Fyrste dag, eller kveld, i haustferien glimtar til med gateljos som har teke kvelden. Difor kjennest haustmørkret ekstra godt og omfavnande.
I tillegg er det nok ikkje kvar år at ein klokka 21 kan stå ute i korterma. Makan!
Innlegg som ikkje fell inn under nokon spesiell kategori.
Fyrste dag, eller kveld, i haustferien glimtar til med gateljos som har teke kvelden. Difor kjennest haustmørkret ekstra godt og omfavnande.
I tillegg er det nok ikkje kvar år at ein klokka 21 kan stå ute i korterma. Makan!
To gonger har eg hatt konto på Facebook. Ein gong før “alle”, og ein gong etterpå fordi det utvikla seg i den retningen.
“Å, det er langt å gå”, syng Klovner i Kamp. Kven veit om ein kjem i “mål” på Facebook. Men ein ting er sikkert…ein kan alltid gå attende.
Og det er det eg no har gjort. Til min gode, gamle blogg. Den har vorte litt oversett dei seinare åra. Det heng jo sjølvsagt også saman med andre ting enn Facebook, men når eg kikker oå gamle kladdar, så er det klart at det er ting og ta fatt på.
Let the show begin…
Det er rart det der livet. Kor skjørt og uforutsigbart det kan vera.
I kveld sit eg her med grøtskåla ved sida av meg. Poden ligg oppe og har omsider sovna. Han har feber. Har hatt det eit par dagar. Ville ikkje ha særleg mykje graut i kveld, ikkje noko anna heller for den del. Dadlar var derimot innafor som kveldssnacks.
Sambu er ute på julegåvekonsert. Susanne Sundfør. I konserthuset. Det har ho fortent. Susanne altså. Å spele for mor til son min. Vonar ho gjer det godt, for avkobling har det ikkje vore overflod av siste 20 månadar.
Men slik har det altså vorte. Og det rare er jo det, at eg kunne ikkje ha ynskja meg det annleis. Det fantastiske er at eg kunne ikkje drøymd det betre, langt mindre planlagd ting slik som det har vorte.
Eit lita helsing, eller stemningsglimt frå joledagen. Jim Reeves sler an tonen med sine klassikarar.
#Likmeg er det nye skigardsteiknet frå NRK rett før sumaren etter alle spådomar skal ta til. Om dette nøkkelordet seier NRK sjølv:
- NRK setter søkelyset på utseendepresset mange unge føler, konsekvensene av det og årsakene til det.
- Gjennom #likmeg har alle som vil mulighet til å dele meninger, kommentarer, opplevelser og bilder.
- På vegne av NRK har Norstat gjennomført en spørreundersøkelse. Et representativt utvalg på 500 unge mellom 15 og 29 år er blant annet spurt om hvordan de ser på sitt eget utseende og hva som påvirker dem.
- Ifølge undersøkelsen ønsker 13 prosent av jentene og kvinnene å forandre på utseendet ved hjelp av kosmetisk kirurgi og injeksjoner. Fire prosent av guttene og mennene svarer det samme.
- Tilsammen 5 prosent av de spurte oppgir at de har fått utført kosmetisk kirurgi eller injeksjon, der jentene utgjør 6 prosent og guttene 4 prosent.
Fyrst av alt. Datagrunnlaget for denne undersøkinga som Norstat har gjort er uråd å finna. Når det er sagt, så er det litt av ei vinkling journalistane gjer her. 13% av jentene ynskjer å endre på utsjånaden. Det tyder at 87% er NØGD med utsjånaden sin. Skulle berre mangle. Spør ein utanlandske menn, er norske damer noko av det flottaste ein ser.
Siste punktet over er også merkeleg. 5% har altså utført kosmetisk inngrep. 6% av desse er jenter. Samstundes er 4% gutar…kven/kva er då dei resterande 90% som har utført slike inngrep?
Men nok om det. For i same tidsperioden, men på ei ganske anna side av landet enn det Eirin Aardal, Oda Marie Midbøe, Maria Knoph Vigsnæs og Marit Gjelland held til om dagen, melder NRK Rogaland at ungdom gjer sunnare val i kvardagen enn nokon gong.
I tillegg hadde den dynamiske duoen på Ullandhaug Skjæveland og Kvindesland eit edrueleg intervju med stortingspolitikar Sveinung Stensland (rett nok ikkje ein ungdom lenger) der han fortel om det VG har skrive om han i samband med at han har redusert på fotavtrykket sitt i det siste.
Det som er litt finurleg å merka seg, er journalistane bak desse sakene.
#Likmeg synest å vera eit oppkok frå fire unge damer, mange (eller alle?) med bakgrunn frå journalistutdanninga i Volda. VG si sak, som på ein måte er motvekta til #Likmeg, er herrane Skarvøy, Mosveen og Bringsdal. Gjer eg med å poengtera dette til ei sak om kjønn? Om land og by? Om navlebeskuande journalistikk i den hippe og kule Oslogryta? Ikkje veit eg! Men når 87% av ungdom som nemnt er nøgde med kroppen sin, ja då er vel eigentleg dette eit ikkje-sak. Agurknytt kunne ein gjerne ha kalla det. Om det var sumar. Det er det ikkje endå.
Og så til sist. Handlar #Likmeg om å lika nokon for den ein er? Eller handlar det om at ein vil vera lik andre?
Men noko om det. I motsetnad til Audun Lysbakken, som før ungen sin med å skriva bok i farsperisjonen, har eg eit surdeigsbrød å ta meg av no. #ikkjeungdomlengerogetsomegvil
2015.06.09 – http://www.nrk.no/rogaland/ungdomen-har-sunne-lunsjvanar-1.12399364
2015.06.10 – http://www.nrk.no/norge/en-av-ti-unge-vil-endre-pa-utseendet-1.12399764
2015.06.10 – http://www.nrk.no/norge/ungdommer-er-lei_-_-utseendepresset-er-umulig-1.12399890
2015.06.10 – http://www.nrk.no/norge/derfor-er-vi-misfornoyd-med-utseendet-1.12399811
2015.06.11 – http://www.nrk.no/norge/mener-kroppshysteri-blant-unge-er-et-folkehelseproblem-1.12403112
2015.06.11 – http://www.vg.no/forbruker/helse/hoeyre/hoeyres-helsepolitiker-gikk-ned-22-kilo-paa-tre-maaneder-folk-maa-bare-skjerpe-seg/a/23468447/
Start desse to videoane på likt….