All posts by Sinnes
Våren er på veg
Apati i eit velferdssamfunn
I to dagar no har det brunne jamnt i utmarka nordvest i Sandnes. Litt etter 17.30 den 31.03.2013 fekk brannvesenet melding om brann. Det same brannvesenet har i heile påska vore ute og minna folk på at eld og påske ikkje er heilt kompatible i år, i alle fall ikkje i området på nord-jæren.
På bakgrunn av dette skulle ein tru at slagplanar låg klare for alle eventualitetar. Diverre ser det ut til at Jesus hadde ein letare veg til Golgata enn det brannhelikoptera har hatt til Vårlivarden. Opp i mot 24 timar skulle det ta før ein hadde klart å rekvirera eit brannhelikopter ned frå Bergen(!).
Under storbrannen i Froland i 2008 gjekk kritikken i etterkant på at tillegsressursar for å sløkke brannen vart sette inn for seint. Dette gjekk dåverande justisminister Knut Storberget ut i Aftenposten og kommenterte. Han skriv mellom anna følgjande;
«Onsdag 11. juni ble det tatt formell kontakt fra Hovedredningssentralen i Sør-Norge mot svenske myndigheter for å bistå med luftkapasitet.«
På slutten av artikkelen skriv han også at;
«Den samlede beredskapen i Norge basert på samvirke og samarbeid er god. Samtidig skal vi ta med oss erfaringene fra Froland.»
No er det gått fem år. Brannvesenet har i lang tid advart mot brannar. Så skjer det. Ikkje berre i Sandnes, men og i Os og på Karmøy.
I 2008 sa helikopterpilot Jørgen Eilertsen til Agderposten at «vi skulle ha kommet med en gang», og tenkjer på helikoptersupporten. Han vert og sitert på at Noreg drøyer lenge før helikopter vert sett inn i sløkkingsarbeid.
Og kva hender? Fem år etter at Storberget sa at me skulle ta med oss erfaringane frå Froland, tek det rundt 18 timar å få eit helikopter med sløkkekapasitet 17 kilometer frå Sola til Vårlivarden. Sola flyplass må vel ha ein eller annan form for mogleg respons både med tanke på at Hovudredningssentralen i Sør-Noreg ligg der, og at flyplassen er næraste nabo til installasjonane i Nordsjøen. No kom sløkkingshelikopteret ned frå Bergen, men det gjer det vel ikkje akkurat betre?
Under tre kvarter etter at brannen var starta sakna eg helikopter til sløkking på Vårlivarden.
Men i og med at det her ikkje er snakk om verdfull skog, hus eller menneskeliv, er det tydelegvis ikkje bryet verdt å få på plass eit brannhelikopter tidleg i brannutviklinga. I staden vaknar eg opp til flammar som dagen etter har krope nedover fjellsidene og ned i den like opptørka skogen sør for Hestafjellet.
Kva har styresmaktene gjort med erfaringane frå 2008? Fortsatt er det tydelegivs berre eit helikopter i bereidskap slik Jørgen Eilertsen frå Helitrans kunne berette til Agderposten i 2008.
RSS og Google
Etter mange år med Google Reader til å halda meg oppdatert på nett, ser det no ut til at Google legg den ballen daud. «For få brukarar» er argumentet. Nyttar du Google Reader kan du støtta opp om han ved å signera underskriftskampanjen her. I tillegg har ein artig kar sett ord på korleis eg starta dagen i dag:
Plant din eigen mat – TEDTalk
Sol i sør
Sola si høgaste plassering på himmelen på Sinnes skal i teorien vera slik:
Vintertid: 12:36
Sumartid: 13.36
Kjelde: yr.no
Sjå her! Klikk på meg då…
I dag publiserte Fredrik Drevon eit fantastisk stykke journalistikk på Aftenposten sine nettsider. Artikkelen tek eit oppgjer med den populærmediale kulturen me i stadig større grad vert offer for.
I ein mediemarknad med stadig større fokus på å få klikk, noko eg konfronterte Lars Helle med i april i 2012, er det godt å sjå at det også i eigne rekker er ei viss misnøye med korleis journalistikken har utvikla seg til eit jag etter merksemd. Kva rett har forøvrig media til å sette søkelys på mobbing i skulen, når dei sjølve vel å servera slikt som dette til den, enn så lenge, meir eller mindre lesekompetente generasjonen. Og så skuldast det på dataspel?
Dagbladet fekk og eit sleivspark av meg om sin reduserte kvalitet i juli 2012. Diverre ser Dagbladet ut til å fortsette i same gata i februar 2013 etter ein liten snartur innom www.dagbladet.no i dag.
Det er underleg dette her. Eit akta yrke med høge inntaktskrav og minimum treårig bachelorgrad ender opp med å lage journalistikk på eit nivå lik ein ungdomsskuleelev som skriblar ned vegger og bord for å få merksemd. Er det dette me har igjen for at store store selskap som Schibsted, Amedia og Egmont skal kjøpe opp avis etter avis, for så å «spare penger», det vil sei «tene meir», ved å kutte i stillingar?
Er det ikkje intetsigande overskrifter, og artiklar utan innhald som dukker opp, så er det gjerne ei sak med ei vinkling ein dag, som eit par dagar etter har fått ei heilt ny vinkling. Alt for å få klikk. Alt for å selje!
I 1854 fanst ikkje internett. Klikk var noko ein fekk på pistolen under ein duell på liv og død i det ville vesten. Telefon, telegraf, gramofon og fotografi hadde si spede oppblomstring. På denne tida skreiv også Henry. D. Thoreau dette i si bok Walden:
«…jeg er sikker på at jeg aldri har lest en nyhet i noen avis, som fortjente å bli husket. Hvis vi én gang har lest om at et menneske er blitt røvet eller myrdet, eller drept i en ulykke, eller at et hus er brent ned, et skip forlist, eller en dampbåt eksplodert, en ku kjørt over på Western Railroad, en gal hund slått i hjel, eller at en gresshoppesverm er blitt sett midt på vinteren – så behøver vi ikke å lese om slik en gang til. Det kan greis seg med den ene gangen.»
Fornuftige ord allereie altså, men han fortset med å stille eit spørsmål som bør få ein kvar av disse klikk-jorunalistane til å skamma seg:
«Når du kjenner prinsippet, hva skal du så med det mylderet av eksempler som belyser det i praksis?»
Vidare avslutter den gode Thoreau med ei god oppsummering nyhetsbiletet slik eg ser det i dag.
«…alle nyheter, som de kalles, [er] bare sladder, og de som utgir eller leser slikt, er ikke annet enn gamle skravlebøtter som sitter og slarver over tekoppen. Og likevel er det ikke få som er grådige etter denne sladderen.»
Stavanger Aftenblads redaktør, Lars Helle, uttala dette på vårparten i 2012;
«Som medieanalyse svikter vel bloggen din når du på den ene siden kommer med det alltid gjentatte, klisjéfylte argumentet om at vi gjør dette bare for å tjene penger, samtidig som du skriver at produserer noe folk ikke vil ha. Hvordan henger det på greip?» – bloggpost
Snart 200 år etter at Thoreau skriv sine bevinga ord som eg har gjeve att over, er det jo på eit vis skremande å sjå at store deler av journalistikken, trass i betre verkty og tid til å modnast, fortsatt er på det infantile stadiet på jakt etter merksemd, klikk, og dermed også pengar.
Eller «banalt» som han sa, Drevon
Siddisar
På tokt til Hafrsfjord
Av og til hender det at eg vankar utanfor dalstroka innafor. Då hender det at ein har hellet med seg og kan oppleva flotte augneblink, sjølv i dei mest urbane og midt i voldsomt fasjonable villastrøk.
Biletserien nedanfor (klikk på biletet) er henta frå Hafrsfjord i Stavanger. Etter å ha vandra frå hypermoderne kassehus med enorme vindauge ut mot Hafsfjord, dukka minnesmerket frå tidlege tider i området opp nede i fjøra.





