Haust

Race to nowhere
Ein vert stadig fortalt at det er viktig å vera kritisk. Det gjeld vel også til eige val av yrke. Filmen handlar om USA, men ein kan jo lett trekka linjer til oss her i Europa, eller for den del til Asia…snurr film:
Vegen framover?
Glimt i kvardagen
Slik vert eg inspirert av:
LBA2 – Klassikar frå spelarkivet
Verdas mest fantasiske spel må vera Little Big Adventure 2! I ei fantastisk fin verd, spelar du helten, Twinsen, i hans kamp mot FunFrock. LBA2 var for meg noko heilt nytt og revolusjonerande då det kom ut. Spelet blandar litt genrar, men dette gjer det på ein god måte. Det er fyllt av action, men samstundes krevst det at ein tidvis er roleg og gjer lure val.
Gleda var stor då eg etter time på time med innsats, omsider runda dette flotte spelet.
Colonization – klassikar frå spelarkivet
Ein dag i 1994 kom eg over ein artikkel i Stavanger Aftenblad om eit nytt spel. Med eit stort bilete av motivet på spelboksen, vart interessa fanga med ein gong. Eg hugsar at eg gjenskapte biletet på eiga hand i eit eller anna teikneprogram då, piksel for piksel. Det har kome ein ny utgåve i ettertid, men originalen er like spanande å spela den dag i dag. Colonization er for min del på ein delt fyrsteplass i strategigenren, saman med Settlers.
Normality – klassikar frå spelarkivet
Nok ein durabelig god klassikar her altså. Normality is the name of the game. I god gamal adventurestil styrer du handlingane til Kent Knutson rundt omkring i Neutropolis. Her er det om å gjera å leita etter likesinna ikkje-zombiar i ei verd som har vorte for forutsigbar.
Eit uhorveleg stort tal med timar vart lagd ned i å runda denne juvelen av eit spel, og det slår meg no, at det engelske ordforrådet midt nok har hatt godt av det.
The Meatrix
Full Throttle – klassikar frå spelarkivet
Denne klassikaren frå 1995 er vel verdt eit tilbakeblikk. Det var eit spel som på den tida var heilt i toppen. Stemningane ein fekk medan ein spelte det kjem fram den dag i dag berre av å høyre den djupe røysta til Ben at.