Category Archives: IKT

Denne kategorien innheld, som namnet kanskje fortel, ting som tek føre seg IKT-spørsmål.

Hei! Kan eg få litt merksemd?

Professor i pedagogikk ved Høgskulen i Volda, Peder Haug, tordna mot bruk av sosiale media i skulen på i “sumpen” denne veka. Drønna har gjeve gjenklang over det ganske land, og Vev 2.0-lærarstanden har vore i harnisk over det som har kome på trykk.

Det kan sjølvsagt hende at professor Haug har vorte feilsitert, men i og med at ei avis er eit medium som har vore på bana ei stund, reknar eg med at saka i det store og det heile gjenspeilar Haugs meiningar.

Andre har teke tastaturet fatt og formulert kloke bloggpostar omkring Peder Haugs utspel, til dømes Eva Bratvold og Øystein Johannessen. Difor skal eg ikkje ta fatt på eit slikt skriveri, då eg langt på veg er einig i det dei allereie har skrive. Kjerna i det Peder Haug tek opp, er også etter mitt syn klasseleiing.

Er dette Peder Haugs draumeskule?

Når det er sagt, vil eg også peika på det som står i artikkelen om fokus, eller merksemd som Randi Fiksdal retta meg til . Spørsmål eg stiller meg er til dømes:

  • Kva er merksemd?
  • Kvar kjem det frå?
  • Kan merksemd lærast, eller er ein født med det?

I ein podcast frå NRK sitt Verdt å vite (eller er det no Ekko?), kan ein etter snaue 24 minutt høyra ein reportasje om forsking på born med ADHD ved Høgskulen i Gjøvik. Eg tykkjer det er interessant, og ein absolutt tankevekkar at ein ser på ei slik side av saka.

Fyrsteamanuensis ved Høgskulen i Gjørvik, Simon McCallum seier det slik;

“…there’s research in the US showing that you can retrain students who have attention deficit problems, because the problem is that they loose focus, and because they don’t know what focus is, because it’s a learned thing.” – Verdt å vite – fokus og ADHD

Så då har eg det litt som å vera mellom veden og barken…kven skal eg høyra på? Professoren som nytta sin status til å inspirera mitt kull med medstudentar ein heil times tid i løpet av fire år i Volda, eller fyrsteamanuensisen som eg aldri har truffe?

Vidare har eg den siste veka kome over denne artikkelen som tek føre seg, ehm, fokuset på fokus søkelyset på merksemda. Eg tykkjer her at spesielt det siste avsnittet er særs interessant;

Nevertheless, this new research demonstrates that, for a certain segment of the population, distractibility can actually be a net positive. Although we think that more attention can solve everything—that the best strategy is always a strict focus fueled by triple espressos—that’s not the case. Sometimes, the most productive thing we can do is surf the Web and eavesdrop on that conversation next door.” – Wall Street Journal, 19 feb. 2011

Summa sumarum, så kjem eg ikkje fram til anna enn det så mange av mine medborgarar på nett har kome fram til, at det er klasseleiing som er nøkkelordet her. Klasseleiing, klasseleiing, klasseleiing!

RSS

RSS er kanskje den flottaste nyvinninga sidan hjulet. Det er navet i min digitale kvardag. Ei er ikkje av dei som sit og klikkar seg i frå avisside til avisside i ein evig runddans etter nyhende.

Likevel er det eit men.

Den siste tida har det nemleg slått meg at å ha “Google Leser (130)” framom auga kvar gong ein opnar nettlesaren gjerne kan ta ein del tid det og. Tid eg kunne ha nytta betre. Difor har eg i dag teke ei opprydding i RSS-kjeldene mine.

Eg har no redusert talet frå 174 til “berre” 140. Gjerne ikkje så mykje seier du? Eg vonar at noko av løysinga på den evige runddansen av RSS-kjelder, er at eg har fjerna nokre av dei tyngste. Dei som kom med dei hyppigaste oppdateringane. Dei har eg i staden lagd til som bokmerke, og kan sjekke frå tid til annan når eg ynskjer det. Ingen av dei var uansett noko eg trong automatiske oppdateringar frå.

Det som gjenstår, er ei heil rekkje personlege bloggar av folk eg kjenner eller folk eg tykkjer har fornuftige saker å koma med, samt nokre få andre med ein edrueleg publiseringsrytme.

Så då gjenstår kva effekt eit slikt grep vil ha. Blir det suksess kan det fort hende at neste steg vert å fasa ut Facebook.

Vaksne og born som vener

Eg har tidlegare skrive litt om temaet lærarar og elevar som vener på Facebook. For ikkje mange dagane sidan dukka denne artikkelen opp på NRK sine nettsider.

No har Lisa Nielsen (The Innovative Teacher) nok ein gong kome med nokre edruelege tankar omkring læarars og elevars interaksjon på nettet. Ho tek fatt i ein bloggpost skriven av Ben Grey.

Der heiter det om sosiale media mellom anna at;

“The logic cited behind banning such mediums is most often due to the danger and risk of inappropriate interactions between teachers and students. If that’s the case, then there’s a whole lot more banning that we need to do. Because what about the times when students stay after school to get help from a teacher? Or what about the times when students call a teacher’s classroom phone for help? Or what if a teacher tutors a student? Or what if a teacher bumps into a student at the local mall?”

Les meir enn gjerne heile posten hans her; A little common sense.

Brukartips – Google Chrome + Google Calendar

Ei datamaskin skal helst vere eit effektivt verkty. Og det er nettopp i den samanheng at dette tipset kjem inn i biletet.

Er du brukar av nettlesaren Google Chrome, samstundes som du nyttar same selskaps (altså Google) kalendarprogram, då kan dette tipset gjere dagen din hakket meir effektiv.

I Google Chrome si adresselinje, eller “omni bar” som dei kallar det, har du moglegheiten til å skriva inn søkeord direkte. Dvs at du ikkje treng å skrive www.google.com, trykke enter og SÅ søke etter oppskrifta til dei sju kakeslaga du allereie er på solid etterskot med til jul.

Nei…du kan rett og slett skrive inn “7 kakeslag oppskrift”, og så sender Google Chrome deg automagisk til søkeresultata. Men du kan og legge til andre søkemotorar slik som Telefonkatalogen, Youtube, Facebook, Kvasir, Dokpro, Ordnet….ja mest sagt kva det skulle vere!

Når eg skal søke etter noko på Youtube, skriv eg “y”, trykker på tabulatortasten og skriv så inn det eg vil leite etter. Då kjem eg direkte til den videoen eg kanskje er på leit etter.

Her er eit eksempel på korleis du legg til andre nettlesarar, i dette tilfellet, Wikipedia:

Slik kan du altså nytta omni baren til å leggja til avtalar i kalendaren din…om du nå nyttar Google sitt alternativ.

Det du må gjere er å leggje inn følgjande linje der det i videoen over heiter “URL”: http://www.google.com/calendar/event?ctext=+%s+&action=TEMPLATE&pprop=HowCreated%3AQUICKADD

Eg nyttar “cal” som nøkkelord i omni baren, etterfølgd av tabulator-tasten. Deretter skriv eg inn data for møtet/avtalen, og vips ligg det eit nytt element i min kalender. Jf. biletkarusellen under…

Tipset er opprinneleg henta i frå nettstaden Lifehacker.com.

Julegåve frå meg til It’s Learning

16 desember kom It’s Learning med ei lenge etterlengde oppgradering av læringsplattformen dei leverer til det norske (og andre) skuleverk.

Forventningane var nok gjerne litt i høgaste laget, for endringane er ikkje grandiose.

Etter den siste brukarkonferansen til It’s Learning, vert det sagt at det vil verte meir fokus på brukarvennligheit. Det er i så fall ikkje for tidleg, for nettopp dette er noko fleire enn eg har bite meg merke i:

For det er nettopp det som skjer i it’s learning – brukersnittet ødelegger for det som skal skje på en læringsplattform – læring. it’s learning fremstår som byråkratisk, gammeldags og usosialt. Det kan vel ikke være intensjonen? – mortempo.net

og…

Vi trenger jo ikke bry oss om hva brukerne synes, så lenge vi tjener penger. – idaallen.wordpress.net

Så antan It’s Learning vel å bry seg om dette eller ei, her kjem eit tips til utbetring!

På It’s Learning kan ein lasta opp filer til noko som dei har definert som “mine webfiler”. Dette kan vere tekstfiler, biletfiler, videofiler og lydfiler. Det er berre storleiken som vil avgjera om du gjerne ikkje får lasta det opp.

Dette kan ein så settja inn i til dømes eit notat. (Peker til fil (mine webfiler) Nettopp det har eg gjort med nokre lydfiler. Problemet her er at ein ikkje har råderett over korleis desse “webfilene” vert presentert. Ein ender opp med ei lenkje til fila som vert opna opp i eit nytt vindauge. For elevar i 1. klasse, altså på barneskulen, ikkje vidaregåande, kan det fort verte noko forvirrande.

Det er ikkje mykje programmering eg driv med i min lærarkvardag, men såpass kan eg at eg har knota meg fram til følgjande eksempel til korleis det ville ha vorte meir brukarvennleg.

Det er altså her tale om kun nokre få linjer kode, for å gjere det heile meir brukarvennleg. Kva som hindrar It’s Learning i frå å ta dette steget veit eg ikkje, men no kan dei i alle fall sjå at det er mogleg!

Så skulle julenissen i Bergen settje pris på gåva, er det berre å ta kontakt for avtale om konsulenttenester. Diverre tok det nok lenger tid å forfatta denne bloggposten enn det gjorde å gjere brukaropplevinga i It’s Learning betre…med skatt vil eg sikkert gå i minus, så sjå på det som ein donasjon. God jul!

IKT-planar

Det er mange ulike IKT-planar rundt omkring i landet vårt. Ein kan nok slik sett etterlyse ein nasjonal mal med konkrete eksempel i dei ulike faga.

Enn så lenge så får ein laga sine eigne, eller kopiere frå skule til skule.

Problemet er gjerne at ein ikkje finn fram til slike planar utan at ein skal måtte leite rundt omkring på heile internettet.

Difor har eg laga eit skjema der du kan kome med dine topptips til kva ulike kompetansar du meiner at ein skal meistre i dei ulike faga, på dei ulike trinna.

I tillegg har du i tillegg moglegheit til å skrive inn ein URL til IKT-planen på din skule på det siste spørsmålet, om de har ein.

På førehand takk!

Facebook, lærarar, elevar og “venning” – soga fortset

For ei stund tilbake skreiv eg litt omkring temaet Facebook, lærarar og venestatus.

Frå ein av mine favorittbloggarar på nettet, altså ein av dei eg har i RSS-straumen min, The Innovative Educator, dukka det i dag opp litt herlege, frigjerande tankar omkring nett dette temaet.

Litt utdrag for å settja leseslysta di i sving:

“…outcries to ban teachers from “friending” students on Facebook. Innovative educators know this is confusing, rather than addressing, the issue.”

Vidare skriv Lisa Nielsen, den New York-baserte læraren bak bloggen The Innovative Educator:

“Rather than what the media might have you believe, this means we need to encourage, NOT discourage educators from “friending” students not just on Facebook, but on playgrounds, in classrooms, and in the community.”

For min eigen del var dette, og resten av bloggposten herleg lesing. Så klikk deg vidare og få litt andre impulsar enn dei dommedagsprofetiane du les om i riksavisar frå tid til annan.

The Innovative Educator om Facebook, lærarar, elevar og “vener”.

Mangen bekkar små, gjev ein stor Åhh!

Stavanger Aftenblad skreik i mot meg i bladhylla i dag med følgjande framside;

Forsker ved UiS: Vi leser lettere på papir enn på skjerm.

Kunne eg la vere å kjøpe det for å lese kva Anne Mangen no hadde funnet ut? Sjølvsagt ikkje!

Fyrst av alt…ein ting er eg og Anne Mangen einige om. Ein PC er ikkje det beste vertyget til alt skulearbeid. Men der sluttar også likskapane. Det skal også seiast at i og med at artikkelen ikkje er skrive av Anne Mangen sjølv, så skal ein ta innhaldet med ei klype salt. Likevel er nokre av sitata ho har fått med, vinkla på ein slik måte at eg har vanskeleg for å la dei liggja ukommenterte.

Mangen seier sjølv at ho har teke utgangspunkt i lange, samanhengande tekstar, med både bilete og hyperlenker. Der skurrer det for min del. Eg har ennå ikkje lese ei einaste bok med hyperlenker, så korleis kan ein med eit slikt utgangspunkt kan gjere ei samanlikning er for meg litt vanskeleg å forstå.

Det er heller ikkje definert kor lang ein lang tekst er. Dette heng vel igjen saman med lesehastighet til den einskilde? For ikkje å snakke om temaet som vert teke opp i teksten, og om ein finn det interessant i utgangspunktet. Gjer ein ikkje det, kan jo sjølv ein kort tekst framstå som utåleleg lang.

Forskaren skildrar fleire gonger i artikkelen det å lese på skjerm som eit ork av ei anna verd. Ein må jo klikke og scrolle rundt omkring på denne virtuelle flata som ein gal, og ein kan aldri vere sikker på kva som kjem fram etter eit klikk.

Vidare seier ho også at ein aldri kan vere sikker på kvar ein er i ein digital tekst.

Desse to utsegna seier meir om Anne Mangens digitale kompetanse, enn dei gjer om lesing på skjerm.

For det fyrste er det ikkje lenger ein tekst ein les om ein vel å klikke seg inn på ei lenkje. Då er det to. For det andre bør ein lese gjennom heile teksten før ein set i gang med ekstra lesing.

Anne Mangen siteres også på følgende;

Skal vi skrive en B med blyant, må hånden øves til å gjøre spesifikke bevegelser for å forme bokstaven. Trykker vi på en B på tastaturet, må hånden ikke gjøre noe annet enn når vi skriver en N, som ligger rett ved siden av.”

Her har ein altså gjenge over på temaet skriving, men eg tillet meg å kommentera det likevel.

Er det mogleg at Anne Mangen ikkje skriv med touch-metoda? Hadde ho gjort det, ville ho ha merk at om ho nytta fingrane på same måten, for å skrive to ulike bokstavar, så ville autokorrekturen fått mykje å gjere. Vinklinga på fungraner er ulike. Ein nyttar ulike fingrar, og jamvel og ulike hender. Ved skriving for hand, nyttar ein etter det eg kjenner til, berre ei hand. Helst den høgre.

Når små born skal lære å skrive bokstavar, kan det for mange, kanskje spesielt gutar, vere betre å få lov til å trykke på ein tast med bokstaven B på, i staden for å sirleg snirkle ned strekane som nokre vaksne har definert som bokstavar. Dette gjeld kanskje meir i dagens skule enn tidlegare, i og med at me har bestemt oss for å sende born i 5-årsalderen på skulen.

At motorikken kanskje ikkje er i høgsetet hjå desse aller minste, er ikkje noko ein burde bli overraska over. Ikkje minst i eit samfunn som har vorte så stillesittande, og lite fysisk utfordrande som det det har vorte her i Noreg.

Det synest altså underleg at Anne Mangen så bastant kan definera PC’en ut av likninga på lange, samanhengande tekstar, når det skin så gjennom at Anne Mangen sjølv ikkje kan ha funne rett subverkty å nytte når ho har valt å testa datamaskinverktyet i høve til lesing og skriving.

Det finst mange ulike typar program å lese tekst i. Tekstane vert gjengjeve på ulikt vis alt etter som. Det finst og mange ulike typar skjermar å lese tekst på i og med at vi no også har fått digitale bøker.

På to år har tydelegvis ikkje Anne Mangen kome fram til noko nytt. Aftenbladet burde difor ta seg fem minutt, og spørje seg om det verkeleg ikkje var andre saker som hadde større nyhendeverdi enn lesing på skjerm.

Dersom UiS har pengar til overs, kunne eg forøvrig gjerne tenke meg eit stipend for å teste Anne Mangens digitale kompetanse før neste forskingsartikkel vert utgjeven.