Category Archives: Politikk

Det hender at eg tek føre meg litt politikk og.

Kikk opp

Dei moderne «sosiale media» har gjort noko med oss dei siste åra. Då eg var i barneskulealder, var det vanleg å ringa heim på fasttelefonen for å høyra om nokon var heime. Var dei ferdige med leksene? Kunne me leika?

Og så sprang med ut, litt for tynt kledde, i den kjølige vårlufta. For å leka lite vink, jeppa pinne, spela dødball eller anti over.

Der heldt me det gåande lenge. Antan til ein hadde fått bekjed om å innfinna seg heime att, eller til mørkret fall på og det ikkje lenger var prakisk mogleg å sjå ballen.

Eg går ut i frå at me var sosiale. På eit vis. Utan media. Med snakka saman. Leika saman. Krangla. Slåss. Fann på kjekke ting, ting som var farlege, ting med visste me ikkje hadde lov til.

No er born sosiale når dei er på sosiale medier. Det er slik dei samhandlar. Men er det samhandling? Når en vet kor mykje av kommunikasjonen som er ikkje-verbal?

Gary Turk har sagt nokre passande ord om nettopp dette temaet i denne videon. Sjå han. Og slå av.

Matproduksjon

I indre dalar på austlandet fløymer det over. Område langs Donau fløymer over verre enn nokon sinne. California brenn opp på grunn av tørke. Storbritannia importerer i år meir kveite enn dei eksporterer. På det Afrikanske kontinent durer pengesterke, utanlandske investorar inn og skal gjera kjappe pengar på storstilt industriell produksjon av varer vesten treng har gjort seg avhengig av…eller for å produsera mat til dei som ikkje har. Her om dagen kunne ein høyre på radioen at ein jærbonde hadde gått til innkjøp av for frå austlandet til sine kyr. Prislapp: 300.000,-

Det er flott det! Bønder som soknar til oljefatet i nordsjøen slit som resultat av klimaendring og mangeårig industrielt jorbruk. Å henta inn for frå andre sida av landet, har altså vorte løysinga. Der er vel produksjonsmåten mykje den same som på jæren. Dieseldrevne traktorar endevender jorda og jordlivet, sår frø, gjødslar med kjemisk framstilt gjødsel, kutter graset og pakkar det inn i plast som er eit direkte oljeprodukt. Dette skal så fraktast 5-600 kilometer, og det er vel ikkje uaktuelt at transporten gjeng føre seg på vegen…

I ei frisk verd ville ein rista på hovudet og kalla slik praksis for galskap. Men med «vekst» og»olje» stempla i panna, er det nok ikkje let å vera sjølvkritisk til dette.

Michael Pollan snakkar litt om matproduksjon i verda, og kvar mesteparten av han kjem frå: