Category Archives: Moro

Oystein’s water ’07

Stine spurde meg så vent om eg ikkje kunne reklamera litt for henner kjære Øysteins arrangement, Oysteins Water ‘07, utanfor Kristiansand den 7 og 8 juli, og sidan eg ikkje er så vanskeleg å be, så gjer eg det.

Den 7 og 8 juli vert det altså som nevnt masse morro og sprell på Dvergsøya utanfor Kristiansand. [Kart] Hendinga er dedikert til vass-sport og anna sommarmorro. Så då er det berre å pakka redningsvesten og dra avgarde. Underteikna er diverre noko oppteke med slåttonn på gitt tidspunkt…men men. Kan ikkje få med seg alt heller.

Meir info finnst på kite.no og oysteins.com.

Helsetips…

For nokre dagar sidan, kom eg over ei bok heime. Ærleg talt trur eg ikkje ho har vore opna dei siste 50 åra, så det var artig å kjenna lukta av gamal bok då eg opna ho. Boka har tittelen I Ly av Sundhetens Love med undertittel; Praktisk sundhetsbok for de tusen hjem. Ho er forfatta i 1919 av L. Muderspach. Kven dette er kan eg diverre ikkje sei noko om, men doktor A. Andersen har skrive eit forord og anbefalar her boka for alle. Og lækjarar skal ein jo høyra på.

I alle fall…i slutten av boka, er det ei heil rekke med tips til kur til ulike sjukdomar og plager. Så i rein nostalgi, og fordi nokre av tipsa kanskje til og med også kan gjera susen, vil eg i tida framover publisera desse. Alt er nok ikkje heilt aktuelt lengre, medan andre kanskje kan vera aktuelle fleire gonger i året. Så med det sagt, så presenterer eg heved fyrste episode av dalstroka-innafor.net si nye spalte: Helsetips frå 1920-talet Continue reading…

Vakuumtilvære

På eit tidspunkt gjekk studenttilværet frå å vera obligatorisk oppmøte på skulen for å læra det som er fastlagd i læreplanen, til å vera ein herleg komaliknande stad å vera. “Medan med venter på somaren” kan kanskje vera ei passande overskrift. Fram til mai, stilte eg pliktoppfyllande på skulen 9.15 kvar dag for å ta del i forelesningar (antan dei var obligatoriske eller ei). Men deretter har det vore ei anna lekse. Med null undervisning på ein heil månad, er det klart at ting sklir ut ein smule!

Heldigvis klarte eg å ta meg sjølv i skinnet, og her ein dag kom eg faktisk inn gjennom dørene på biblioteket som fyrstemann den dagen. Slettes ikkje gale! Men etter nokre lange dagar der, er det klart at hjerna har behov for avveksling. Og med glittrande sommarver, tyr ein gjerne til slike aktivitetar som nedanfor:

KubbToppturSlækklein

Kontakt med mi feminine side…

I kveld vart eg utfordra i sminkekonkurranse av Trine og Laurine. Som den mannen eg er, ville det jo ha vore flaut å takka nei til ei utfordring, så eg tok ho på strak arm. Resultatet vart som de kan sjå omtrent som eit verk av Picasso, men eg fann vel ut at eg skal tone ned litt på augeskyggen heretter.

Sminkekonkuranse #1Sminkekonkuranse #2Sminkekonkuranse #3

12.05.07…ein merkedag

Det måtte jo hende før eller seinare. Og kan hende det var greit at det hende akkurat i dag, sjølv om det var litt for mykje folk til stades under seansen. Men faktum er at idag er dagen då unge Sinnes elegant la seg på sida og tippa rundt i kajakk. Og ikkje nok med det. I førekant, hadde eg sendt avgarde kajakk på kajakk til sjøs med trygg formaning om at ein ikkje kom til å kvelva. Men sjølv, som siste mann ut på den blåe, blikk stille flata, og med baugen fortsatt ein halv meter inne på land krenga kajakken elegant mot venstre og vips så vart verda merkeleg mørk grøn og litt for kald. Og ute på fjorden låg elleve av mine sampadlarar og kunne skua inn på det heile. Flaut? Det er vel ikkje å stikke under ein stol nei.

Men skal ein leite etter årsaker, og det skal ein vel gjerne i sjøfartsulykker…..ha ei sjøforklaring liksom, så må det vel vere at eg som den einaste var nøydt til å kome meg sjølv uti vatnet, medan samtlige andre hadde fått skubbehjelp. Når då baugen heng godt over vassoverflata og balanserer på sin smalaste egg…ja då kunne det knapt nok ikkje ha gjenge annleis.

Lukkelegvis hadde eg av ei eller anna årsak teke med meg delvis nytt skift, så etter å ha kava nokre minutt i vatnet for å prøve å kome meg opp att på land, forbi det supersleipe området nedst på landgangen, kom eg meg i det minste inn i litt mindre blaute klede. Og kunne omsider Naturas padletur våren 2007 ta fatt. (noko som jo også vart ein suksess om eg skal seie det sjølv).

(og om nokon skulle ha kjennskap til korleis det er å få dekka eit småblaut videokamera og mobiltelefon på reiseforsikring, så tek eg imot tips med glede) 😉

Småflørt?

Akkurat i det påska er eit tilbakelagd steg våren 2007, så opnar himmelens sluser seg og dekkjer heile marka att med (til nå) nærare 40 cm snø. Heilt lett puddersnå. Den beste ein kan få. Og sidan eg nok ikkje akkurat har sett pris på det stort sett fine påskeveret så langt i ferien min, så fann eg ut at det var like greit å hoppe i det…:) Men det varer vel neppe lenger enn til i morgon…

Snø #1

Eit tilbakeblikk…

I og med at eg i desse dagar er i ferd med å skriva ei oppgåve i historie, fann eg det relevant å plukka fram gamle album. Og med gamle, så meiner eg gamle. Det er ikkje kva dag ein ser 100 år gamle påskekort frå unaiten. Eg har teke bilete av nokre av dei som du kan sjå under her.

Postkort #3Postkort #2Postkort #5Postkort #1Postkort #4Postkort #6Postkort #7Postkort #8Postkort #9Postkort #10Postkort #11