Tagged in: volda

Dokfilm 2010

Frå torsdag denne veka har eg vore stasjonert i vene Volda. Her vart eg møtt på flyplassen av Synnøve. Skulle tru det heile var regissert. (“Truman show” anyone?) I tillegg var nøkkelen til frk. Ølnes strategisk plassert i konvolutt i skranka, så eg fekk plassert bagasjen på ein trygg stad. (Ei anna av dokumentarfestivaldeltakarane som sat på i bilen, stirra med store auge på at me gjekk i frå bilen ulåst midt i Volda sentrum….ho var østlending.)

Så med snippsekken trygt plassert i det som nok er Voldas tryggaste hus, var ikkje vegen lang til ein superflott lunch/catch-up med Hanne på eit nytt tilskot i utelivsbransjen i Volda. Pastasalat og ein god kopp te i lausvekt gjorde under med filmenergien i kroppen.

At det blir for lite tid til å rekke å sludre med alle gamle kjente på ein slik festival er soleklart. Skulle gjerne utvida opphaldet med nokre veker! Men kort sagt: det var kjempekjekt å sjå dykk att! I tillegg vart det også nokre nye bekjentskap. Mykje kjekke nye folk!

Det var jo tid til litt film og. Her er namnet på dei eg fekk med meg:

I dette utvalet er det mykje flott film, men Food Inc, End of the line og Uteliggerenes sang er tre eg verkeleg vonar du fer oppleve!

Her er også nokre få glimt frå seansen.


















Voldanytt

Høgskulen i Volda kunne den 29.08.08 kome med følgjande overskrift på ei melding til sin studentar og tilsette i ClassFronter:

Viktig melding: ikkje parker i gatene langs Kaarstad-huset. Politiet byrjar snart skrive ut bøter.

Dette var overskrifta. 14 ord. Dei har tydelegvis ikkje teke det vesle notatet på tre sider eg leverte til dei for 2-3 år sidan så voldsomt seriøst. Uansett. Meldinga vidare gjekk som følgjer:

Politiet i Volda har fått melding om mykje ulovleg parkering i gatene langs Kaarstad-huset, spesielt ved private utkjørslar, kloss inn til gangoverfelt og tett inn til gatekryss etc. Politiet vil skrive ut bøter om bilane ikkje flytter seg snarast!

Mon tru om Politiet på sunnmøre har mykje pengar å rutta med. Andre stader i landet ville bota ha kome på flekken og bidrege til å styrkje økonomien hjå lovens lange arm.

Fysisk fostring når nye høgder

Helle klarte å lokka meg med på ei superkjapp (til meg å vera) tur opp på Rotsethornet i kveld. 649 meter over havet. 2 timar dør til dør vart det vel sånn omtrent, med ein innlagt pitstop på Rimi på veg heim att. Sola forsvann diverre rett før me sette avgarde, så den sensasjonelle solgladinga eg hadde førespegla meg vart det ikkje noko av. Men ein alle tiders aktivitet å finne på i Volda ein sånn middels fin maikveld, det må det seiast å vera!

Vårslepp

I takt med den stadig aukande vassføringa i bekkane ned frå Rotsethornet, lauvspretten som grønkar på trea og sola som sig stadig sienare ned i havet utanfor Fosnavåg er go’formen min sakte men sikkert i gang med å koma på plass att. Det same skjedde i fjor. Då våren slo inn, gjekk det trill rundt for Torger Åge og han starta å springa rundt Rotevatnet. Det kan forsåvidt lanserast mange teoriar om grunnen for at dette teiknet på sinnsjukdom inntrer i unge Sinnes’ liv, men det spørs nok om det ikkje er særleg mykje verre enn eit ynskje om å gjera seg fjong i fjørene. Bonusen er jo etter det eg har høyrd at ein skal få himla mykje meir energi…eg ventar framleis.

Men det er ei fin løype eg spring. Snaue 7 kilometer rundt Rotevatnet med fantastiske lukter, mulighetar for observasjonar av all slags dyerliv og god tid til å tenkje på litt av kvart…joda. Det er nok noko som kjem til å stå att som eit sakn om ein liten månad når eg ikkje lenger skal få vera her nord.

Amalies bursdag

Amalie hadde fødselsdag på søndag, og difor tromma me saman nokre folk for å laga eit lite selskap for henne med kake, gåver og godt samver for å feire henne. Overraskinga var ikkje heilt som underteikna hadde trudd, men alt har vel sin skjarm. Nokre bilete dukkar opp om du klikker på det under.





I enden av [Eiksund]tunellen

No går verkeleg mot slutten. Vårens vakraste eventyr i Volda, Dokfilm er over oss her på Sunnmøre. Og med den, så kjem fort eksamensstresset på slutten. Det er siste året i Volda for min del, så då tenkte eg at ein liten lydsnutt frå fjorårets VEKA-revy her i bygda ville vera på sin plass. Ein som kort, men særs godt oppsummerer dei fire flotte åra eg har hatt her nord.

[audio:voldasangen.mp3]