Monthly Archives: mars 2025

Vinterlikning

Vinter er gjerne ikkje det dei ein gong var. Medan me i fjor på denne tida koste oss i haugevis av kvit, mjuk snø, er kontrasten grell no eit år seinare.

Vår lokale Tobias i Tårnet har etter det rykta seier ikkje sett ein mindre snørik mars sidan 1936.

I 1936 var det lite skitrekk her. Ikkje særleg med hytter heller. Dei ville vel i dag knapt ha vorte kalla ein vedskut.

Det er rart å tenkje attende på. Far min var då like gamal som dotter mi er i dag.

This image has an empty alt attribute; its file name is dji17430104989921910375500601386403-1024x576.jpg
03. april 2024
26. mars 2025

Til Sirdal kommunestyre

I dag engasjerte eg meg litt politisk. Denne e-posten forfatta eg til mine lokalt tillitsvalgde. Så får ein sjå om ein får noko ut av det….

Hei

Eg ynskjer å spele inn eit emne eg har vore i kontakt med kommunens administrasjon om tidlegare. For meg som innbyggjar i Sirdal, vert det verre og verre å sjå på at Sirdal stilletiande stør opp om det som meir og meir liknar på eit statskupp i USA…og potensielt også andre land.

Facebook og X fungerer tilsynelatande som eit ekkokammer for fascistar og MAGA-tilhengjarar.

I Tyrkia har Elon Musk sitt X no blokkert opposisjonens kontoar på nemnde fora.

I Noreg gjeng tidlegare utenriks- og statsminister Torbjørn Jagland ut, og frontar ein, etter mitt vit, veldig sunn skepsis mot Facebook, X og andre amerikanske tech-gigantar;

«Jeg vil ikke lenger være del av de amerikanske tech-gigantenes algoritme-manipulerte plattformer. De er en stor fare for verden.»

Alt i september 2024, same månad som Sirdal kommune (…omsider. Veldig seint til festen!) oppretta konto på X, var eg i kontakt med administrasjonen angåande dette temaet. Eg problematiserte tilstadeveret der. For det ER problematisk. Av moralske og etiske årsaker, å vera til stades på desse kanalane slik me ser utviklinga gå føre seg i «verda utanfor«.

Eg bed samtlege folkevalde parti i Sirdal kommunestyre fremja ei felles sak, der ein følgjer etter Jagland. Der ein gjer eit aktivt moralsk og etisk val omkring tilstadeveret vårt på internett.

Ver med Europa, og resten av den frie demokratiske verda me kvar dag kjemper for at alle skal få oppleva, og set eit lite, men tydeleg standpunkt:

Avslutt alle kontoane på Facebook og X. I dag!

Fokuser i staden på eigen nettstad, og gjer den så god han kan bli, i staden for å spreia energien i alle retningar. Følg opne standardar med eiga heimside, som kommunen sjølv har kontroll på. Gjer den tilgjengelg for alle med. Nytt RSS, ActivityPub m.m og gjer informasjon om Sirdal tilgjengeleg for «Sirdølen». Ikkje for Musk, Bezos og Zuckerberg.

På førehand takk.

– Torger Åge Sinnes

He du haure det jede?

Det ovantsåande er eit velkjend utsagn blandt eldre folk frå øvre Sirdal. Ein kan jamvel også høyra bortimot same utsegnet på flatlandet på jæren.

RSS har i mange år vore ei av mine hjartesaker. Heilt sidan Google fortsatt var heltar, og stod bak kanonprogram som Picasa og Google Reader, har eg vore ein fast brukar av denne opne nettstandaren.

I starten vart det til at eg nytta RSS til å fylgje med på veners bloggskriving. No til dags er det helst to behov som vert dekka.

Newsboat er ein terminalbasert RSS-lesar som eg nyttar (eg er linux-brukar. Debian.) Denne lesaren har eg kopla til programmet mpv. I Newsboat har eg putta inn alt eg er interessert i å sjå av Youtube-filmer. Newsboat sjekker så rundt på alle kanalane eg følgjer med på, og listar opp dei siste oppdateringane.

Newsboat – terminalbasert RSS-lesar. Her nytta for å sjå på Youtube. Reklamefritt.

FreshRSS er min go-to-lesar for å halda meg oppdatert på alt av tekst. Bloggar, avisar, kommunalt nytt, oppdateringar frå Regjering, Storting og departement, Reddit, teikneseriar….alt mogleg som har RSS-straum og som har litt interesse or meg, det puttar eg inn der.

Youtube har gøymd sine RSS-kjelder godt. Men andre, NRK, Stortinget og Regjeringa, har gjort dei ganske godt tilgjengelege.

Mange stader finn du RSS-ikon du kan klikke på, for å finne RSS-addressa.

I min nettlesar, den norske Vivaldi, finn nettlesaren ofte ut om det er RSS-kjelde på nettsida. Då poppar det opp eit lite ikon i adressefeltet. Det heilt til venstre under. Prikken med dei gråe regnbogane.

Nettlesaren har jamvel også ein innebygd RSS-lesar.

Men det som var utgangspunktet for akkurat denne vesle bloggposten, var helst at eg i dag gjorde noko eg har fundert på lenge. Eg vil gjere det letare for vener og kjende å nytta nettopp RSS.

Så eg registrerte domenet jede.no. Med utgangspunkt i det gamle uttrykket «he du hare det jede?» «Har du høyrt det?».

Med lagring hjå den gamle Sirdølen Sturla Josdal, i hans Subsys.no, fekk eg ganske raskt ei lita nettside opp og gå, der ein kan registrera konto. Då har ein med eitt ei nettside å sjekke RSS på. På Android-telefonar, kan ein installera denne nettsida, slik at ho ser ut som ein «vanleg» applikasjon på telefonen.

Så har du ikkje testa RSS-før…..vel….du kjem til å få eit mykje betre liv. Slutt på å bli eksponert for all slags reklame. Ikkje meir vidareklikking på andre ting. Kjapp oppdatering på siste nytt.

For dei med over snittet stort interesse for Sirdal og nærområda, har eg samla saman ei fil du kan importera inn i nettløysinga på jede.no med eit godt utval av RSS-kjelder som omtalar Sirdal.

Spørsmålet er berre: do you choose the blue pill, or the red pill?

RSS i 2025

Store Norske Leksikon har ein artikkel om RSS som eg tykkjer treng litt oppdatering. Så eg sende artikkelforfattaren ein liten notis. Så får ein sjå om det har noko å seie…

Hei.

Las akkurat gjennom teksten din om RSS på SNL.no (https://snl.no/RSS)

Den norske nettlesaren Vivaldi (basert på Chromium) har RSS-lesar integrert.

I tillegg får du opp RSS-kjelder på ein veldig oversikteleg måte.

Verdt å nemna om RSS, som eg saknar, er at Youtubekanalar er RSS-kjelder.

Handelshøgskulen, BI, sin RSS-straum på Youtube, er til dømes: https://www.youtube.com/feeds/videos.xml?channel_id=UCkD68_FrlQ7BvZi3VcpjOPw

Musikkinteressert? Kva med Jacob Collier i RSS-lesaren? https://www.youtube.com/feeds/videos.xml?channel_id=UCtmY49Zn4l0RMJnTWfV7Wsg

I dagens medierte verd, der kjeldekritikk er vorte meir og meir aktuelt, synest eg og det er verdt å nemne både Regjeringa (https://www.regjeringen.no/no/sok/id86008/?term=rss) og Stortinget (https://www.stortinget.no/no/Stottemeny/RSS/) sine RSS-løysingar. Her kan eg få forsvar, landbruks eller utdanningsnytt rett i frå hovudkjelda.

Eg les nyhende utelukkande via min RSS-lesar, vha. FreshRSS. Då får eg kjapt overblikk, og treng ikkje utsetta meg unødig for reklame og «neste, neste, neste».

Youtube ser eg og vha. RSS. Eg har putta RSS-straumane til kanalane eg følgjer, inn i programmet newsboat (linux). Dette hentar ned nye videoar, og eg kan sjå dei utan å verte freista av andre clickbaits…..OG eg slepp reklamen!

Det er godt for sjela….