Category Archives: IKT

Denne kategorien innheld, som namnet kanskje fortel, ting som tek føre seg IKT-spørsmål.

RSS i 2025

Store Norske Leksikon har ein artikkel om RSS som eg tykkjer treng litt oppdatering. Så eg sende artikkelforfattaren ein liten notis. Så får ein sjå om det har noko å seie…

Hei.

Las akkurat gjennom teksten din om RSS på SNL.no (https://snl.no/RSS)

Den norske nettlesaren Vivaldi (basert på Chromium) har RSS-lesar integrert.

I tillegg får du opp RSS-kjelder på ein veldig oversikteleg måte.

Verdt å nemna om RSS, som eg saknar, er at Youtubekanalar er RSS-kjelder.

Handelshøgskulen, BI, sin RSS-straum på Youtube, er til dømes: https://www.youtube.com/feeds/videos.xml?channel_id=UCkD68_FrlQ7BvZi3VcpjOPw

Musikkinteressert? Kva med Jacob Collier i RSS-lesaren? https://www.youtube.com/feeds/videos.xml?channel_id=UCtmY49Zn4l0RMJnTWfV7Wsg

I dagens medierte verd, der kjeldekritikk er vorte meir og meir aktuelt, synest eg og det er verdt å nemne både Regjeringa (https://www.regjeringen.no/no/sok/id86008/?term=rss) og Stortinget (https://www.stortinget.no/no/Stottemeny/RSS/) sine RSS-løysingar. Her kan eg få forsvar, landbruks eller utdanningsnytt rett i frå hovudkjelda.

Eg les nyhende utelukkande via min RSS-lesar, vha. FreshRSS. Då får eg kjapt overblikk, og treng ikkje utsetta meg unødig for reklame og «neste, neste, neste».

Youtube ser eg og vha. RSS. Eg har putta RSS-straumane til kanalane eg følgjer, inn i programmet newsboat (linux). Dette hentar ned nye videoar, og eg kan sjå dei utan å verte freista av andre clickbaits…..OG eg slepp reklamen!

Det er godt for sjela….

RSS – eit nettliv utan reklame

RSS er måten eg held meg oppdatert på store og små ting via nettet på. Det har det vore i mange år.

Alle fyrst var det Google Reader som gjaldt. Det var før Google vart…onde? Så la dei ned Google Reader. (Picasa, verdas beste bilethandsamingsprogram og, men det er ein anna bloggpost). Ut av det fekk me Feedly. Feedly finst som både nettside, og applikasjon til telefonen. Og det fungerer fint.

Men, og i 2025 er dette eit stort men. Feedly er ei sentralisert teneste som andre har kontroll på. Dei kan altså gjera som dei vil med tenesta. På godt og vondt. Det likar eg ikkje.

Så dermed byttar eg ut Feedly også. Med Newsboat. Newsboat er fantastisk! Newsboat er tekstbasert. Og med Newsboat kan eg og putta inn dei kanalane eg er interessert i på Youtube, og sjå dei der (men igjen, ein anna bloggpost). Bakdelen med Newsboat er at eg ikkje (så lett) kan nytta det på smarttelefonen. Resultatet her, er at Youtube får leva vidare i Newsboat, medan eg tek med meg alt av tekst vidare, på leit etter nok ein RSS-lesar.

Mine RSS-kjelder innanfor kategorien "Nyhende"

Og då er me komne fram til løysinga i 2025. FreshRSS.

FreshRSS er som Google Reader, Feedly og Newsboat eit program som sankar inn alt eg har av RSS-kjelder, og presenterer dei for meg på ei side, slik at eg slepp å klikka meg rundt på alle bokmerka for å sjå etter oppdateringar.

Berre i kategorien «nyhende» har eg eit relativt stort utval som leiter etter siste nytt. I tillegg kjem hobby-kjeldene, kjeldene som har med borna mine å gjere (skule, fritid etc), bloggar (ja…nokon driv med det også i 2025) og ei rekke ukategoriserte kjelder som…ja…det kan jo vera nokon (1, 2) skriv på bloggen sin att ein gong?

Etter at Politiet tok til vitet og droppa TwitterX til fordel for eigen….PLOG(?), har også dei moglegheiten for RSS att. Noko som gjev innbyggjarane betre tilgang til informasjon. Det må vel vera målet i eit demokrati?

NRK har ei oversikt over sine RSS-kjelder som du kan følgje. Her er det mykje å velgje i. Ikkje alt er like interessant. Sports-RSS’en kan du til dømes ha for meg…

Stortinget har og ei fantastisk løysing der du kan plukke ut kva du enn måtte ha av interesse politisk. Med desse går du altså rett til kjelda, i staden for å få sakene presentert av NRK/TV2/Aftenposten/Aftenbladet/VG/Dagbladet.

FreshRSS er noko eg kontrollerer sjølv. Eg har ei lita datamaskin som står på heile tida. Det er min vesle datapark. Til å starta med installerte eg FreshRSS på ei datamaskin åleine. Men eg «treng» fleire program. Difor har eg installert linux debian-versjonen Yunohost, og deretter installert FreshRSS. Andre RSS-lesarar er og tilgjengelege her, men eg har endt opp med den.

Sidan FreshRSS lev i nettlesaren, kan eg jukse til det, slik at det på telefonen ser ut som eit eige program, medan eg nyt heile web-grensesnittet på PC’en.

FreshRSS er publisert under GNU Affero GPL v. 3-lisens. Dette tyder at dei som har laga programmet fortsatt har rettane til det, men samstundes kan dei som nyttar programmet (eller andre interesserte) delta i vidareutviklinga av det.

Å ha FreshRSS som ein liten jegar i den digitale ville vesten, som kan jakte på informasjon for meg, sparar meg for tid, klikk, reklame. Det fordrar dog at overskrifter er gode, og ikkje er «clickbait».

Til slutt i denne bloggposten, har eg putta inn RSS-kjelda frå https://www.sirdal.kommune.no. Alt etter når du les denne bloggposten, vil dei fem linjene med siste nytt frå Sirdal kommune, syna ulike ting.

RSS-feil: Retrieved unsupported status code "404"

PS. Mikrobloggingstenesta Mastodon, og andre løysingar inne i Fediverset, har og RSS-kjelder…. I Mastodon sitt tilfelle, kan du berre legg til .rss bakerst i adressefeltet.

https://snabelen.no/@dalstroka.rss

Radio og bash

Nettstaden https://lyd.nrk.no er ein juvel for slike som meg som ikkje er så fan av at NRK koplar alt av innhald inn i ein himespøta applikasjon. Ikkje kan slike applikasjonar nyttast i Linux heller. Så då må ein inn på nettsida til NRK.

Eg (og min ven ChatGPT) knota difor til eit lite bash-script som hentar ut data frå nettsida, og lagar hyperlenker direkte til lydstraumane.

#!/bin/bash

# Hent data frå URL
URL="https://lyd.nrk.no"

# Data vert lagra i fila
OUTPUT_FILE="radiostraumar_nrk.html"

# Hent innhald frå URL
curl -s $URL | \
# Fjern uønska HTML frå kjelda
grep -v '</h3></td><td>' | \
# Sniff liner som startar med "Mount Point /" og reinsk dei
grep -oP '(?<=Mount Point /)[^"]+' | \
# Fjern alle førekomstar av "</h3></td><td" frå henta tekst
sed 's#</h3></td><td##g' | \
# Legg til opprenska del til URL-adressa og formater det som hyperlenker
awk -v base="$URL" '{print "<a href=\""base"/"$1"\">"base"/"$1"</a><br>"}' > $OUTPUT_FILE

# Tilbakemelding til brukar
echo "Radiostraumar frå NRK lagra i fila $OUTPUT_FILE"

Lagrar du dette i ei fil og køyrer henne, får du altså ei html-fil med hyperlenker direkte til alle lydstraumane til NRK.

Desse lenkene kan eg legga inn i Navidrome, der eg og har alt av min eigen musikk samla. Dette kan då alle i husstanden lytta til på sine einingar. Mi eiga lydsky rett og slett..

Multinasjonalt fåkkselskap

Dalstroka innafor kom på fibernet i fjor. Telenor, som var utbyggjar, kunne tilby breiband og fjernsyn til 800,- Etter eit år kunne eg seie opp og ha kva tilbydar eg ville.

Men. I april eller mai i år, mottek eg ein e-post der prisen for tenestene stig. Uvisst kvifor. Eg får tilbod om å seie opp avtalen før det fyrste bindande året er omme. Det gjer eg ikkje.

Me skriv 31. august. Naboen er innom. Me har same tilbydar. Fekk nett samstundes. Han har fortare nett. Betaler 100,- meir for det. I drøsen vert me skjønt einige om at det er for gale. At Telenor skal kunne sette opp prisen som dei finn det for godt. Utan å ein gong ta kontakt og forklara kvifor. Og eventuelt koma med eit tilbod….ynskjer kunden fortsatt tenesta?

Så eg går på nett. Telenor.no. Loggar inn på «Min side». Startar ein chatte-sesjon. Vert henvist til eit skjema der eg kan seie opp fjernsynes-delen. Klikkar på den. Ny fane opnar seg. Og eg vert vidaresendt til chattesida att….utan at eg fer sett skjemaet. G R E A T !

Telefon då? 09000-nummeret. Trykker på nokre tal for rett mottakar. Kø. Etter litt venting, seier ei stemme at eg kan verte oppringd att. Flott. Det gjer eg. Legg på.

Kort tid etter ringer telefonen min. Hallo? Ingen i andre enden…før…ein innspelt beskjed, gjev meg info om at eg er fyrst i køen. Vent. Men….hallo. Bad eg ikkje akkurat om å ringje meg opp att når ein kundehandsamar var tilgjengeleg? Hekkfjell, altså!!

Så kjem personen i andre enden. Kva eg ynskjer? «Seie opp fjernsynet!». Kva grunn? Vel…det var ikkje det eg ringde for å seie, men de auka prisen utan å fortelje kvifor, eller ta kontakt. Ganske mykje og. Det vert notert ned av kundehandsamaren. Så….på uforklarleg vis, får eg beskjed om at eg skal verte sett vidare til ein ny kundehandsamar. Ein ny…..? I alle dagar. Eg har jo klikke meg til rett avdeling i telefonmenyen dykkar. Eg har gjeve beskje om at eg vil seie opp, gjeve grunn om kvifor….og eg må til NY kundehandsamar?!? Javel. Sett meg vidare.

Medan eg venter, kjem det telefonreklame om Premier league. Håland og whatnot. Kunne eg brydd meg mindre?

Ny kundehandsamar. (Tygg forøvrig eit eller anna hardt drops langt inn i øyrekanalen min). Kva eg ynskjer? Nei…det var dette fjernsynsabbonementet då…. Ok. Kva er årsaka til å seie opp? Men I ALLE dagar? Eg bed kundehandsamaren ta ein prat med kollegen sin. Det kjem sporenstreks fram at denne siste tydelegvis har årsaka skriftleg tilgjengeleg. Ho ynskjer å gje meg to alternativ. Treng eg det? Eg vil berre seie opp fjernsynet. Ok. Men desse to altern…..eg vil SEIE OPP!! Eg treng ikkje to alternativ. Men dette tilbod….. Kan du seie opp abbonementet mitt? Og omsider, så ser det ut som at Stjelenor tek meldinga. Eg får info om at eg skal få tilsent pose til dekodaren. Eg tenkjer at «dekodar» må vera dekkord for det dei elles yndar å kalla «T-We»-boks. Greit. Få han sendt.

Og etter alt for mykje om, så legg eg på. Voneleg i øyret på kundehandsamaren.

No vert det berre spanande å sjå om eg får ei rekning for dagar med fjernsysnabbonement som eg ikkje har betalt for endå. I tillegg til den siste rekninga eg har liggjande hjå dei.

Moralen er vel den, at Telenor er vorte eit mangehova troll. Å verte kunde er INGEN problem. Eg er spendt på kor lang tid det tek før det kjem eit nytt tilbod om fjernsynsabbonement. Men å kome seg ut av herråda er jo verre enn å vera langtidsnarkoman…(vil eg tru).

Telenor kunne med fordel teke samling i bånn, innsett at dei er eit statseigd selskap. Dei kunne tenkt på at «kunden har alltid rett». Dei kunne tenkt på at den kunden, OGSÅ er eigaren. Dei kunne i det heile tatt oppført seg som ein seriøs aktør, trass i at «Statens mål som eier er høyest mulig avkastning over tid innenfor bærekraftige rammer.» Å handsama kundane, og implisitt eigarane på denne måten, der dei må gå spissrotgang for å koma ut på andre sida, er IKKJE berekraftig. Det er noko Kafkast over det. Ein kjempar mot eit uangripeleg monster.

Eg har ei uggen kjensle om at eg ikkje er ferdig med Stjelenor sitt fjernsynsabbonement. Ein kan håpa, men eg trur det dukkar opp nye akter. Følg med, følg med…..

Fridom

Etter at eg har gjeve slepp på Facebook sitt klamme grep, har eg fått tid til å sortera i alle RSS-kjeldene mine. Det var lenge etterlengt.

Etter årevis med prokrastinering av all slags kjelder til kunnskap og opplysning på nettet, har det nok vorte mange daude lenker etterkvart.

Med ein Raspberry Pi 4 som det sentrale bindeleddet i den digitale heimen her, har eg no ein digital aviskiosk som eg kan stikka innom med jamne mellomrom. Då har han oppdatert seg med siste nytt i eit meir leseleg format enn den reklamebombanderte webben ellers kan tilby. Noko som kanskje mest av alt minner om gode, gamle tekst-tv.

Men eg kjenner at ei digital verd der EG i større grad kontrollerer kva som skal flimre forbi meg av bits og bytes er rett veg og gå. Ikkje minst fordi eg har kontroll på «contentet» mitt, antan det er tekst eller bilete.

Mitt stalltips er altså å ta til å nytta den moglegheiten som ligg i RSS. Då slepp ein å utsette seg for fullt så mykje reklame som elles…og ein får ein meir effektiv digital kvardag.

Facebook som «internett»

Det har vorte slik at «alle» har Facebook. Der kan ein lika og diskutera seg blå. (Pun intended…)

Men gjer ikke det noko med oss? Når all offentleg informasjon med eit foregår i eit proprietært univers som Facebook, og heile smafummsdiskusjonane gjeng føre seg der…har ein ikkje då tapt eitt og anna for ettertida?

I staden for at mediebedrifter har diskusjonstrådar som dei sjølve har eigarskap på, har no Facebook denne eigendomsretten.

Det same er jo tilfelle med offentlege instansar som kommunar og fylkeskommunar…ein har ikkje lenger kontroll på det som vert formidla i desse kanalane.

UDI legg no ned Facebooksidene sine, og NRK Beta melder om at det kan få ein dominoeffekt.

La oss for ettertida, og openheiten vona at så skjer!

Facebook – ein saga blott…

To gonger har eg hatt konto på Facebook. Ein gong før «alle», og ein gong etterpå fordi det utvikla seg i den retningen.

«Å, det er langt å gå», syng Klovner i Kamp. Kven veit om ein kjem i «mål» på Facebook. Men ein ting er sikkert…ein kan alltid gå attende.

Og det er det eg no har gjort. Til min gode, gamle blogg. Den har vorte litt oversett dei seinare åra. Det heng jo sjølvsagt også saman med andre ting enn Facebook, men når eg kikker oå gamle kladdar, så er det klart at det er ting og ta fatt på.

Let the show begin…