Category Archives: Sirdal

Lokale tema.

Vips så var det mai

Ein får jo nesten ikkje summa seg lenger før ein månad er over. Kva hendte eigentleg i april? Påskeferie, nokre dagars gruing til forprøvar, og så var det dokfilm. Og det var vel eigentleg det sånn kort oppsummert.

Dreiv litt dugnadsarbeid for Janne i dag, og vart sittjande å glo på mikrofilm av Stavanger Aftenblad frå 1962. Undervegs fann eg jaggu også nokre artiklar heimanifrå! 🙂 Artig.

Sirdal 2Sirdal 1

Småflørt?

Akkurat i det påska er eit tilbakelagd steg våren 2007, så opnar himmelens sluser seg og dekkjer heile marka att med (til nå) nærare 40 cm snø. Heilt lett puddersnå. Den beste ein kan få. Og sidan eg nok ikkje akkurat har sett pris på det stort sett fine påskeveret så langt i ferien min, så fann eg ut at det var like greit å hoppe i det…:) Men det varer vel neppe lenger enn til i morgon…

Snø #1

Eg kjenner mine fiskebollar…

Det er ikkje kvar dag eg har gleda av Mamma sine fiskebollar lenger. Slik er det å vera student. “Det enkle er ofte det beste”…og då lagar ein seg ikkje avanserte middagar medmindre det er noko særs spesielt på gang. Men i feriane, i feriane er det tid for å godte seg med alskens godt som min personlege kokk gjennom ei årrekkje, Mamma, kan trylle ut av ermet.

Stor var difor overraskinga då eg kom inn dørene for å eta middag. På bordet stod ein, etter alt å døma, kjempegod rett. Fiskebollar i kvit saus, lauk og med ost på toppen. Eg sette meg ned, lessa tallerkenen, og hogg innpå. Tennene sprang i vatn over den gilde smaken….men vent….kva var no dette?! Fiskebollane, sjølve rosinen i kaka, smaka då unekteleg av…..ja kva var det mine grandiosavaldtekne smakslaukar kjende?! Det var då ein umiskjenneleg smak av fisk-fisk?! Dette kunne då ikkje stemme. Her har eg i alle år vorte oppfostra på ekte, kunstig produserte Bjelland’s fiskebollarBjelland’s er best……men dette kunne då ikkje vera det? Eg valde å teie, og forsynte meg i staden av litt til frå tallerkenen. Det måtte jo vera noko gale med meg…kanskje hovudet var innstillt på ein anna smak, og difor spelte meg eit puss?! For Mamma kunne då i allefall ikkje ha mista “X”-faktoren…den som gjer at hennar mat faktisk smakar best!? Andre forsøk…og jo. Den umiskjennelege smaken av fisk-fisk var der fortsatt.

No kunne eg ikkje la vere å teie lenger. Kva var det som hadde hendt med dei alltid så perfekte fiskebollane? Latter. Kva? Hadde eg så smått byrja å bli rotete i hovudet? Nei! Det kunne då verkeleg ikkje vera. Eg forsøkte å forklare kva det var som ikkje stemde, og etter litt saklig argumentasjon for at eg ikkje gav kokkekunstane til Mamma noko skuld for dette, så kom det då opp i dagen. Ho hadde teke i bruk ein anna ingrediens. Ho hadde lete mine kjære Bjelland’s fiskebollar gå planka, til fordel for nokre annanrangs humbugbollar.

Men slikt kan ein jo sjølvsagt ikkje gjere utan å verte gjort merksam på det av godt vande søner som har kjend den herlege Bjelland’s-smaken jevnt og trutt i godt over 20 år. Så med dette, så vonar eg at slike feilsteg ikkje vil skje igjen ved seinare høve. Du kan gjere mykje mot meg, men fiskebollane mine, nei dei tek du ikkje frå meg!

Påsje

Då var det den tida på året igjen, då Jesus døyde og fann ut at det ikkje var så kult, så han stod like godt opp att. Det er og på denne tida Sirdal flaumer over av turistar og sirdalsungdom i eksil på diverse utdanningsinstitusjonar rundt om i landet. Også eg fann det for godt å ta turen heim no. Så flankert av Marie, sette eg meg på flight 149 ut av Volda, og flaug forbi Rotsethornet i retning sør.

Volda 1
Volda 2
Volda 3
Volda 4
Volda 5
Volda 6
Volda 7
Volda 8

Versus

No skal eg ikkje laga noko stort poeng ut av dette, men eg fekk tilsendt eit bilete her om dagen av ein solnedgang utanfor jærkysten. Rett så fint var det, men eg vågar vona og legg ut eit bilete til samanlikning, så kan du sjå sjølv kva ditt auge set mest pris på.

Solnedgang på jæren

…og inn frå vingen, frå havgapet i vest på sunnmøre, kom det akkurat ein ganske så habil konkurrent…

Muslimar i Sirdal

Ja det er  kanskje ikkje fullt så “galt” som det kan høyrast ut som i fyrste omgang, men av ein eller annan grunn, så har tydelegvis ei marokkansk hackargruppe funne ei utfordring i å ta seg inn på servaren til Sinnes Skule. Ei raskt søk på Google, viser at min kjære skule heime ikkje er dei einaste som har vorte besøkt av desse spenstige Marokkanarane. Personleg må eg vel berre sei det, at det var nok diverre ikkje eit stort tap om sida vart bytt ut med det som viser på biletet under…sida som var frå før, var nok diverre ikkje av dei mest innovative eg har sett.

Sinnes Skule vart hacka

Glimt fra barndommen

For ei lita stund si, fekk me rota oss til å gjere all 8mm-filmen med hadde liggjande heime digital. Eg har lenge hatt dei to dvd’ane me fekk ut av det liggjande her på datamskina mi, men omsider klarte eg å få heve meg rundt og brent dei på dvd. Eg laga også i den samanhengen ein liten smakebit..rett så nostalgisk er det, der far forsøker å lære meg korleis eg skal handtera desse trepinnane som eg har fått festa til føtene mine samtidig som eg koordinerer dei litt for lange stavane…

[youtube:http://www.youtube.com/watch?v=0nnEs980TGk]

Ironien i det heile…

Då lakkar og lir det så smått mot ferieslutt. Det har vore ei fin tid. Eg har hatt det så fint som ein kan ha det takka vere den alt for tålmodige mammen min. Kleda mine har ho vaska, ikkje har ho vekt meg om morgonane (sjøl om eg har bedt ho om å gjøra det når samvitet har rådd meg til det), og verdas beste mat har eg og fått! Kort og godt ei draumejul. Takk takk mamma! (og ja, eg seier “mamma”….hald att tåta)

Det einaste som mangla, var eigentleg snøen…som sjølvsagt ser ut til å finna det for godt å leggja seg mjukt over dalen akkurat idet eg, og elles alle dei ferierande rogalendingane som i sine fantasiar om Øvre Sirdal som deira personlege winterwonderland har lagt nyttårsfeiringa si til denne lokasjonen, reisar herifrå att. Får vel berre håpe og tru at alt det kvite regnar bort att!

Novel…det er merkeleg med det, men det slår aldri feil at ved enden av kvar einaste ferie eg kan hugse, så har eg gleda meg til å byrje på skulen att. Slik sett er ikkje denne jula ulik nokon av dei føregåande. Det er rart med det…

Men då er det altså berre å stålsettje seg, og gjere seg klar for tre vekers skulepraksis som sjølvsagt kjem ALT for fort på etter ferien. Trøysta får vel vere at det er den siste, og at det stort sett endar opp med å vere mykje kjekkare enn det eg hadde tenkt meg på førehand.

Så adios Sinnes, HOLA VOLDA!