Category Archives: Personleg

Føringane er lagde

I dag har eg, etter å ha rådført meg med slekt og vener, teke ei avgjersle som vil ha særdeles stor innverknad på min kvardag. Eg har bestemt meg for å takka ja til mi første lærarstilling. For fyrste gong i mitt liv skal eg ta fatt på eit arbeide som eg etter dette samfunnets tradisjonar skal vera utdanna til.

Det vert utan tvil ein heidundrande overgang frå det ansvarslause studentlivet i Volda, men det er vel så smått på tide etter kvart. Det spørs vel gjerne og om eg ikkje for fyrste gong på 27 år må endra postadressa mi!

Frå hausten av vert eg å finna på ein skule i Sandnes Kommune. Der skal eg vera klassekontakt for ei 5. klasse. Eg fann ut at det var det tryggaste valet om noko kan kallast det. Dessutan vonar eg at tilhøva er slik som eg innbillar meg at dei er ved skulen. Eg har i alle fall god tru på korleis mitt nye liv no skal verta.

Elles driv eg litt fantasifull surfing på finn.no etter ein stad å bu. Spørsmålet er om ein skal kjøpa, eller om ein skal velje å leiga for ei lita stund. Tross alt så er det ikkje sikkert at eg kjem til å trivast, sjølv om eg nok trur det. Uff nei det vert mykje å ta tak i framover, men fyrst av alt skal eg sørga for å ha ein fin sommar der eg vonar at eg vil få gode opplevingar både heime og i utlandet!

Valgets kvalar

Somaren ligg framføre meg, men før eg kan kasta meg ut i den og verkeleg nyta at nok ein epoke i livet mitt er over, må eg gjera nokre val.

Fram til i dag tidleg hadde eg eigentleg planane klare. Eg visste kvar eg ville havne, og eg hadde til og med så smått starta å fabulera litt om å kjøpe hybel. Men så heilt ut av det blå dukkar det opp endå eit alternativ…eit godt alternativ og! Ei avstemming kunne kanskje vore på sin plass? Så difor har eg lista opp nokre moment som eg ser på som viktige…ta ein kikk på dei, og legg så att stemma di i boksen til venstre på sida. Det eg i alle fall slepp å tenkja på, er om eg kjem til å ha arbeid til hausten eller ikkje!

#1
– Klassekontakt 5. trinn
– Fast stilling
– Nytt skulebygg
– Sentralt
– Slepp å settja karakterar

#2
– Klassekontakt 8. trinn
– Vikariat meg mogleheit for forlenging
– Forsøksskule
– Projektor i kvart klasserom
– Inndelt i økter (2 «timar» før lunsj, og 2 etter)
– Startløn med 4 års ansenitet

Fysisk fostring når nye høgder

Helle klarte å lokka meg med på ei superkjapp (til meg å vera) tur opp på Rotsethornet i kveld. 649 meter over havet. 2 timar dør til dør vart det vel sånn omtrent, med ein innlagt pitstop på Rimi på veg heim att. Sola forsvann diverre rett før me sette avgarde, så den sensasjonelle solgladinga eg hadde førespegla meg vart det ikkje noko av. Men ein alle tiders aktivitet å finne på i Volda ein sånn middels fin maikveld, det må det seiast å vera!

Naturatur (kajakk) 2008

11 turstemte sjeler var fredag 9. mai klar for å leggja dei sunnmørske fjordar under årene og ta fatt på ein liten padletur frå Eiksund til Ulsteinvik. Sol, så og sei vindstille og mange, herlege varmegrader var spådomane frå oven i forkant av hendinga. Alt låg med andre ord til rette for ein heidundrande tur med fine menneske i fin natur.


(NB! Får du ikkje opp dette biletgalleriet? Prøv med det gode gamle)

Vårslepp

I takt med den stadig aukande vassføringa i bekkane ned frå Rotsethornet, lauvspretten som grønkar på trea og sola som sig stadig sienare ned i havet utanfor Fosnavåg er go’formen min sakte men sikkert i gang med å koma på plass att. Det same skjedde i fjor. Då våren slo inn, gjekk det trill rundt for Torger Åge og han starta å springa rundt Rotevatnet. Det kan forsåvidt lanserast mange teoriar om grunnen for at dette teiknet på sinnsjukdom inntrer i unge Sinnes» liv, men det spørs nok om det ikkje er særleg mykje verre enn eit ynskje om å gjera seg fjong i fjørene. Bonusen er jo etter det eg har høyrd at ein skal få himla mykje meir energi…eg ventar framleis.

Men det er ei fin løype eg spring. Snaue 7 kilometer rundt Rotevatnet med fantastiske lukter, mulighetar for observasjonar av all slags dyerliv og god tid til å tenkje på litt av kvart…joda. Det er nok noko som kjem til å stå att som eit sakn om ein liten månad når eg ikkje lenger skal få vera her nord.

I enden av [Eiksund]tunellen

No går verkeleg mot slutten. Vårens vakraste eventyr i Volda, Dokfilm er over oss her på Sunnmøre. Og med den, så kjem fort eksamensstresset på slutten. Det er siste året i Volda for min del, så då tenkte eg at ein liten lydsnutt frå fjorårets VEKA-revy her i bygda ville vera på sin plass. Ein som kort, men særs godt oppsummerer dei fire flotte åra eg har hatt her nord.

[audio:voldasangen.mp3]

Rundtur til Runde

På søndag drog eg, Raymond, Magnus, Ellen og Amalie på biltur ut til Runde. Det var ein kombinert friluftsliv/testing av Eiksund-sambandet-tur, og alt låg til rette for ei fantastisk utflukt…noko det og så absolutt vart. Her er nokre av bileta som Magnus, Ellen og Raymond kom heim att med.
















Eksamensironi

Eg står framfor eit val. Den 25 mai er siste innleveringsfrist for dei arbeida som skal vera gjort i mine tre IKT-emne. I to av desse (IKT122 & IKT126) skal eg ha mappeeksamen. Det tyder at nokre av dei arbeida eg har gjort i løpet av semesteret vert trekt ut og skal danna grunnlaget for min karakter. I det siste emnet, IKT123, går eksamen ut på at eg skal laga ein pedagogisk nettstad om eit eller anna og publisera denne på Internett. I tillegg skal eg ha ein munnleg presentasjon av denne. Den munnlege presentasjonen har vorte sett til 16 og 17 juni. Med andre ord bortimot ein månad etter at eg har siste innlevering, og ganske nøyaktig ein månad etter at eg er ferdig med siste obligatoriske undervisningstime.

På grunn av dette har jo ikkje eg lenger så mykje å vera att for her i Volda no. Skulen er ferdig, og då har eg ikkje meir som held meg her. Tanken var då å seia opp hybelen tidleg og pakka bilen for å returnere til mine kjære dalstroka innafor. Men…sjølvsagt er det eit men. Det er Høgskulen i Volda eg snakkar om. Eksamen vart altså sett den 16 juni. Det medfører at eg må ha ein stad å bu fram til då. Skulle eg hatt hybelen fram til den 16 måtte eg ha betalt full pris i juni månad. Men no har eg sagt han opp til den 15, så eg «slepp» med halve månaden. Sjølve eksamenen går ut på å munnleg presentera den nettstaden som eg har laga.

Difor føreslo eg for min lærar at eg som eit resultat av den situasjonen eg er i akkurat no, var villeg til å driva litt innovasjon her på Høgskulen i Volda gjennom å ta den munnlege presentasjonen via Skype. Den fyrste tilbakemeldinga var ikkje akkurat oppløftande. Læraren sette i gang å snakka om kvar ein kunne få den billegaste flyreisa frå…vidare nemnde han (etter å ha sett at eg har 38 som telefonnummer) at eg kanskje kunne få gjønomføra eksamen ved hjelp av Universitetet i Agder si videokonferanseløysing. Eg forklarte jo sjølvsagt at det nok ville vera enklare for meg å til nød dra til Stavanger, men at Skype for meg ville vera ei langt enklare løysing, og at teknologisk sett så ville det ikkje vera noko forskjell. Eg tvilar jo sjølvsagt, men for sikkerhets skyld spurde eg om det på ei slik framføring, der eg har produsert det eg skal presentere sjølv, var eit krav at eg var fysisk til stades. Svaret kom vel aldri.

I alle fall endte det opp med at eg fekk overtalt læraren til å gjere eit forsøk på å laste ned og innstallere Skype (noko han sjølvsagt ikkje hadde innstallert), og så gje meg eit lite vink når han hadde fått gjort dette. Slik kunne me testa denne løysinga eg føreslo.

Eg tykkjer berre det at det er ufatteleg ironisk at slikt skal vera eit problem på eit fag som heiter IKT i Læring der nettopp bruk av IKT i skuleverket er det som er kjerna.

Frukostmeny

I den seinste tida har eg utfordra meg sjølv på frukostfronten og utvida menyen min med porsjonspakkar av makrell i tomat. Erfaringane frå sist gong eg våga meg ut på slike kuliniske krumspring tilsa at det nok var lurast å starta med fiiiiinhakka makrell i tomat. Dette har gått ganske godt. Det er jo faktisk ikkje så galt.Flykrasj

Eg fann difor ut at det no var på tide å ta eit steg vidare. Porsjonspakkane har jo ikkje akkurat studentprisar. Difor slengte eg ein tradisjonell flykrasj-boks i handlekorga sist eg var på Rimi. No er han fortært. Og eg har lært meg ein hugseregel. Å starte dagen med dette urnorske(?) pålegget er ikkje eit triks. Den mentale utfordringa det er å svelgja brødskiva forbi drøvelen utan at det skal koma i kjapp retur er rett og slett for mykje så tidleg på morgonen!

Så for min eigen del vil altså ein leveregel i framtida vere å utsettja fortæring av flykrasj til godt etter klokka 1600.