Fugtighet i nye boliger fordriver sikrest med glødende kul, som anbringes i en jerngryte. Den kulsyre som derved utvikler sig, træder i forbindelse med kalken med kalken og driver energisk fugtigheten ut av murkalken.
Category Archives: Moro
Ein smule forvirra
Med litt ekstra tid å slå ihjel etter ein fantastisk flott tur tili Geirangerfjorden, varte det til at den glade turgjengen frå AA-studiet stoppa opp då dei kom over ein gamal støl for å ta seg ein liten fotoseanse. Magnus er ein rev på fotofikling, og har laga dette flotte biletet under!
Meir bilete er å finna i galleriet
Varme indlægssaaler
Varme indlægssaaler gavner paa to maater: for det første holder de føttene varme, og for det andet skaaner de strømpene meget. Av de anvendelige dele av fine, slitt, vævede strømper klipper man saalene til efter et papirmønster og stikker det paa symaskinen til en tynd kartonsaale. Paa samme maate kan man lage indlægssaaler av smaarester av klæde, plysj, fløiel osv. Man kan ogsaa hekle dem i faste masker av oprevelet garn av gamle, haandstrikkede strømper. Man vinder da det optrevlede garn om et stykke bord el. lign., gjør det fugtig og lar det tørke. Garnet blir da atter glat, og man hekler med det og ind ved kantene, naar det behøves. Man kan ogsaa godt lage indlægssaaler av et ikke for tykt paplok, som man klipper til og syr et stykke tøi ovenpaa.
Ny duppeditt!
Eg har fått meg eit nytt leiketøy. Litt retro kanskje, men eg er jo inne i ein periode der eg fornektar ein del nymotens teknologi som til dømes mobiltelefonar, så eg anser meg sjølv som unnskyldt.
«Dingsen» eg har fått meg er ein Dymo LabelMarker. Den har som einaste formål i livet å forsyna meg med kule striper med tekst som eg kan klistra overalt der eg måtte ynskje.
Middel mod blodforgiftning
Man dypper det baskadigede sted i sur melk eller kjernemelk, som blir ganske varm av det og maa fornyes to eller tre ganger. Ogsaa godt mot ormebit.
Folkeleg matematikk og litt til
[youtube:http://youtube.com/watch?v=IOJCYTkATZU]
Naturatur (kajakk) 2008
11 turstemte sjeler var fredag 9. mai klar for å leggja dei sunnmørske fjordar under årene og ta fatt på ein liten padletur frå Eiksund til Ulsteinvik. Sol, så og sei vindstille og mange, herlege varmegrader var spådomane frå oven i forkant av hendinga. Alt låg med andre ord til rette for ein heidundrande tur med fine menneske i fin natur.

(NB! Får du ikkje opp dette biletgalleriet? Prøv med det gode gamle)
Frugtflækker
Flekker av frisk frugt paa linnet gaar let av, naar man breder tøiet paa det sted hvor flekken er, stramt ut over en dypp skaal og derpaa ganske langsomt drypper kokende vand derpaa. Litt efter litt forsvinder flekken helt.
Vårslepp
I takt med den stadig aukande vassføringa i bekkane ned frå Rotsethornet, lauvspretten som grønkar på trea og sola som sig stadig sienare ned i havet utanfor Fosnavåg er go’formen min sakte men sikkert i gang med å koma på plass att. Det same skjedde i fjor. Då våren slo inn, gjekk det trill rundt for Torger Åge og han starta å springa rundt Rotevatnet. Det kan forsåvidt lanserast mange teoriar om grunnen for at dette teiknet på sinnsjukdom inntrer i unge Sinnes» liv, men det spørs nok om det ikkje er særleg mykje verre enn eit ynskje om å gjera seg fjong i fjørene. Bonusen er jo etter det eg har høyrd at ein skal få himla mykje meir energi…eg ventar framleis.
Men det er ei fin løype eg spring. Snaue 7 kilometer rundt Rotevatnet med fantastiske lukter, mulighetar for observasjonar av all slags dyerliv og god tid til å tenkje på litt av kvart…joda. Det er nok noko som kjem til å stå att som eit sakn om ein liten månad når eg ikkje lenger skal få vera her nord.


