Eg har fått meg eit nytt leiketøy. Litt retro kanskje, men eg er jo inne i ein periode der eg fornektar ein del nymotens teknologi som til dømes mobiltelefonar, så eg anser meg sjølv som unnskyldt.
“Dingsen” eg har fått meg er ein Dymo LabelMarker. Den har som einaste formål i livet å forsyna meg med kule striper med tekst som eg kan klistra overalt der eg måtte ynskje.