Tagged in: trening

Fysisk fostring når nye høgder

Helle klarte å lokka meg med på ei superkjapp (til meg å vera) tur opp på Rotsethornet i kveld. 649 meter over havet. 2 timar dør til dør vart det vel sånn omtrent, med ein innlagt pitstop på Rimi på veg heim att. Sola forsvann diverre rett før me sette avgarde, så den sensasjonelle solgladinga eg hadde førespegla meg vart det ikkje noko av. Men ein alle tiders aktivitet å finne på i Volda ein sånn middels fin maikveld, det må det seiast å vera!

Vårslepp

I takt med den stadig aukande vassføringa i bekkane ned frå Rotsethornet, lauvspretten som grønkar på trea og sola som sig stadig sienare ned i havet utanfor Fosnavåg er go’formen min sakte men sikkert i gang med å koma på plass att. Det same skjedde i fjor. Då våren slo inn, gjekk det trill rundt for Torger Åge og han starta å springa rundt Rotevatnet. Det kan forsåvidt lanserast mange teoriar om grunnen for at dette teiknet på sinnsjukdom inntrer i unge Sinnes’ liv, men det spørs nok om det ikkje er særleg mykje verre enn eit ynskje om å gjera seg fjong i fjørene. Bonusen er jo etter det eg har høyrd at ein skal få himla mykje meir energi…eg ventar framleis.

Men det er ei fin løype eg spring. Snaue 7 kilometer rundt Rotevatnet med fantastiske lukter, mulighetar for observasjonar av all slags dyerliv og god tid til å tenkje på litt av kvart…joda. Det er nok noko som kjem til å stå att som eit sakn om ein liten månad når eg ikkje lenger skal få vera her nord.