Eg tok ein tur innom biblioteket i dag og lånte meg ei flott bok av engelskmannen John Seymour. Det var ei svensk omsetting. I innleiinga er det ei avsnitt som er titulert “Belöningar“. Det var så flott, at eg har lyst å gje deg ei nynorsk omsetting her.
“Dei eldre handtverkarane har endå den gamle haldninga til løn for det arbeid dei gjer. Tidlegare var ho allmen, men no er ho diverre sjeldan. Haldninga er at eit godt arbeid skal ha ei rettvis løn. No for tida høyrer ein helst «eg tek ut det marknaden toler.»
Eg gløymer aldri den gongen eg endeleg hadde lukkast i å overtala den dyktige handtverkaren Harry King, båtbyggjar i Pin Mill i Suffolk, om å byggje ei trejolle til meg. Dette var rett etter andre verdskrigen, då det var vanskeleg å finna handtverkarar som var i stand til slikt arbeid. Han vegra seg lenge, men til slutt makta eg altså å overtala han.
«Kor mykje kostar ho?» spurde eg.
«Tre pund pr. fot», svara han kort.
«Men hr. King, alle eg har vore hjå tidlegare har teke fire pund pr. for! Du må då ha rekna feil.»
«Tre pund pr. fot er det eg skal ha. Om det ikkje passar deg, kan du gjerne kjøpe båten ein annan stad. Eg er ikkje tvungen til å byggja båt til deg.»Den verkelege handtverkaren treng ikkje meir en tilstrekkeleg. I våre dagar, med stor sosial mobilitet, er alle ute etter meir en det ein treng. Me spør ikkje lenge «kva er vara verdt?» eller «kor mykje treng eg?», men derimot «kor mykje kan eg få?» Eg har kjent mange ungdomar som har forsøkt seg på eit handtverk og gjeve opp på grunn av at dei ikkje kan tene meir enn dei treng, sjølv om dei faktisk tente det dei hadde bruk for.
Og meir enn tilstrekkeleg, er det dei sjølve meiner at dei treng. Ei jord der kvar innbyggjar forsøker å skaffa seg meir enn tilstrekkeleg, er ei jord som kjem til å møte på problem. Og når alt kjem til alt, er eg sikker på at vi ikkje vert lykkelegare av å ha meir enn tilstrekkeleg.
Ein kan absolutt få for mykje av noko godt. Det ein vert lykkeleg av, er å ha eit yrke ein trivst i, få tilstrekkeleg kompensasjon og ta i mot den verdsetjing som er fortent.”