2 Comments on "Stripe om læring…"

  • Hvis du skal vise til rettighetsinnehaveren, og det skal du, kan du godt gi hele linken: http://xkcd.com/263/

    Og siden jeg er på den pirkete siden min, vitsen handler ikke primært om læring, men om Sannheten (med stor S) og matematikkens vesen.

    Jaja. Mannen som tegner XKCD er veldig hyggelig når han gir alle tillatelse til å bruke stripene sine, når det er til ikke-komersiell virksomhet og at man krediterer eieren.

    • Klart eg viser til rettighetshavaren. Det er då ikkje eg som teiknar stripene på xkcd. Kvifor eg har kopiert stripa over på min eigen servar og har ho liggjande der veit eg ikkje. Det skulle eg sjølvsagt ikkje gjort, men i staden berre henta stripa direkte inn frå xkcd. Eg kan ta sjølvkritikk på den. Men som Randall Munroe sjølv skriv det;

      Just be sure to attribute the comic to xkcd.com.

      Såvidt eg kan sjå, er det nett det eg har gjort? Men kan hende tolkar du dette annleis?

      Når det gjeld tolking, så kjem vel slikt i stor grad ann på auga som les/observerer? No har eg aldri vore nokon stor fan av å tolka dikt eller nokon ting som helst på ein annan måte en den måten som gjev meining for meg sjølv, men då eg las den stripa, som altså er nokre år sidan no, sa den meg noko om læring. At du med din bakgrunn kanskje meiner at stripa handlar om Sanning og matematikk, ja det vil eg ikkje ta i frå deg. Eg skal rett og slett ikkje seie at di tolking av stripa er feil. For deg kan jo nettopp ei slik toling gje meining. Det er eigentleg heilt greit for min del.

      Om Hr. Munroe er hyggeleg eller ei, veit eg ingenting om. Men han har i alle fall evna til å ta ting på kornet frå tid til annan. Delingskulturen han frontar med å gjere stripene sine fritt tilgjengelege til ikkje-kommersielt bruk er ein kultur eg støttar heilt opp om på alle vis. Det burde vore meir av slikt, og eg oppmodar alle som vil om å nytte alt eg lagar under nettopp slike rettar. At eg skal ha noko som er av ein kvalitet som gjer at det kan vere verdt å nytte om at, det er eg dog ikkje like sikker på.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *