Rakettforsking
Det finst mykje teknologi som ikkje er merka Samsung, Apple, BMW eller Google. Lågteknologi er det kjent som, direkte omsett i frå utanlandsk. Men er det mindre verdt fordi om det ikkje er høgteknologi? “Kunnskapsnasjonen” Noreg burde driva forskning på slikt.
Det er spanande saker, og etter programmet “Nasjonal vedkveld” som gjekk på NRK for ei stund attende, tipsa eg Lars Mytting, forfattar av boka “Hel ved” om det som på engelsk heiter “rocket stove mass heater”. Etter det eg minnest, uten å ha sjekka korrespondansen for 2013, meiner eg at han tykte det gjerne var ein type teknologi som ikkje heilt passa inn i heimane som ein finn i alle desse glosserte magasina.
Han har nok eit poeng. Men det ville vore artig å ha testa ut konseptet i Noreg. Sjå føre deg gratis varmtvatn på ein støl langt til heis utan at du treng å koka opp vatnet i ein halvtime! Og kva med straumforbruket? Varmtvatnet kunne verte kopla til ledningar i golvet for raskt, og heilt gratis gje varme der. Å! For ein draum.
Med andre ord…treng du arbeidskraft til eit prosjekt for å varme opp drivhuset, er eg gjerne med!
Nepal
Lyden av ingenting (the sound of silence)
Sepp Holzer
Forma av hender
Kom over ein fin kortfilm som portretterer Vince McIntyre. Han driv jordbruk i Canada, men er opprinneleg frå Irland. Vince driv på gamlemåten slik han hugser det i frå barndommen i Irland.
God jul
Matprat i adventstida
No nærmar vi oss med stormskritt (bokstaveleg talt) den tida i året då Nordmenn fråtsar mest oppi matfatet. Vi får stadig høyre at vi kastar meir og meir mat kvart år. Eit særs konkret prov på dette, er den daglege kolonnekøyringa med kråker som flyg over hustaka på veg ut til gjenvinningsstasjonen på Sele.
Michael Pollan har sagt nokre ord om matproduksjonen i verda. Dette har no vorte visualisert på artig vis i den videoen som er nedom.
Kanskje noko ein skal leggje seg på minnet no, i den søte juletid…