Category Archives: Moro

Vis meg korleis!

I vinterferien handla eg meg ei flott bok – «Show me how«. Den har hundrevis av grafiske eksempel på korleis ein kan gjere ulike ting. Favorittane mine, om enn noko usansynlege, er:

1. Korleis bryte med ei krokodille.
2. Korleis ta i mot ein baby i ei drosje.
3. Korleis klyppe navlestrengen på ein baby.

Sistnemnde er ein naturleg oppfølgjar til nummer to på lista.

Av dei meir aktuelle har eg sett i gang eit prosjekt i vindaugskarmen. Det er inne i si femte veke no skulle eg tru.

Prosjektet går rett og slett ut på å dei a fram sitt eige avicadotre frå ein avokadostein.

Foreløpig veks det fint, men eg er litt uroa over kvar eg skal gjere av det etterkvart. Om nokon har ein varm plass som treng litt grønt kan eg gjerne donere bort denne…sånn om ein 2-3 år skulle eg tru.

Lærarar i ei særstilling

Ein kan sei mykje om lærarstanden, men at yrkesgruppa vert vurdert som andre yrkesgrupper er vel å ta hardt i. Dersom læring ikkje skjer, vert dette ofte tabloidisert som om læraren ikkje har gjort jobben sin. (Jf. «10B».) Funder litt på denne i påskeferien (klikk på stripa for å sjå henne litt større);

Ynskjelister

Eg gjer det enkelt i år. I staden for at eg skal vri hovudet mitt i vinkel og attende oppmodar eg deg til å fylle ut skjemaet under om du vil ha gåve frå meg i år. På den måten kan ein effektivisera heile julestria. Eg kan på ein enkel måte finna ut kva du ynskjer/treng, og du kan få noko du faktisk har lyst på. Mykje kleiene høfligheitsfraser spart, og mindre stress i byttebuene på nyåret. Kort sagt ein vinn/vinn-situasjon for alle partar.

NB! Ynskje må sjølvsagt vera innanfor rimelegheitens grenser. Flasker med dråpar av morgondogg til gullfisken din, samla saman av berføtte jomfruer i indre Magnolia, utgår altså på samtlige ynskjelister.