All posts by Sinnes

Rotterace og nedgangstider

Over dammen er det om dagen eit val på gang. Eg har tidlegare teke for meg slike ting då eg hadde eit opphald i Australia i haust.

På same tid ser vi no ei økonomisk utvikling som gjev ringvirkningar også til dei fjernaste stadene i verda. For eit presidentval er ikkje slik optimalt. Mykje av energien som burde ha vorte nytta til å opplysa folket om kvar dei einskilde kandidatane stod i ulike viktige politiske saker som til dømes eldre, skule, samferdsel og miljø, vert no nytta på å forsvare den ståa som landet, og verda er i no som følgje av det ein tidlegare president og regjering har skapt.

Det er vel sjølvsagt at alle ynskjer at denne krisa skal gå fort over…og likevel kranglar dei om det. Hm.

Uansett. Om ein ser litt lenger attende på børsgrafen enn dei siste 7-14 dagane, til dømes så langt attende som ti år…til det glade 90-talet, då dukkar det opp eit interessant skille i den økonomiske kvardagen i mars 2003. Eg er ikkje gamal nok til å hugse kvar eg var då Brå brakk staven, men det er to hendingar i frå 2000-talet eg hugsar særs godt kvar eg opphaldt meg.

Det eine er den 11 september 2001. Klokka var vel rundt 14, og eg slo tilfeldigvis på fjernsynet den dagen. Det er ikkje så ofte eg ser på amerikansk fjernsyn, men av ein eller annan grunn klikka eg meg inn på CNN akkurat då.

Den andre dagen er 19 mars 2003. I resepsjonen på eit hotell i Kathmandu står eg og ein flokk Indarar og ser på cricket-VM. Inn kjem ein Amerikanar og ropar høgt ut om me ikkje er heilt rektige. For som han sa, for å nytte hans eigne ord;

There’s a war going on!

Då hadde akkurat (curious) George erklært krig der «no outcome but victory will be accepted«, mot eit land som ikkje kan skilta med så mykje meir enn mujahedin, moskéar og mykje olje!

Og det er det siste tilfellet som er interessant her. I det som kanskje må seiast å vera ein naturleg nedgang etter den eksplosive veksten på 90-talet, kjørte berre Bush i gang ein krig og vips!

Det som difor er litt skremande er, som Dagbladet skriv, at ein ny krig ein stad i verda kan vera det som gjer at Republikanarane med McCain i spissen atter ein gong kan benka seg i det store kvite huset på Pennsylvania Avenue.

Statsbudsjett

I desse dagar lanserer regjeringa statsbudsjettet. Desse vart, tradisjunen tru, trykka opp og lagde ut i Regjeringskvartalet sine lokal klokka 10.00 i dag.

Ein smule ironisk er det kanskje at ei regjering som satsar stort på miljø, faktisk endå gjer det på denne måten. Eg har lenge etterlyst det papirlause samfunnet som me skulle verta. Men det glimrar med sitt fråver.

Ein nyttar altså ressursar på å skriva ut, pakka saman, sortera og dandera desse 10-kilosblokkene med budsjett. Men det er gjerne noko ein ikkje skal ta lett på i desse dagar dette med økonomi.

Det beste er kanskje då videoreportaren til Dagbladet, Asle Hansen spør Beth Hartman og Anders Bayer om dei veit at han er å finne på nett. Responsen er herleg bakstreversk.

Ja, men vi trenger’n i pappir å.

– B. Hartman

Det er noe med lukten av trykksverte og ferske statsbudsjett, det får du’kke på en skjerm altså.

– A. Bayer

Ein kan også lett sjå for seg krigsoverskriftene om eit knippe av regjeringsmedlemmene parkerte bilen på gangfeltet, berre for å stikke ein snar tur innom å hente noko. At journalistane sjølve gjer seg skyldige i lovbrot, sjølvsagt ikkje alvorlege, kjem ikkje meir på trykk enn i ein kort setning på Dagbladet sine nettsider. Men det er eit eller anna med prinsipppet, og at media sjølve er kjappe til å halshogga einkvann om han er profilert nok…

For øvrig…dei interesserte kan laste ned det uhorveleg spanande budsjettet, som fyller alle Noregs mediekanalar til brimmen i dag, med å lasta ned dette PDF-dokumentet. Berre sørg for å fyll opp toneren i printaren før du tek fatt på å skriva ut! Budsjettet er på 229 sider. Dersom du er sugen på å driva litt samanliknande undersøking, er det også berre å slå seg laus med budsjettet for 2008.

Nasjonale prøvar

Me er omsider ferdige med dei nasjonale prøvane…for i år. No gjenstår berre å rette dei. Det er strengt tatt mykje betre enn det kunne ha vore. Ein slepp i det minste å settje raude r’ar. Men likevel…likevel

Det viser seg nemleg at Utdanningsdirektoratet gjev omtrent like opplysande feilmeldingar når noko går gale, som alle dei kommentarane eg ofte får høyra på bakgrunn av min litt for høge digitale kompetanse…»någe e galt«. Eller «det funke ikkje«. Begge desse er jo like informative og nyttige for meg, men det er jo godt å sjå at me i det minste har utarbeida ein nasjonal praksis på nettopp dette. At eg ikkje fekk med meg at dette har vorte gjort, trur eg må vera min feil.

Men eg trudde likevel at me hadde kome litt lenger enn dette:





Som om ikkje det skulle vera nok, så kan eg opplysa Udir om at det på nynorsk heiter:

  • ein feil
  • Eksporter
  • PrøveresultAT
  • Sjå alle
  • DetaljAr
  • BrukArprofil

Men når eg er inne på IKT og slikt, så minner noko isselappen meg på følgjande velkjende situasjon…

[youtube:v=NwNwTjDLMP4]

Lag din eigen doreins

Dagens tips kjem i frå Planet Green sine vevsider, og er eit eksempel på at det ikkje nødvendigvis er vits i å bruka pengar på å handla inn dyre, kraftige kjemikalie for å gjera reingjere doskåla.

Det du gjer er som følgjer. Finn fram ei spiseskei frå kjøkkenbenken, og hell desse ingrediensane opp i doskåla:

  • 2 ss bakepulver
  • 1 ss olivenolje
  • 1 ss sitronsaft (eller anna type lukt)
  • Skrubb som vanleg

Og vips…ei flunkande rein doskål som gjer den neste vitjinga til porselenet til ei betre oppleving. Og alt utan å ha spylt eit einaste kjemikal ned i røyra!

Liv Signe – ein super leiar?

Dagbladet melder at Liv Signe Navarsete kanskje ikkje heilt var den spyspissen som Senterpartiet hadde håpa på. Med ei oppslutning på skrøpelege 3,7 % i Opinionen si siste måling, er det generelt lite å ropa hurra for i firkløvarkretsar no til dags. Kan det vere at det gode gamle Bondepartiet ikkje lenger «fangar opp viktige straumdrag i tida»?

Den 10.06 la Samferdselsdepartementet ut ein promo-video på Youtube. Navarsete gjer her eit spedt, og i stor grad lite truverdig forsøk på å framstå som ein ny, cool og up to date Samferdselsminister for sine kollegaer og andre frammøte på «The Future of the Internet Economy«-konferansen som gjekk av stabelen i Seoul i juni.

Videoen har pr. no vorte vist 578 gonger. Det har vorte med den eine videoen! Kan hende har Navarsete i staden hatt hendene fulle med å byggja opp att partiet etter Åslaug Hagas bråe avgang i juni, slik ho sa ho skulle då ho kom att frå konferansen? Det kan vel i så fall neppe seiast å vera ein god jobb ho har gjort med tanke på den tidlegare nemnde oppslutningsmålinga!

Alt i alt så framstår den gode Navarsete meir og meir som ein superleiar enn ein super leiar for partiet sitt. Medan partiet ynskjer å tiltrekkje seg oppslutning, togar Navarsete fram som eit skjold i front.

Skitrekk i kvar ei li…

Eg sit og undrar litt på når Haugen, Neset, Solheim eller Sirekrok skal koma på bana her…det synest mest som om det skal vera eit skitrekk til kvar einaste grend i Øvre Sirdal no.

Stolheis til Grubbå og bånn pinne ned att derifrå og ned Haugenbakkane…det må då vere noko å satse på? Ein opp på Solheimsknuten hadde vel heller ikkje vore så gale?

I alle fall melder Sirdølen i dag at ei gruppe med grunneigarar på Sinnes no ser ut til å villa kjøpa heile Ålsheia. Og då vil jo som kjend ståa i Øvre Sirdal vere slik:

Ådneram – Ådneram Skitrekk
Fidjeland – Fidjeland Skitrekk
Sinnes – Ålsheia Skisenter
Tjørhom – Tjørhomfjellet (Beinesvatnet Skisenter)

Boom stopp.

NRK Rogaland meldte i dag om ein plutseleg stopp i utbyggjinga av hytter i Sirdal. Eg kan jo ikkje anna enn å seie at det var på tide.

Lukkelege er dei som alt har fått selt alt dei har bygd opp. Dei andre sit nok der og kjenner korleis svartper så smått byrjar å raljera i skrivebordsskuffa…der pengane til no har tyte ut.

Eg skal ikkje sei «kva var det eg sa»…men det er freistande. Men eg skal halda att litt til. Det som derimot er eit faktum, er at Sirdal ikke er noko Hovden, Oppdal eller Geilo. Me har ikkje fjell til det. Me har snart ikkje snø lenger heller.

Det me har plenty av, er ein skokk overpositive politikarar/adminstrasjonstilsette/utbyggjarar med tunellsyn og for stor makt. Som eg tidlegare har nemnt, så har det for ikkje så alt for lenge sidan vore planar om utbygging av hotell i Øvre Sirdal som skulle skapa så mykje arbeidsplassar. Det vart i staden hytter og ikkje så mykje arbeidsplassar.

No har ein klart å trumfa gjønom eit Spa og. I Sirdal!! Kanskje kan dette vera den nye turistsatsinga i tida der ein ikkje fer selt fleire hytter? Det slår meg i alle fall at det kunne ha vorte nytta som argument hjå dei som var for slik ein galskap.

Og eg må jo seie som sant er, at eg er særs einig med Per Øyvind Grimsby når han seier at grunneigarane pressar på, og politikarane ikkje er sterke nok til å stå i mot. Det gjeld ikkje berre Spa-saka. Det gjeld som ein generell regel i Sirdal og nettopp difor har eg sagt takk for meg i von om, som hyttebaronane, betre tider. Det at ein ikkje har selt ei einaste hytte i Sirdal sidan nyttår er vel det næraste ei halusinering av betre tider eg kjem no til dags.

Infrastruktur i Noreg

Her til lands er det eit svare strev å bestemma seg for om ein ynskjer lyntog eller dobbeltspor. Andre stadar i verda, der ein verkeleg satsar på miljøvennlege framkomstmiddel, er mentaliteten ein ganske annan.

Treehugger.com kan i dag melde om at Japanske togprodusentar har utvikla ein ny generasjon superraske, ekstra miljøvennlege tog. efSET (environmental friendly Super Express Train) er planlagt å vera ferdig designa og utvikla våren 2010. Kawasaki Heavy Industries anslår at dei neste 20 åra vil det verta bygd ut 10.000 km med høghastighetsbanar rundt om i verda. Men denne utviklinga vil då altså ikkje Noreg, med Navarsete i spissen vera med på. Temmeleg sørgjelege greier spør du meg.

Kjelde: Treehugger.com

Eventuelt?

Okai. Det er kanskje min oppvekst i bibelbeltet som gjer sitt innslag her, det skal eg innrømma. Likevel kan eg ikkje anna enn å stille meg ein smule kritisk til det valet Cappelen Dams forlag har gjort i si siste lærebok i RLE. Dei fleste har vel fått det med seg no, men den siste utviklinga for å gjera seg meir internasjonale har altså medført at dei velkjende forkortingane f.Kr. (før Kristus) og e.Kr. (etter Kristus) no vert omgjorde til evt. (etter vanleg tidsrekning) og fvt. (før vanleg tidsrekning).
Mange politikarar har ytra seg omkring saka:

Rolf Reikvam (SV) mener det er helt tullete å gjøre om tidsregningen i læreboka.
Odd Einar Dørum (V) mener de nye bøkene fratar barn kunnskap om vår historie og kultur.
Ine Marie Eriksen Søreide (H)mener det er fullt mulig å lære toleranse for alle religioner og samtidig holde på norsk kulturarv.

Dei fleste er einige om at å endra dette vil vera bortimot blasfemi og eit kulturhistorisk sjølvmord. Dette er vel og merka før FrP har vore på bana med sine uttalelsar!Eg legg meg ikkje borti det. Det som eg derimot tenkjer litt på, er kvifor dette i det heile tatt har kom opp. Som ein i følgje linselusa kunne lese i «Vakttårnet» i 1992;

Det finnes forskjellige former for tidsregning, forskjellige slags kalendere. For jødene er vi nå i år 5752 anno mundi («fra verdens skapelse»). For mange andre befinner vi oss i AD (anno Domini, «det Herrens år») 1992, eller 1992 e.Kr.

I tillegg til denne Gregorianske tidsrekninga kjem mellom anna følgjande ulike kalendarar, som i større eller mindre grad skil seg frå det Cappelen Dams no definerer som vanleg;

  • Hinduistisk kalender
  • Juliansk kalender
  • Austkristen kalender
  • Hebraisk kalender
  • Persisk kalender
  • Islamsk kalender
  • Etiopisk kalender
  • Thailandsk solkalender
  • Buddhistisk kalender

Vanleg? Og som om ikkje det var nok, så har ein i Japan ei tidsrekning som kan få ein stakkar vesterlending til å vere glad at han ikkje treng å slita med meir enn ein slags keisar! V’en i «e.v.t.» er jo også fort gjort å kopla mot ordet «vår». Det gjev for så vidt same meining det…om ein definerer seg som ein del av den vestlege verda. Men tal frå 2003 kan jo tyde på at det finst dei som ikkje er heilt samde i denne definisjonen. 2/3 av dei totalt 332 793 innvandrarane i 2003 var frå ikkje-vestlege land.

Er det eigentleg noko poeng i ein slik diskusjon? Poenget med årstal, så vel som andre formar for målestandardar må jo vera at ein alle skal ha same referansepunkt? Har det vore slike debattar tidlegare, eller er det berre fordi religion er inne i biletet her som gjer det til aldeles fortreffeleg salgbart stoff? Ville det skapt like mykje diskusjon om ein hadde bestemt seg for å endra omgrepet «1 meter» til «1 doltiv» (distance of light travelled in vacuum)? Eg trur ikkje det.

Heile poenget er at ein har ei felles refereanse. Eit utgangspunkt. Ein standard. Om denne standarden så vert sett til å vera då denne Bibelske figuren Jesus vart født (ca.), eller om utgangspunktet i staden vert 1969, då det fyrste funnet av olje på Norsk sokkel vart oppdaga…ja det er vel rivande likegyldig? Sjølvsagt ville det nok skapt litt utfordringar i møte med andre nasjonar og folkeslag, men som ein kan forstå av den tålig lange lista med ulike kalendarar ovanfor, så er ikkje dette noko stort problem.

Og når ein fyrst snakkar om utfordringar. Kva med dei dårlege norske resultata på internasjonale målingar? Me er jo så opptatt av desse her til lands. Å måla oss i høve til andre land, sjøl om me seier til kvar einskild elev at han er spesiell og verdifull slik han er! Korleis skal vesle Kari og Ahmed no verta betre å lesa når ein må forhalda seg til flotte, eintydige forkortingar som e.v.t. og evt.? Sjølvsagt ikkje noko stor poeng, men me skal i alle fall ikkje gjera det lett for dei små håpefulle.