Egersunds store sønn, Rune Nilsson, måtte i år slita bak mikrofonstativet i Norgesglaset på P1. Det gjorde han til 10 i stil, mellom anna med dette vesle kåseriet om jul i gamle dagar, og jul i moderne tid:
[audio:http://www.dalstroka-innafor.net/wp-content/uploads//2011/12/Rune-Nilsson-om-moderne-jul.mp3|titles=Rune Nilsson om moderne jul]Category Archives: Politikk
Det hender at eg tek føre meg litt politikk og.
Julestyret
Friluftsmagasinet på min kjære radiokanal, NRK P1, hadde eit innslag her om dagen omkring det som i desse dagar gjer at me bulkar 30% meir enn andre veker i året: sho-ping
[audio:http://www.dalstroka-innafor.net/wp-content/uploads//2011/12/Friluftsmagasinet-Om-jula.mp3|titles=Friluftsmagasinet – Om jula]Kva har vi eigentleg jula for?
4. sundag i advent
No stundar det for alvor mot joletid. I dei korte dagane me har, er det sterkaste ljoset du ser tilbodsplakatane frå kjøpesentra. Desse lyser mot deg på ein måte som gjer at ein heilt kan verte blenda, og gløyme kva joletida handlar om.
NRK P1 sitt program Friluftsmagasinet tek tak i dette, og let kåsør Jimmy Øverdal få kome med nokre viktige ord til oss alle om kva jola eigentleg handlar om:
[audio:http://www.dalstroka-innafor.net/wp-content/uploads//2011/12/Friluftsmagasinet-Julekåseri.mp3|titles=Julekåseri]Eit alternativt syn på tilværet
Lucero, argentinsk aleinemor og student, bur i ein fraktecontainer.
“Materielle ting….alt er jo til låns. Vi eig jo ikkje ting, vi berre låner dei ei lita stund, og antan kastar det, nokon arvar det eller ein gjev det bort. Ingenting av dette er eigentleg eins eige.”
“Vi prøver å tryggje oss sjølv og desse identitetane vi skaper for oss…mitt hus, mi kone, min bil, mine born, mi karriere. Jo større, jo meir trygg og jo meir sikker er ein på at ein er seg sjølv. Men i røynda er jo huset du eig eit fengsel som er eigd av banken.“
Lloyd Khan – klart han kan!
The missing link
Hyttedraumen
Helge Søfteland i NRK P1 tek ein prat med Carlo Aal i Vestlandsforsking om endringane i norske hyttevanar dei siste åra.
[audio:http://www.dalstroka-innafor.net/wp-content/uploads//2011/10/nrk_naturens_verden_2011-1023-0903_62551-redigert.mp3|titles=NRK P1 – Naturens verden 2011-10-23 – redigert]5 farlege ting eit barn bør gjera
I ei verd utan vatn
Bensinprisar, oljefunn, vegbygging…alt fer så lita meining:
Skuleutfordringar også i Sverige
Denne bloggposten tek føre seg tre noverande eller førståande hendingar. Tariffhøyring 2012 for KS-området, Kunnskapsdepartementet si høyring om endring av opplæringslova, og ein artikkel som fem svenske lærarar har publisert hjå Svenska Dagbladet.
Til våren tek nye forhandlingar fatt for arbeidarar i kommunal sektor. Arbeidet er alt i gang rundt omkring, og innspel vert sent fram og attende. Meiningar vert utveksla. Krav vert sette fram. Pengar vert igjen eit stridstema;
“Utdanningsforbundets hovedutfordring er at lønnsnivået og lønnsutviklingen til våre medlemmer ikke
gjenspeiler at de har noen av samfunnets viktigste jobber.” – Utdanningsforbundet 2011
Samstundes har Kunnskapsdepartementet sett i gang ei høyring for å få til ei endring i opplæringslova. Bakgrunnen for dette er at Regjeringa ynskjer å;
”…legge til rette for flere lærere gjennom styrket kommuneøkonomi og ved å
endre opplæringsloven for å sikre en maksimumsgrense for tallet på elever per lærer på hver
skole”. – Kunnskapsdepartementet 2011
Nettopp det som er nemnt ovanfor, er det Malin Appeltofft, Anna Ladra Björklund, Katarina Engström, Karin Mogren og Emma Rosengren tek føre seg i sin artikkel i dag.
Det er rart å lese det dei skriv. Eg sit att med ei kjensle som seier meg at det like gjerne kunne ha vore ei situasjonsskildring frå det norske skuleverket. Også her vert arbeidsdagen for lærarar i større og større grad oppteken av ting som ikkje har med pedagogisk utøving å gjera.
Dei opnar artikkelen med å kalla ei spade for ei spade;
“Den svenska skolan styrs idag av ekonomi och inte av pedagogik. För inte ligger det väl en pedagogisk tanke bakom att bunta ihop 27 sexåringar i en förskoleklass och låta 1,5 lärare undervisa dem?”
Er det det Utdanningsdepartementet no har begynt å innsjå, at pedagogikken må vika for andre krav? Eg tvilar.
Sjølv er eg heldig. Eg er kontaktlærar for 18 elevar. Alternativet var 27. Her gjorde administrasjonen min eit kjempelurt val. For elevane sin del. Men slikt kostar sjølvsagt.
No vil Regjeringa settje tak på kor mange elevar det kan vere i ei klasse. Dei har laga to ulike forslag. Ein skulemodell (1), og ein kommunemodell (2). Skulemodellen legg føringar for kor store grupper som skal vere på kvar skule. Kommunemodellen tek i bruk eit gjennomsnitt i heile kommunen, noko som gjev kommunane litt triksingsrom.
Det er rart å tenkje på at Regjeringa har eit ynskje om få eit betre utdanningssystem, når dei legg opp til at kommunar må opprette fleire lærarstillingar, men på den andre sida kuttar i overføringane til dei same kommunane.
Departementet skriv at i høyringa si at 20-30% av allereie utdanna lærarar ikkje har sitt daglege virke i skulen. GNIST-kampanjen ynskjer å auka rekrutteringa til læraryrket. Dette er måla deira;
- økt status for læreryrket
- økt kvalitet i lærerutdanningene
- økt kvalitet i lærerprofesjonen
- økt kvalitet i skoleledelsen
- økt rekruttering til lærerutdanningene og læreryrket