Annankvar tirsdag har eg det som vert kalla bruksklaver på høgskulen. Dette inneber 45 minutts intensiv pianoøving under Nils Ose si engjerte leiing. Desse timane har eg saman med Simen og Ida-Maren.
I dag skulle det visa seg å verte ein litt spesiell time. Eg var sjølvsagt litt seint ute, men ingen var komne då eg kom inn i det faste øvingsrommet. Etterkver dukka Ida opp, og me sette oss ned og øvde litt på songane før Nils omsider dukka opp. Det må vel nemnast at dørene til øvingsromma består av to dører slik at lyden vert godt isolert. Difor er det slik at ein høyrer når den ytste døra gjeng opp. Det var det som hendte no. Me høyrde lyden, dørhandtaket gjekk ned…og ingenting hendte! Me kunne høyra gjentatte forsøk på å få opp døra av Simen. Det var han som stod på andre sida. Men kor mykje han enn forsøkte, så var døra som limt att. Ida tok ansvar og gjekk bort for å prøve frå innsida. Utan hell. Eg fekk det føre meg at det heile hadde med musklar å gjere, så eg gjekk bort til døra og røska tak i ho det eg var mann for. Men den rikka seg ikkje.
Ut av det blå, trylla Ida-Maren fram skrujern og kniv (ei kvinne er då alltid førebudd på kvinnedagen!) og gjorde eit hederleg forsøk på å dirke opp låsen….men også dette viste seg å vera fånyttes. Simen fekk difor beskjed om å henta vaktmeistaren. Inne på øvingsrommet kune me ikkje gjere anna enn å fortsette øvinga mens me høyrde korleis aktiviteten auka på utsida. Plutseleg banka det på vindauget, og eit hovude stakk fram. Plan B såg ut til å vere sett i gang, og stigen vart teken fram og sett opp for å forsøkje å kome inn viendaugsvegen. Problemet her, er berre det at vindauga strengt tatt ikkje er laga for å kome inn i rommet, og dette forsøket viste seg også å verte misslukka.
Utan at eg heilt har oversikt over kva som hende på utsida av døra, kunne me høyra at tyngre skyts vart teke i bruk, og etter det som umiskjenneleg høyrdest ut som saging spratt døra omsider opp og bortimot eit dusin folk ramla inn for å undersøkje kva slags klovnar som hadde klart å låse seg inne. Alt i alt ei ganske annleis og litt spanande oppleving på Høgskulen i Volda ein tysdag i mars.