Full Throttle – klassikar frå spelarkivet
Denne klassikaren frå 1995 er vel verdt eit tilbakeblikk. Det var eit spel som på den tida var heilt i toppen. Stemningane ein fekk medan ein spelte det kjem fram den dag i dag berre av å høyre den djupe røysta til Ben at.
Studielån
Er dette noko av grunnen til at eg er så sugen på å sletta mitt eige studielån så fort som mogleg? Det kan vel hende. Men korleis står det eigentleg til med studiesituasjonen i Noreg? Vel har vi gratis utdanning, men så vidt eg veit, er det ikkje gratis å bu der ein tek utdanningane…i alle fall ikkje om ein skal halda seg i storbyane rundt om i Noreg. I desse statsgjeldtider (Hellas/USA)…kor mykje studiegjeld har eigentleg norske studentar å betala ned dei neste 40-50 åra? Og vil vi ha arbeidsplassar nok til desse?
Vald er aldri svaret
Nokre ord frå den Irske komikaren og forfattaren Pat Condell, i etterdønningane av morda i Tyrifjorden og i regjeringskvartalet.
Kjærleik, i staden for krig
“I want you to make love, not war”
– John Lennon
Antirøyk
Ein ekte lærar
Ein ekte lærar drikk kaffi. Mykje kaffi. Det er difor eg har litt vondt når eg seier nei takk til kaffi når folk byr på det, for dernest å seie at eg er lærar. Må ein ikkje i det minste ha soge på ei kaffebønne for å kvalifisera?
Videoen kom forøvrig til meg via Google+ takka vere Rune Mathisen.
Stemmesøk
I ei tid no, har du hatt moglegheit til å søka etter informasjon på smarttelefonen din ved hjelp av kun stemma di. No har også denne moglegheiten kome til datamaskinen din.
Det du treng er ein mikrofon, og siste utgåve av Google Chrome.
Løn for arbeidet
Eg tok ein tur innom biblioteket i dag og lånte meg ei flott bok av engelskmannen John Seymour. Det var ei svensk omsetting. I innleiinga er det ei avsnitt som er titulert “Belöningar“. Det var så flott, at eg har lyst å gje deg ei nynorsk omsetting her.
“Dei eldre handtverkarane har endå den gamle haldninga til løn for det arbeid dei gjer. Tidlegare var ho allmen, men no er ho diverre sjeldan. Haldninga er at eit godt arbeid skal ha ei rettvis løn. No for tida høyrer ein helst «eg tek ut det marknaden toler.»
Eg gløymer aldri den gongen eg endeleg hadde lukkast i å overtala den dyktige handtverkaren Harry King, båtbyggjar i Pin Mill i Suffolk, om å byggje ei trejolle til meg. Dette var rett etter andre verdskrigen, då det var vanskeleg å finna handtverkarar som var i stand til slikt arbeid. Han vegra seg lenge, men til slutt makta eg altså å overtala han.
«Kor mykje kostar ho?» spurde eg.
«Tre pund pr. fot», svara han kort.
«Men hr. King, alle eg har vore hjå tidlegare har teke fire pund pr. for! Du må då ha rekna feil.»
«Tre pund pr. fot er det eg skal ha. Om det ikkje passar deg, kan du gjerne kjøpe båten ein annan stad. Eg er ikkje tvungen til å byggja båt til deg.»Den verkelege handtverkaren treng ikkje meir en tilstrekkeleg. I våre dagar, med stor sosial mobilitet, er alle ute etter meir en det ein treng. Me spør ikkje lenge «kva er vara verdt?» eller «kor mykje treng eg?», men derimot «kor mykje kan eg få?» Eg har kjent mange ungdomar som har forsøkt seg på eit handtverk og gjeve opp på grunn av at dei ikkje kan tene meir enn dei treng, sjølv om dei faktisk tente det dei hadde bruk for.
Og meir enn tilstrekkeleg, er det dei sjølve meiner at dei treng. Ei jord der kvar innbyggjar forsøker å skaffa seg meir enn tilstrekkeleg, er ei jord som kjem til å møte på problem. Og når alt kjem til alt, er eg sikker på at vi ikkje vert lykkelegare av å ha meir enn tilstrekkeleg.
Ein kan absolutt få for mykje av noko godt. Det ein vert lykkeleg av, er å ha eit yrke ein trivst i, få tilstrekkeleg kompensasjon og ta i mot den verdsetjing som er fortent.”
Lærarevaluering
Som eit siste lille sprell før sumarferien, valde eg å halde ei undersøking blandt foreldra til borna som eg har vore lærar for i år. Vurdering er jo så i vinden nå om dagen. Samtlege heimar har hatt tilgang på datamaskin, og eg har difor i stor grad kommunisert med heimane vha e-post.
No, etter at eg har teke sumarferie, våga eg å opne dokumentet for å sjå på tibakemeldingane eg har fått. Av mine 18 elevar er det kome inn svar i frå 10 av dei. Det er eg særs nøgd med.
Elevane mine, som no er ferdige med 1. klasse (huff, kor tida går), fekk på eit tidleg tidspunkt sitt eige brukarnamn og passord til skulens læringsplattform. Der har med kvar veke hatt ei digital lekse som dei skulle ferdigstille på lik linje med skrive, lese og rekneleksene. Det har ikkje vore anna enn ein ubetinga suksess! Mykje av grunnen til det, trur eg nok eg kan skulda på mi fantastisk flott foreldregruppe, som har sørga for å fylgja opp denne leksa minst like godt som dei meir tradisjonelle leksene.
Leksene har vore alt i frå å skrive bokstavane i alfabetet med stor høgd, skrive ord med bokstaven r, skrive om eigne opplevingar og til sist å laga idélister til sommarferieaktivitetar. Det har vore kjekt å laga oppgåver, og det har vore kjekt å sjå kva svar dei har kome fram til.
Det har dog vore ei avgrensing. Me har hatt ein profil for elevane som er av den bernevennlege typen. Av den grunn, har ein ikkje hatt moglegheiten til å la elevane få tilbakemeldingar på det arbeidet dei har gjort. I alle fall ikkje med hjelp av læringsplattformen sitt verkty for dette. Heldigvis vil dette endrast neste år, når profilen til elevane vert endra til ein meir funksjonell ein.
Men tilbake igjen i frå digresjonen. Eg ville sei noko om tilbakemeldingane eg fekk av dei føresette. Eg bad dei kome med ein ting dei var nøgd med, og ein ting dei kunne ønska seg at hadde vorte gjort betre/annleis. Og eg er mildt sagt overvelda. Av alle svara var det kun to negative svar. Eg er ikkje ein gong sikker på om dei er negative, for eg er hjartans einig i dei.
Det eine var at meldingsboka (i papirform) kunne ha inneheldt meir kommunikasjon. Det er eit poeng som er på sin plass, for eg har ikkje vore flink til å følgja opp denne.
Det andre var at eit foreldrepar sakna meir skulefaglege tilbakemeldingar. Det finst inga unnskyldning om eit foreldrepar opplever at dei ikkje mottek slikt. Det er arbeidet mitt å gjera nettopp det. Diverre er det ikkje konkretisert meir spesikfikt, og sidan undersøkinga var anonym er det også vanskeleg for meg å veta kvifor ein elev det er snakk om. Eg kan berre forsøke å ta dette til meg til neste runde, og gjere det betre då. Det må vera eit mål!
Og her er nokre eksempel frå resten av svara:
– Fint å få tilbakemeldinger skriftlig og muntlig.
– …oppgavene med en liten film snutt på itslearning og tradisjonelle læremåter er motiverende.
– [Han] har gjennom hele året vært veldig motivert og viser stor interesse for det han lærer.
– Vi synes det er positivt at du bruker alternative måter å lære ungene, ikke bare inne i klasserommet men og ute i naturen.
…for å nemne nokre. Kva kan ein seie, anna enn: TAKK!
Dette må vera den beste inngangen til ei avspaseringsperiode som ein lærar kan få. Det er jammen godt at det er ei stund til skulen tek til igjen, så ein kjempekry lærar kan få jekka ned egoet sitt eit par hakk.
Og slik går altså dagane…lærarkvardagane. Er det rart eg tykkjer at eg har eit flott yrke?