#3 – Winter Games
#2 – Bubble Bobble
#1 – Giana Sisters
#3 – Winter Games
#2 – Bubble Bobble
#1 – Giana Sisters
Eg har ikkje vore hjå tannlegen sidan førre årtusen.
Den setninga der høyrest nok litt verre ut enn det eigentleg er, men likevel er det gale nok. Det er snakk om ein tiårsperiode sidan sist eg senka meg sjelvande ned på tannlegestolen. Mykje er med det same. Lydane, luktane, syna….det einaste som er endra er strengt tatt kjenslene.
Men som sagt, så er det altså ei stund sidan sist eg var innom ein medicus dentarius for ein sjekk. Hovudgrunnen er vel eigentleg det at eg ikkje har hatt særs vondt i dei, men eg fekk ein gong eit kompliment for den «flott» tanngarden min…av ei gammal dame i Nepal. Det siste der burde kanskje fortalt meg eit og anna.
Sist veke var det likevel på tide med eit raid. Det vart ikkje berre ein svipptur innom. Heile tre vitjingar måtte avleggjast før Lalita var nøgd. Japp…tannlækjaren heitte Lalita. La-la-la-laliita. Namnet rullar lett på tunga, og dei tidlegare fryktinngytande instrumenta på bordet over bringa di dansa like lett rundt i kjeften. Dalsmo sine arr i tannlegeminnet mitt var i ferd med å forsvinna som morgondogg i graset ein tidleg sommarmorgon.
Men luktane er dei same, lydane like så. Det einaste som er endra, er kjenslene. Status etter Tannlækjarveka ’09 vart slik:
Snaue 8000 kroner med andre ord. Men ein kan mest seia at det var verdt det, for heile seansen kjendest mest ikkje. Sprøyta, som eg skal innrøma at eg hadde frykta før eg steig inn i Karius og Baktur-helvetet, baud på mindre smerter enn det gjorde å skjera seg på peikefingaren med ostehøvelen tidlegare i veka. Slik sett var det vel meir smertefullt å få levert kvitteringa på gildet. Men det er her det er viktig å halda korrekt perspektiv på saker og ting.
Med tanke på at det er såpass lenge sidan sist eg var innom tanngardsreperatøren må ein jo gjera visse justeringar i reknestykket. Summen kan i det minste dividerast på 10, om ikkje endå meir. Ein endar då opp med ein tålig edrueleg årleg sum på 794 kroner, noko som slett ikkje kan seiast å vera så hakkande gale.
Men etterpåklokskap er jo som kjend den beste klokskapa, og kan hende er det også nettopp difor ein har fått plassert det velklingjande namnet «visdomstenner» på dei bakerste jekslene?
I dag tikka det inn to nyhende i RSS-lesaren min som fekk meg til å dra litt på smilebandet;
Når det er sagt, så er sjølvsagt sakene i seg sjølv ganske alvorlege. At Himalaya opplever dramatiske skiftingar i årevisse naturhendingar som dei har basert liva sine på gjev sjølvsagt dramatiske utfordringar. At det industrialiserte og til samanlikning godt førebudde Noreg slit med flom vert med eit ikkje så alvorleg…i alle fall ikkje i det store perspektivet.
Eg kan merke at mykje av bloggeviljen gjekk i do saman med min kjære iPhone. I dag kom likevel litt av gnista attende, då eg kunne lese om ein ny type mobil. Ein automobil!
Eit svensk selskap, Vehiconomics, tek opp arva etter Volvo og Saab. Dei har ikkje trua på digre bilar i bybilete og lanserer i morgen ein ny (gamal) versjon av eit mobilt transportmiddel.
Vidunderet ser slik ut. Har tre hjul, går på straum, ethanol eller tilsvarande. Maks hastigheit er frå 40 til 90 km/t, noko som skulle passa den jamne køpendlar godt.
Til ein pris av 39.000 NOK, vel og merke før Staten har lagt til sine avgifter, er dette slettes ikkje ei dårleg investering for nokon trur eg.
Spørsmålet som kverner rundt i hovudet mitt no, er følgjande;
Burde eg gå til innkjøp av ei god gammaldags analog telefonlinje?
Grunnen til det er at eg for andre gong på 2 månadar har klar å drukna iPhonen min. Denne gongen var det litt meir enn litt fukt slik det var sist. Heile sulamitten gjekk rett til botnen av doskåla, og det var vel meir flaks enn uflaks at han ikkje forsvann ned i røyrsystemet under Sandnes City!
I alle fall…eg forta meg i sakte film å fiska han opp att. Panikken greip meg litt, så eg vart ståande og glo litt apatisk på heile greia, men fekk etterkvart samla tankane og drege han på land. No er min kjære til tørk på baderomsgolvet, og sjølv om eg vanlegvis er sterkt i trua har eg vel mine tvil for augneblinken.
Det er vel neppe planlagd frå Dagbladet si side, men like fullt er det jo ein viss ironi over at den siste reklamemaskoten frå Tele2, sauen på to bein. «Born to be cheap» dukkar opp når ein klikker seg inn for å lesa ein seriøs artikkel om Darwin og den læra som har sprunge ut frå hans skriveri for 150 år sidan.
Verda er full av ulike juletradisjonar. Og dei ulike rettane som vert etne på denne dagen er meir enn juletorsk, ribbe eller pinnekjøt. Eg har difor laga ein liten video med nokre av dei «tradisjonane» eg kunne plukke opp den 24 med å bruka Twinkle.
Eg trur det må vera det sjukaste bowlingkastet eg har vore vitne til! Eg og min bror, Lars Ingve, prøvde lukka på Hana Bowling i kveld. Etter nokre rundar var ei kjegle liggjande att i renna til høgre utanfor maskineriet som skal plukke opp desse si rekkevidde.
Eg gjorde difor eit forsøk på å kaste ei kule i renna for å få ned denne kjegla. Dette vart gjort samtidig som Lars Ingve forsøke å treffe dei som stod oppreist. Uheldigvis vart kastet mitt for svakt, og kula liggjande att i renna.
Etter nokre rundar til med kule og kjegle liggjande i renna, var det Lars Ingve sin tur til å «våga vone». Eg kasta på dei som stod oppreist, og han kasta etterpå på ballen og kjegla i renna. Illustrasjonen under viser kula hans sin bane. Eg bomma på bortimot alt, og eg vil tru at det stod att ein 5-6 kjegler. Kula han kasta gjekk altså rett i kula som låg i renna. Det gjorde at rennekula trilla vidare og fekk bort kjegla som var utgangspunktet for alt styret. Men kula han kasta spratt over på motsatt side av bana, opp i innsida av veggen og tilbake att på kjeglene som stod att etter mitt misslukka kast…og fekk vekk heile kjeglene i ein imponerande strike! Som henta ut av ein tilfeldig valt Amerikansk bowling-film. (Illustrasjonen er forøvrig CC-lisensiert og klar for fri bruk i ein kvar samanheng.)
Dagens tips kjem i frå Planet Green sine vevsider, og er eit eksempel på at det ikkje nødvendigvis er vits i å bruka pengar på å handla inn dyre, kraftige kjemikalie for å gjera reingjere doskåla.
Det du gjer er som følgjer. Finn fram ei spiseskei frå kjøkkenbenken, og hell desse ingrediensane opp i doskåla:
Og vips…ei flunkande rein doskål som gjer den neste vitjinga til porselenet til ei betre oppleving. Og alt utan å ha spylt eit einaste kjemikal ned i røyra!