Category Archives: Miljø

Datasenter – eit verdival

I Sirdal har me sett store utbyggingar før. Me har, som Espen Elg frå barnelitteraturen ville sagt det: erfaring.

Case in point: Sira Kvina.

Dei er på ballen igjen. Sjølv om dei endå ikkje (i alle fall om ein skal tru på Brattland sjølv) har bestemt seg for å satsa: sirdalmedia.no/2026/06/sira-kvina-vil-ruste-opp-for-framtida-tjorhom-pumpekraftverk-presentert-pa-apent-mote/

Det Greenscale, i samband med ordførar, varaordførar (bukken til havresekken…) og kommunedirektør presterer å gjera, er noko ganske anna!

Dette valet er ikkje eit val for eller mot 30 milliardar investert på Josdal og Tonstad.

Det er eit verdival, metaforisk og heilt konkret, for heile regionen. For heile straumområde 02. For framtidige generasjonar. For det norske samfunnet.

Når noko synest å vera for godt til å vera sant, som i dette tilfellet, kan det vera lurt å stikka fingeren godt i jorda og ta seg eit kvileskjer. Heile det norske skuleverket å utdannar folk til å vera kjeldekritiske. Takk og lov for det. Så gjeld det å ta denne lærdomen i bruk utanfor skuleverket…

Industriminister Rostoft opnar Tonstad kraftverk.

Å planta eit «Kristiansand» på Josdal, i form av ein straumhungrig koloss, som skal få sugerøyr inn i straumkjelda som i utgangspunktet vart oppretta for, for å sitera industriminister Rostoft i Tonstad kraftstasjon i 1963 (sjå vedlagd bilete), «[…] at 1,8 mrd kw/t elektrisk kraft, er klar til innsats for land og folk». Det rimer liksom ikkje heilt med utgangspunktet. Land og folk.

Så ser ein jo også, sidan me kan det i 2026, at over dammen er det ikkje mindre skepsis til datasenter.

Seinast 11.6.2026 sat Trump på sitt ovale kontor, omsmykka av ryggslikkarar med norskamerikanaren Sig Hansen (fiskeprogram på Discovery Channel) i spissen, og kunne fortelja at vindkraft (som norske Equinor har ein kjærleik for) på sjøen ikkje berre var ein nasjonal tryggleiksrisiko, men og ei marin krise for fisket. Tenk det. Trump har bortimot meldt seg inn i Bellona!

Kva Trump ynskjer i staden for Equinors grønvaskande vindmøller er velkjend med hans «drill baby, drill».

Ein kan med andre ord stå ganske trygt i det at dette er eit verdival. Ikkje berre for Josdal, Tonstad og Sirdal…men faktisk for heile verda!

Tryggleiksmessig er vel Ertsmyra allereie eit av Nordeuropas mest opplagde bombemål om ein skulle havne i den situasjonen. Slikt skal ein jo tenkje på. Beredskapen heime. Me er jo i totalberedskapsåret 2026.

Ein skal ikkje lenger attende enn til oktober 2022 før dette var ei greie på Tonstad. Og då var det ikkje datasenter der.

Ynskjer ei framand makt å skaka Tyskland eller England er det strengt tatt berre å sende ei drone til Josdal. Vips så har ein redusert «marknaden» sin tilgang på kilowattimar frå S02. Datasenteret vis a vis, vil i sin tur vera redusert til noko tilsvarande ein bilproduksjonshall i Detroit….eit tomt skal utan verdi.

Når no Musk sit på papirpengeverdiar tilsvarande 46 % av alle verdas fattigaste, er det neppe meir av det som har sett han, Bezos og Zuckerberg i sine situasjonar,  me treng. (www.billionaires.africa/2026/06/11/oxfam-details-the-danger-of-elon-musk-becoming-worlds-first-trillionaire/)

Me veit jo faktisk ikkje kven som er kundane til Greenscale. Det er sjølvsagt, i ein «marknad», hemmeligheitsstempla. I eit ope (me likar i alle fall å tru at det er det me har) sosialdemokrati som Noreg, er DET eit problem i seg sjølv. Det var det med verdival….

Jord og vatn

Regjeringa, på oppmoding frå FN, sette tidlegare i år sette fokus på jordvern.

Jordvern.

Ikkje jordliv altså. Men jordvern. Politikken har lagd nokre føringar for ordvalget her.

Men nok om det.

På denne kloden er det ein del jord, men mest vatn. Mesteparten av dette vatnet er salt, frose, forureina eller finst som vassdamp.

Heldigvis er det litt att igjen til oss slik at me kan nyttegjera oss av det i vår stadige jakt på auka matproduksjon. Trass i at opp mot halvparten av det me evnar å trylla fram av matvarer, aldri ender opp på middagsbordet. Mykje vert og nytta i kraftproduksjon, vassflasketapping, bilvasking, badebassengoppfylling….og lista kunne ha vore lang som eit vondt år.

Eller «som eit turt år», som dei gjerne seier i California. Der er dei no inne i fjerde året med turke. I morgong, 15 april, er den blaute vintersesongen offisielt slutt. Som eit resultat av det har Guvernøren i California innført vassrestriksjonar.

Det kunne ein høyra om på P2’s Kulturhuset i dag.

NRK har også hatt fokus på andre delar av verda som er i vasstrubbel. Brasil. Sao Paolo. Der hadde dei i februar den blautaste månaden sidan 1995, med alt det førde med seg av flaum og følgjene av slikt. No er det derimot stikk motsett der. Dei har ikkje lenger vatn.

I innslaget på Kulturhuset vart også snakka om effektane av vassmangel. Spesielt på det Afrikanske kontinent. Filmen «When the water ends» handlar om nett dette temaet.

Men også i Noreg har vi til tider problem med vatn. Før jul i 2014, var heile Noregs fokus retta mot Mannen, som til sist ikkje ville ned då media hadde linsa retta mot han. Her kunne litt god, gamaldags frostsprenging ha gjeve journalistar eit scoop, og fastbuande i lite hyggeleg julegåve.

Tidlegare i haust herja også vatnet her på vestlandet. Voss, Flåm og Odda var nokre av stadene som fekk kjørt seg etter uhorveleg mykje nedbør på kun kort tid.

Same året var også det motsette tilfelle. Som i Sao Paolo. Kven skulle vel tru at vi hadde turke her i Noreg?

Her kjem eit anna innslag frå NRK, og programposten Ekko, passande inn. I dette var biologar frå SABIMA (Samarbeidsråd for bilogisk mangfold) intervjua om myra si rolle i Noreg. Som habitat, og ikkje minst som svamp.

At me mister stadig fleire av vassbufferane her til lands er ei kjennsgjerning. Sammferdselsdepartementet turer på det ein kan, for å leggje til rette for at Finansdepartementet skal få best mogleg arbeidtilhøve (dvs. kortast mogleg tid frå A til B), slik at me kan halde plassen på GDP-lista.

Heilheitlig planlegging kallast det gjerne. Eit nytt selskap vert oppretta for å byggje endå fleire og rettare vegar, og så kjem rekningar flytande i ein vår eller haustflaum om nokre år. Då er det opp til det same storsamfunnet å hjelpe den vesle familien som stend der makteslause mot naturkreftene.

Festdag i heijen

Det kvapp i meg i dag etter min daglege røyndomssjekk i «heijen». Etter først å ha fundert litt på kva det enorme talet med skrukketroll der ute ville ha å seie for grøda, og vurdert kva slag som har skrukketroll på menyen, kikka eg i toppen av epletreet mitt. Og der, der sat årets fyrste marihøne og klukka lågt for seg sjølv. Midt inne i mellom blomar, blad og maur i vakker sameksistens gleda ho eit permakulturhjarta utan sjølv å ha den fjernaste aning om kva ho gjorde for meg, hagen og epletreet mitt.

image

På toppen av dette, meiner eg på at eg såg dei fyrste spirene av årets eigne sjølvplanta jordeple. Og så jordbera då….jordbera!

Rakettforsking

Det finst mykje teknologi som ikkje er merka Samsung, Apple, BMW eller Google. Lågteknologi er det kjent som, direkte omsett i frå utanlandsk. Men er det mindre verdt fordi om det ikkje er høgteknologi? «Kunnskapsnasjonen» Noreg burde driva forskning på slikt.

Det er spanande saker, og etter programmet «Nasjonal vedkveld» som gjekk på NRK for ei stund attende, tipsa eg Lars Mytting, forfattar av boka «Hel ved» om det som på engelsk heiter «rocket stove mass heater». Etter det eg minnest, uten å ha sjekka korrespondansen for 2013, meiner eg at han tykte det gjerne var ein type teknologi som ikkje heilt passa inn i heimane som ein finn i alle desse glosserte magasina.

Han har nok eit poeng. Men det ville vore artig å ha testa ut konseptet i Noreg. Sjå føre deg gratis varmtvatn på ein støl langt til heis utan at du treng å koka opp vatnet i ein halvtime! Og kva med straumforbruket? Varmtvatnet kunne verte kopla til ledningar i golvet for raskt, og heilt gratis gje varme der. Å! For ein draum.

Med andre ord…treng du arbeidskraft til eit prosjekt for å varme opp drivhuset, er eg gjerne med!

1 2 3 6