Category Archives: Personleg

Våren er komen

Eg saknar inspirasjon. Han forsvann ei gong i vår trur eg. Dagane vert sløve for tida. Til tross for overraskande lyse dagar her på det fagre Sunnmøre. (eg hadde beint fram gløymt at det kunne vera så mykje lys).

Det går for siste gong for min del mot eksamenar og eksamensstress. Forskjellen i år vert berre at for fyrste gong skal eg ikkje sittja å sveitte klamt på fingrane medan eg omstendelig skribblar ned den settninga eg har brukt det siste kvarteret på å forma i hovudet…smaka på orda….finne rett ordstilling. Alt det som skal til for at eg får fram det eg ynskjer å seie, men som likevel ikkje er nok til å få toppkaraktar. Men det gjer ikkje noko. Eg forlangar ikkje anna av meg sjølv enn at eg får ståkarakter. Og same kor mykje eg les på ting, så har eg likevel ingen garanti for at sensor kjem til å lika måten eg formulerer meg på. Kanskje har han/ho ein dårleg dag? Kanskje er eg ein av dei siste ho rettar den dagen, og kanskje ser ho av statistikken sin til no at ho har vore uvanleg snill med karakterane. Kanskje nettopp difor set ho ein skikkeleg dreten karakter på mi oppgåve.

Men i år er det som sagt ikkje slik. Av dei tre emna eg tek, er ein av dei ein 3-dagars heimeeksamen. Dei to andre er mappeeksamenar noko som tyder at arbeid eg har gjort i løpet av semesteret vert trekt ut og legg grunnlaget for min endelege karakter.

Og midt oppi all denne avsluttningstenkinga skal ein samtidig leita rundt på NAV sine nettsider for å finna seg ein stad ein kan halde til når det atter ei gong nærmar seg mørketida. Og samtidig som at dette er slutten, så er det like fullt starten. På noko nytt. På noko ukjent. Og eg skal sansynlegvis nok ein gong settje meg i bilen og fara avgarde mot ein ny stad der auga skal få kvila på ein ny horisont idet sola glar ned om kvelden.

Men no er det på tide å starte for seg sjølv. Internatlivet får vere slutt no. Endå så godt eg likar det. Etter 8 år er eg bortimot internatisert. Det er på tide med nye utfordringar. Vaskemaskin innomhus. Eit kjøkken der eg sjølv er sjef og kan ha det oppvasksystemet eg sjølv vil. Og kanskje viktigast…eg skal ha meg ein skikkeleg kontorstol!

Endå litt meir påskekos

Dagen i dag vart nytta til testing av nye skitrekk på Sinnes/Tjørhom. Mykje kan nok seiast om det, men eg nøyer meg med å slå fast at det var ein glittrande dag reint vérmessig medan føret nok kunne vore hakket betre. Likevel var det alle tiders på ein mini-topptur av den ganske så sløve med Ander. Galleri og film finn du under (klikke på lenkja for å sjå bilete ja…)

Galleri

[youtube:http://www.youtube.com/watch?v=Q0vGMkQdgTw]

Dagens hending frå Sinnes

Det må jo seiast å vera godt gjort å låsa seg ute i frå ein bil. Litt flaut.

Dagens desidert morsomaste hending på Sinnes, og prisen for mest underhaldning går difor utan tvil til eigaren av ein grå BMW som for augneblinken står parkert med framfre støtfangar på den kvite vegstripa i vegen medan sjåføren, to politifolk og eit lite antal skuelystne står utanfor og prøve å kome seg inn i bilen. Det synes å vera lettare sagt enn gjort, og eg trur nok det at hunden som sit inni kupeen og som på eit merkeleg vis har klart å koma borti låsemekanismen medan eigaren var utanfor bile er ganske så nysgjerrig på kvifor ikkje eigaren kjem inn og tek han med ut på lufting.

1. premie går i alle fall i dag uavkorta til sjåføren som vart låst ute frå bilen av hunden sin! 🙂

Pityriasis rosea

Det er klart det er eit visst ironisk snev over det faktum at dalstroka-innafor.net finn det for godt å publisera eit innlegg om meslingar, Illustrasjonsbilete: Pityriasis roseasamtidig som eg vert overraska av eit stort antal raude flekkar på overkroppen. Demonar har innteke meg. Eg har fått Pityriasis rosea!

Eg har tidlegare fått rimeleg nok av det Norske helsevesenet. Difor vart det denne gongen gjort sjølvdiagnostisering av Dr. Med. Phil. T.Å. Sinnes. Med eit tåleg godt utvikla synonymordforråd, ei datamaskin og nettadressa www.google.com vart det etter kort tid fastslått at pasienten hadde vorte råka av Pityriasis rosea. Litt vidare googling (å google, googler, googlet, har googlet) gav meg denne informasjonen?

Pasienthandboka.no:

«Pityriasis rosea er et selvbegrensende utslett som opptrer hyppigst om våren og høsten. Tilstanden kjennetegnes ved symmetrisk utbredelse av et utslett med svakt røde, lett skjellende, ovale flekker som måler fra få mm til 1-2 cm. Utslettet sitter gjerne i t-skjorteområdet.»

«Mer enn 75% av pasientene er mellom 10 og 35 år, med en gjennomsnittsalder på 23 år. Tilstanden forekommer noe hyppigere hos kvinner enn menn, og den rammer ellers friske mennesker.»

Wikipedia kan fortelja dette:

«…is a skin disease marked by patches of pink, oval rash. Although its exact cause is unknown and its onset is not linked to food, medicines or stress, it is thought that this essentially non-contagious condition is set off by a virus

Årsaka til denne uheldige utviklinga er etter det eg har klart å finne på Internettet endå ikkje kjent. Vidare finst det heller ikkje nokon særskildt effektiv kur. Tilstanden er heilt ufarleg og plagar vel heller folk meir ut i frå eit kosmetisk standpunkt. I løpet av ein 6-8 veker er det forventa at dei raude flekkane skal forsvinna ganske av seg sjølv. Men i den perioden vert eg altså gåande rundt og sjå ut som ei litt diger albino marihøne. (I visse tilhøve kan han rektignok drøya i 3-6 månadar, men eg kryssar fingrane).

Meir info om mi siste livserfaring:

http://en.wikipedia.org/wiki/Pityriasis_rosea
http://www.pasienthandboka.no/default.asp?mode=document&documentid=1631
http://www.lommelegen.no/php/art.php?id=386811

AA 2007 – The movie

Då er han endeleg her. AA 2007 – The movie. Dokumentasjonen på at det haustens kull med Austral-Asiatiske studentar har hatt ein aldeles fortreffeleg tur. No sit mellom 20 og 25 av dei deltakande og ser filmen på storskjem ein stad i Volda. Men for deg som ikkje kan vera der har eg fått nokre hardt tilmålte ekstra megabyte på ein vevserver her på skulen som vil vera tilgjengeleg i alle fall ein månads tid framover. Sjølv om det nok går, så vil eg ikkje oppmoda til å klikka rett på lenkja etterpå. Best resultat får ein nok med å høgreklikka, og så velgje «Lagre som». På den måten får du filmen ned på den maskina du sit på og får etter alt og døme ei betre oppleving. Så finn fram popcornet, skru opp lyden og snurr film!

Last ned filmen.

Amanda neste

Nærliggjande filmedebut…

I desse dagar når vintermørkret fortsatt har eit klampt tak på tilværet er det godt å ha eit lite prosjekt å styra med frå tid til annan. 80 gigabyte, og gudane veit kor mange timar med råmateriale har omsider vorte snekkra saman til ei samanhengande filmstripe. Det har gått med nokre ettermiddagar/kveldar…i dag flaug 7 timar avgarde som ingenting, og då eg omsider dukka hovudet ut or kjellaren der eg og Pernille sit og cross-fader, kuttar og flytter klipp om ein annan til eit mesterverk av ein AA-film, ja då hadde det jammenmeg landa 30 centimeter med mjuk snø på marka.

Men i alle fall…filmen er no ferdig redigert og berre det viktige musikkvalet står igjen…noko ein jo sjølvsagt ikkje skal ta lett på. Men premieren er i det minste eit realistisk mål i ei ikkje så alt for nær framtid. Så til alle AA-medlemmar…ver klar for å skyfla alle planar til sides til fordel for verdsdebut av AA-filmen ’07 på BK/Rokken i nær framtid. 🙂

God Jol!

Ja då har pinnesteika senka seg i mellomgolvet i takt med julefreda her i Leidli og romjula gjev oss nokre etterlengta fridagar før neste høgtidsfeiring, Nyttår. Men i tråd med urnorske tradisjonar, så er det jo nettopp dette heile høgtida handlar om.

Ein merkar også så smått at ein er blitt litt eldre. Gåvejaget er ikkje fullt så spanande lenger og ein set heller større pris på dei små ting. Spel og leik med vener og famelie, snødrev utanfor stovevindauget og Roald Øyen i TV-ruta med sine julenøtter har dei siste åra oppnåd ein betrakteleg høgare ansenitet på mi personlege Jolerangering.

Men i år gav eg meg ei litt spesiell gåve. Eller fleire faktisk. Men ei som eg har tenkt litt på før:

Utmelding av statskyrkja

Kyrkja får pengar av staten for kor mange medlemmar dei har på lik linje med andre trusamfunn. Sidan eg ikkje har noko spesielt mykje att for dette medlemsskapet, og med tanke på at skattepengane mine går med til å betala for mitt medlemsskap her har eg rett og slett kome fram til det at det ikkje er noko voldsomt poeng å fortsettja i denne klubben.

Så får ein berre satse på at det etterkvart kan kome litt meir av det kvite mjuke frå oven!

God Jul, og ha eit godt nytt år! 🙂