lyden vert godt isolert. Difor er det slik at ein høyrer når den ytste døra gjeng opp. Det var det som hendte no. Me høyrde lyden, dørhandtaket gjekk ned…og ingenting hendte! Me kunne høyra gjentatte forsøk på å få opp døra av Simen. Det var han som stod på andre sida. Men kor mykje han enn forsøkte, så var døra som limt att. Ida tok ansvar og gjekk bort for å prøve frå innsida. Utan hell. Eg fekk det føre meg at det heile hadde med musklar å gjere, så eg gjekk bort til døra og røska tak i ho det eg var mann for. Men den rikka seg ikkje.
Ut av det blå, trylla Ida-Maren fram skrujern og kniv (ei kvinne er då alltid førebudd på kvinnedagen!) og gjorde eit hederleg forsøk på å dirke opp låsen….men også dette viste seg å vera fånyttes. Simen fekk difor beskjed om å henta vaktmeistaren. Inne på øvingsrommet kune me ikkje gjere anna enn å fortsette øvinga mens me høyrde korleis aktiviteten auka på utsida. Plutseleg banka det på vindauget, og eit hovude stakk fram. Plan B såg ut til å vere sett i gang, og stigen vart teken fram og sett opp for å forsøkje å kome inn viendaugsvegen. Problemet her, er berre det at vindauga strengt tatt ikkje er laga for å kome inn i rommet, og dette forsøket viste seg også å verte misslukka.
Utan at eg heilt har oversikt over kva som hende på utsida av døra, kunne me høyra at tyngre skyts vart teke i bruk, og etter det som umiskjenneleg høyrdest ut som saging spratt døra omsider opp og bortimot eit dusin folk ramla inn for å undersøkje kva slags klovnar som hadde klart å låse seg inne. Alt i alt ei ganske annleis og litt spanande oppleving på Høgskulen i Volda ein tysdag i mars.