Category Archives: Moro

Kikhoste

Der maa kun nytes meget letfordøielig mat. Sørg for rikelig frisk luft, helst ophold ute i det frie, om ikke luften er for kold. Da sygdommen smitter særlig ved det som barna hoster op, bør man sørge for at tilintetgjøre det, og ofte vaske værelsets gulv. At desinficere værelse og tøi med svovelrøking er et udmerket middel. Hvis det blir gjort med det samme man merker hostens komme, vil man ofte kunne forhindre den. Anbring en gryte med gloende kul midt paa gulvet efter først at ha tillukket vinduer og dører og andre aapninger. Held derpaa en kopfuld med svovelblomme pa og forla hurtug værelset. La røkningen foregaa ca. 5 timer, og luft derpaa grundig ut i 24, hvorpaa værelset tages i bruk av de angrepne barn. Førend røkningen begtnder, ophænges i værelset alt det tøy man vil ha desinficert.

Jula varer heilt til påske….

Så difor tek eg meg den fridom å presentera ein halvtime med jule-teiknefilm her på dalstroka-innafor.net. Tilfeldigvis kom eg over «Halvseint» på NRK sine sider. At eg ikkje har høyrt om denne juvelen før er eigentleg merkeleg. Eller. Det er merkeleg at det ikkje har vorte omtala meir i media. Eg tykkjer til dømes at det kan måla seg med andre NRK-produksjonar som «Ut i vår hage» o.a. Så set av ein litenhalvtime og sjå jule-episoden her, eller legg ein tur innom NRK Halvseint sine sider for litt humor i kvardagen!!

Hæmorrider

Ta en spasertur daglig saa langt kræftene tillater; benyt alltid et haardt sæte, rørstoler eller træstoler. Sørg for god avføring. I lettere tilfælder er dette tilstrækkelig, ellers brukes kjølige sittebad, koldtvandsvaskeninger av partiet omkring endetarmen, forøvrig anvendelse av ale de regler vi foran har git angaaende hudpleie og bedre blodomløp (vanntegnidning, frottering av huden, gymnstik osv).

Dagens hending frå Sinnes

Det må jo seiast å vera godt gjort å låsa seg ute i frå ein bil. Litt flaut.

Dagens desidert morsomaste hending på Sinnes, og prisen for mest underhaldning går difor utan tvil til eigaren av ein grå BMW som for augneblinken står parkert med framfre støtfangar på den kvite vegstripa i vegen medan sjåføren, to politifolk og eit lite antal skuelystne står utanfor og prøve å kome seg inn i bilen. Det synes å vera lettare sagt enn gjort, og eg trur nok det at hunden som sit inni kupeen og som på eit merkeleg vis har klart å koma borti låsemekanismen medan eigaren var utanfor bile er ganske så nysgjerrig på kvifor ikkje eigaren kjem inn og tek han med ut på lufting.

1. premie går i alle fall i dag uavkorta til sjåføren som vart låst ute frå bilen av hunden sin! 🙂

Hodepine

Det enkelte andfalt kan bekjæmpes ved varme fotbad og kolde omslag paa hodet samt hvile. Ofte er det fordøeielsesforstyrrelser som er aarsaken; man maa derfor passe paa at fordøielsen er i orden. For nervøs hodepine er et varmt bad, en spasertur eller en hvilestund i et stille, kjølig værelse at anbefale. Hodepine som har sin oprindele i træthet, avhjælpes ved at man trykker en svamp, dyppet og vredet i kokende vand, i nakken og paa tindingene. Mot nervegigt i hodet kan benyttes varme omslag; ellers rikelig søvn og hvile.

Engelsk syke

Nærende kost for mor og barn. Saa længe diegivingen varer, maa moren leve paa kraftig mat og tillike drikke megen frugtsaft og avkok av bladgrønsaker. Faar barnet flaske, maa man skaffe den bedst mulige føde ved at lage kunstig mordermelk. Ved siden herav lages kornavkok til det at drikke, da det indeholder en stor mængde salte. Desuten ma barnet ut i luften og solen saa meget som mulig; det maa ha daglig bad, helst ogsaa massage.

Religionars utbreiing

Det er ikkje alltid at religionar høyrer heime alle stader. Av og til er det rett og slett berre for usansynleg at det skal eksistere noko som rår over menneskja og naturen, og andre gonger er det rett og slett berre dei naturlege tilhøva som set ein stoppar for misjonering. Kristendomen har vel til dømes aldri hatt særleg mykje utbreiing i dei nordlege område på kloden:

Kvifor kristendomen aldri har festa seg i arktiske strøk...

Pityriasis rosea

Det er klart det er eit visst ironisk snev over det faktum at dalstroka-innafor.net finn det for godt å publisera eit innlegg om meslingar, Illustrasjonsbilete: Pityriasis roseasamtidig som eg vert overraska av eit stort antal raude flekkar på overkroppen. Demonar har innteke meg. Eg har fått Pityriasis rosea!

Eg har tidlegare fått rimeleg nok av det Norske helsevesenet. Difor vart det denne gongen gjort sjølvdiagnostisering av Dr. Med. Phil. T.Å. Sinnes. Med eit tåleg godt utvikla synonymordforråd, ei datamaskin og nettadressa www.google.com vart det etter kort tid fastslått at pasienten hadde vorte råka av Pityriasis rosea. Litt vidare googling (å google, googler, googlet, har googlet) gav meg denne informasjonen?

Pasienthandboka.no:

«Pityriasis rosea er et selvbegrensende utslett som opptrer hyppigst om våren og høsten. Tilstanden kjennetegnes ved symmetrisk utbredelse av et utslett med svakt røde, lett skjellende, ovale flekker som måler fra få mm til 1-2 cm. Utslettet sitter gjerne i t-skjorteområdet.»

«Mer enn 75% av pasientene er mellom 10 og 35 år, med en gjennomsnittsalder på 23 år. Tilstanden forekommer noe hyppigere hos kvinner enn menn, og den rammer ellers friske mennesker.»

Wikipedia kan fortelja dette:

«…is a skin disease marked by patches of pink, oval rash. Although its exact cause is unknown and its onset is not linked to food, medicines or stress, it is thought that this essentially non-contagious condition is set off by a virus

Årsaka til denne uheldige utviklinga er etter det eg har klart å finne på Internettet endå ikkje kjent. Vidare finst det heller ikkje nokon særskildt effektiv kur. Tilstanden er heilt ufarleg og plagar vel heller folk meir ut i frå eit kosmetisk standpunkt. I løpet av ein 6-8 veker er det forventa at dei raude flekkane skal forsvinna ganske av seg sjølv. Men i den perioden vert eg altså gåande rundt og sjå ut som ei litt diger albino marihøne. (I visse tilhøve kan han rektignok drøya i 3-6 månadar, men eg kryssar fingrane).

Meir info om mi siste livserfaring:

http://en.wikipedia.org/wiki/Pityriasis_rosea
http://www.pasienthandboka.no/default.asp?mode=document&documentid=1631
http://www.lommelegen.no/php/art.php?id=386811