Category Archives: Personleg

Månemann

På eit tidspunkt fekk eg eit spesielt forhold til månen. Det var då eg nytta nettstaden Wolframalpha.com til å finne ut kor langt unna månen var jorda då alle elevane i ei klasse eg hadde vart født.

I den samanheng vart eg obs på at ein kan nytta nemnde nettstad til å finna ut kor mykje opplyst månen er/har vore. Då var ikkje vegen lang til å plotta inn eigne data.

NRK melder om supermåne 28.09.2015, og det er klart at spaninga då stig hjå ein månemann. Natta då eg kom til var nemleg også månen rekordstor. Faktisk så stor at eg endå ikkje har funne nokon dato der han har vore større.

I går natt var kunne ein sjå ein måne som var 99,94% opplyst. Men eg berre spør. Kan ein verkeleg kalla det ein supermåne når ein samanliknar med den gigamånen som var 19.02.1981? Heile 99,98% opplyst!

1981

2015

Nepal revisited

I 2003 drog eg og Olav på reise verda rundt. Eit av landa me besøkte var Nepal.

Dei siste par dagars tid dreg fram mange kjære minne frå dei få dagane me hadde der.

Under er ein liten filmsnutt som er filma med eit 8mm kamera. Bileta syner stader langs reiseuta frå Kathmandu, vestover til Pokhara og vidare vest til startpunktet for vandreturen me hadde i fjellkjeda Annapurna, Ghandruk.

Då me var der i 2003, var det fyrste som møtte oss tanks i gatene. Det var kontrollpostar på vegen til Pokhara, og politiet kom inn på bussane for å sjekka. Skremande for eit par fyrstereisgutar frå dalstroka innafor på knappe 20 år.

Eit fantastisk flott land som Nepal treng ikkje borgarkrig når slike hendingar som jordskjelv råkar landet, utan å skilje mellom folk.

La oss håpe at ingen ser denne hendinga som ein moglegheit til maktmisbruk, men at det skapar grobotn for fortsatt fredeleg sameksitens.

Den tapte mursteinen i veggen

Vårt samfunn i Noreg har kome til eit punkt der det meste skal sikrast. HMS har ei høg stjerne her til lands. Kor mange arbeidsplassar som er innanfor dette feltet er ikkje godt å seie. Også innanfor skulen er dette viktig. Sjølvsagt. Me vil ikkje at ungane skal skada seg. Dei kunne brekke noko. Dei kunne omkomme.

Det siste er sjølvsagt noko ein absolutt ikkje ynskjer at skal skje.

Men det er eit godt gap i frå å skrape seg på ein kvist, og til at ein skal forulukke. Ein treng å bryna seg på noko for å vekse. Ein må dette før ein kan gå! Ein må gjere feil for å gjere noko rette. Rundt om i skulegardar og på offentlege leikeplassar er alt EU-godkjent, og skulle det ikkje vera det, vert treet sagd ned, steinen sprengd vekk eller heile leikeplassen terminert.

I Wales er ei rørsle ved navn “Free play” lansert. Bakgrunnen for dette ligg gjerne i det som nettstaden Lifehacker.com skriv;

Recent studies have shown that playing out of doors is crucial for children who are developing motor, problem-solving and observation skills, in addition to developing an understanding and relationship with nature (a.k.a. “eco-literacy“). Kids need more time to play — but not necessarily in today’s trend for organized, scheduled activities, as kids need to have moments of unstructured time to explore that helps develop their creativity and self-confidence.” – Lifehacker.com, 2014

Kontrasten til designarleikeplassen som Stavanger kommune anla i Ajaxparken i 2012 er, for å sei det mildt, gedigen!

Straks me lagar rammar for borns leik, lagar me også avtrensingar for kor langt og i kva retning dei strekk seg i si læring. Det igjen fer følgjer seinare i livet.

Ferie

I år har eg ferie. Ferie slik ein ein urban lesar tenkjer på ordet ferie. For ferie for meg er å vera heime. Heime på Sinnes. Med dei lukter og lydar som ein kjem ut for når ein går i slåtten. For fyrste gong på 33 år vil perioden mellom skuleåra bestå av noko anna enn å slå, turke og høye gras. Og det er ikkje så reint lite vemod over nettopp det!

image

I går tok eg turen til Stavanger botaniske hage der dei hadde sleie blomsterenga si, og sidan veret har vore godt i år, hadde graset turka. Det var til og med raka i saman i såter, så når eg gjekk på desse kunne eg ikkje la vere å ta meg ein god pause og verkeleg suga inn den deilige lukta som for meg er synonymt med sumar.

Eg har difor bestemt meg for at eg må få litt av slåttonna med meg, same kva som dukkar opp. Det vert berre ikkje fullt så mykje i år som tidlegare år. Men vidareførast må det…

1 2 3 22