Category Archives: Personleg

“Da erre slutt..”

Omsider, etter fire lange/korte år (alt etter korleis ein ser på det) er det slutt. I dag fekk eg min siste karakter med stempel frå Høgskulen i Volda…og berre så det er sagt: det vart ein ståkarakter igjen! Glad for alt ein slepp å ta opp att!

Så då sit eg altså der…med 280 studipoeng, og sikkert 280.000 i studielån og er klar for vaksenlivet. Eg er redd denne epoka kjem til å flyga avgarde fortare enn nokon av det dei føregåande har gjort! Ein får altså trø inn bremsa så godt ein kan på eit tidleg tidspunkt så ikkje heile livet spring i frå ein.

Og det er jo akkurat det eg gjer no. Vitjar gamle kjente. Der er flott at være Norsk i Danmark! Og Danskerne er et meget fortreffelig folkeslag. Kanskje ein skulle vurdert å starta som lærar her etterkvart? Gjekk forbi eit par skular her i går, og ein sparar jo fort nokre hundre tusen på å ha ein sykkel, framfor ein bil. Pengar spart er jo pengar tent. Nuvel…

Før alt det tek til, så vert det nokre dagar til her i syden med fotball og flott vejr i eit land som flyt over av freske frøkener! Livet det er godt. Mejet godt!

PS! I dag åt et den klassisk danske “knækker” (rød pølse for uinnvidde) og syklet ut til Havfruen

Ulike problem

Skodde over BrisbaneHer heime har me vanskeleg for å verta nøgde med veret. Er det for mykje sol, klagar bøndene på vassmangel, eller hushaldningane på høge straumprisar. Er det for blaut er det ikkje så greit det heller då ein risikerer flaumar og lite uttelling på den solinga ein har planlagd og drøymt om i heile vår, medan ein har svetta vekk gram etter gram inne på eit klamt treningsstudio.

Andre stadar i verda, til dømes i Brisbane, Australia har ein andre utfordringar. Juni 2008 teiknar til å verte den verste månaden i manns minne med tanke på…skodde. For det er nettopp skodda som har lagt seg over Brisbane og skapar visse utfordringar der down under. Ikkje berre vert flytrafikken hindra, men bilar har også problem med å navigera i tilhøve som byd på 50 meter sikt. The Courier Mail kan til og med melde om at CityCaten, den lokale ferga som fraktar folk att og fram mellom Brisbane sine breddar, er forsinka. Så også toget til Caboolture.

Brisbanes svar på vår eigen Vidar Theisen, Vikash Prasad, uttalte at det nok var uvanleg med såpass tjukk skodde over eit så stort område som ein opplever om dagen, men at det likevel var juni som historisk sett er den mest skoddelagde månaden i søraust i Queensland.

Tankar om framtida…

Frå ei side eg plar lese, Dumblittleman, fann eg nokre tips til livet etter studietida.

Av dei sju som stod der var nokre av det langsiktige slaget, medan nokre var dagsaktuelle for min del.

Pay Off Debts
If you have any credit card debts from your freewheeling college years, begin paying those off in earnest. Credit card debt is a weight that will hold you back from your dreams as long as you let it. Your dream isn’t to sell your future so you can have fancy new clothes or glittery new electronics, your dream is to make a good life for yourself and the ones you care for. Credit card debt, and other debts, are holding you back so get rid of those 20% a year interest rate behemoths as soon as possible.

Eg er sjølvsagt ikkje så stor tilhengar av kredittkort, noko det nylege avslaget eg fekk på min søknad om eit Statoil kredittkort er eit klårt prov på. Heiltidsstudentar er merkeleg nok ikkje kredittselskapa sine yndlingskundar. Men eg har likevel opparbeida meg eit surt studielån…sjølv om eg ein gong hadde ein teori om at eg ikkje skulle ha det. Det slår med difor som ein god ide å ta fatt på denne oppgåva så snart som mogleg. Spesielt om ein kombinerer dette tipset med det neste.

Keep Rent Low
When you move to a new place, don’t immediately go for the swanky new apartment. You just spent the last four years living in college dorms or off-campus housing, hardly Ritz-Carltons, so don’t go locking yourself into high rents for the next year. If you keep your rent low, you can save more and spend more on other, more important, things (like paying off debts).

Strengt tat så var eg veldig klar for ein eigen bustad no etter 8 år på internat og 7 år med deling av stove og kjøkken. Ikkje eit vondt ord om mine mange sambuarar, men ein kjem på eit tidspunkt til kjensla av at det ville vere godt å kunne gå ut døra om morgonen utan at kjøkkenbenken er full av oppvask når ein kjem heim. Eller å sleppe å uroe seg for om det er di veke til å vaske no? Men må ein kjøpe noko for å oppnå dette?

Leigeprisane er sjølvsagt ikkje av dei billegaste, og det er strengt tatt pengar eg like gjerne kunne brukt på sigarettar, men så lenge eg berre har meg sjølv å uroa meg for er det vel ikkje naudsynt med eit casa til 2 millionar sånn i løpet av dei fyrste par åra?

Men ein fin stad som eg leiger…ja det vil eg i alle fall ha!

Føringane er lagde

I dag har eg, etter å ha rådført meg med slekt og vener, teke ei avgjersle som vil ha særdeles stor innverknad på min kvardag. Eg har bestemt meg for å takka ja til mi første lærarstilling. For fyrste gong i mitt liv skal eg ta fatt på eit arbeide som eg etter dette samfunnets tradisjonar skal vera utdanna til.

Det vert utan tvil ein heidundrande overgang frå det ansvarslause studentlivet i Volda, men det er vel så smått på tide etter kvart. Det spørs vel gjerne og om eg ikkje for fyrste gong på 27 år må endra postadressa mi!

Frå hausten av vert eg å finna på ein skule i Sandnes Kommune. Der skal eg vera klassekontakt for ei 5. klasse. Eg fann ut at det var det tryggaste valet om noko kan kallast det. Dessutan vonar eg at tilhøva er slik som eg innbillar meg at dei er ved skulen. Eg har i alle fall god tru på korleis mitt nye liv no skal verta.

Elles driv eg litt fantasifull surfing på finn.no etter ein stad å bu. Spørsmålet er om ein skal kjøpa, eller om ein skal velje å leiga for ei lita stund. Tross alt så er det ikkje sikkert at eg kjem til å trivast, sjølv om eg nok trur det. Uff nei det vert mykje å ta tak i framover, men fyrst av alt skal eg sørga for å ha ein fin sommar der eg vonar at eg vil få gode opplevingar både heime og i utlandet!

Valgets kvalar

Somaren ligg framføre meg, men før eg kan kasta meg ut i den og verkeleg nyta at nok ein epoke i livet mitt er over, må eg gjera nokre val.

Fram til i dag tidleg hadde eg eigentleg planane klare. Eg visste kvar eg ville havne, og eg hadde til og med så smått starta å fabulera litt om å kjøpe hybel. Men så heilt ut av det blå dukkar det opp endå eit alternativ…eit godt alternativ og! Ei avstemming kunne kanskje vore på sin plass? Så difor har eg lista opp nokre moment som eg ser på som viktige…ta ein kikk på dei, og legg så att stemma di i boksen til venstre på sida. Det eg i alle fall slepp å tenkja på, er om eg kjem til å ha arbeid til hausten eller ikkje!

#1
– Klassekontakt 5. trinn
– Fast stilling
– Nytt skulebygg
– Sentralt
– Slepp å settja karakterar

#2
– Klassekontakt 8. trinn
– Vikariat meg mogleheit for forlenging
– Forsøksskule
– Projektor i kvart klasserom
– Inndelt i økter (2 “timar” før lunsj, og 2 etter)
– Startløn med 4 års ansenitet

Fysisk fostring når nye høgder

Helle klarte å lokka meg med på ei superkjapp (til meg å vera) tur opp på Rotsethornet i kveld. 649 meter over havet. 2 timar dør til dør vart det vel sånn omtrent, med ein innlagt pitstop på Rimi på veg heim att. Sola forsvann diverre rett før me sette avgarde, så den sensasjonelle solgladinga eg hadde førespegla meg vart det ikkje noko av. Men ein alle tiders aktivitet å finne på i Volda ein sånn middels fin maikveld, det må det seiast å vera!

Naturatur (kajakk) 2008

11 turstemte sjeler var fredag 9. mai klar for å leggja dei sunnmørske fjordar under årene og ta fatt på ein liten padletur frå Eiksund til Ulsteinvik. Sol, så og sei vindstille og mange, herlege varmegrader var spådomane frå oven i forkant av hendinga. Alt låg med andre ord til rette for ein heidundrande tur med fine menneske i fin natur.


(NB! Får du ikkje opp dette biletgalleriet? Prøv med det gode gamle)

Vårslepp

I takt med den stadig aukande vassføringa i bekkane ned frå Rotsethornet, lauvspretten som grønkar på trea og sola som sig stadig sienare ned i havet utanfor Fosnavåg er go’formen min sakte men sikkert i gang med å koma på plass att. Det same skjedde i fjor. Då våren slo inn, gjekk det trill rundt for Torger Åge og han starta å springa rundt Rotevatnet. Det kan forsåvidt lanserast mange teoriar om grunnen for at dette teiknet på sinnsjukdom inntrer i unge Sinnes’ liv, men det spørs nok om det ikkje er særleg mykje verre enn eit ynskje om å gjera seg fjong i fjørene. Bonusen er jo etter det eg har høyrd at ein skal få himla mykje meir energi…eg ventar framleis.

Men det er ei fin løype eg spring. Snaue 7 kilometer rundt Rotevatnet med fantastiske lukter, mulighetar for observasjonar av all slags dyerliv og god tid til å tenkje på litt av kvart…joda. Det er nok noko som kjem til å stå att som eit sakn om ein liten månad når eg ikkje lenger skal få vera her nord.

I enden av [Eiksund]tunellen

No går verkeleg mot slutten. Vårens vakraste eventyr i Volda, Dokfilm er over oss her på Sunnmøre. Og med den, så kjem fort eksamensstresset på slutten. Det er siste året i Volda for min del, så då tenkte eg at ein liten lydsnutt frå fjorårets VEKA-revy her i bygda ville vera på sin plass. Ein som kort, men særs godt oppsummerer dei fire flotte åra eg har hatt her nord.

[audio:voldasangen.mp3]