Ironien i det heile…

Då lakkar og lir det så smått mot ferieslutt. Det har vore ei fin tid. Eg har hatt det så fint som ein kan ha det takka vere den alt for tålmodige mammen min. Kleda mine har ho vaska, ikkje har ho vekt meg om morgonane (sjøl om eg har bedt ho om å gjøra det når samvitet har rådd meg til det), og verdas beste mat har eg og fått! Kort og godt ei draumejul. Takk takk mamma! (og ja, eg seier “mamma”….hald att tåta)

Det einaste som mangla, var eigentleg snøen…som sjølvsagt ser ut til å finna det for godt å leggja seg mjukt over dalen akkurat idet eg, og elles alle dei ferierande rogalendingane som i sine fantasiar om Øvre Sirdal som deira personlege winterwonderland har lagt nyttårsfeiringa si til denne lokasjonen, reisar herifrå att. Får vel berre håpe og tru at alt det kvite regnar bort att!

Novel…det er merkeleg med det, men det slår aldri feil at ved enden av kvar einaste ferie eg kan hugse, så har eg gleda meg til å byrje på skulen att. Slik sett er ikkje denne jula ulik nokon av dei føregåande. Det er rart med det…

Men då er det altså berre å stålsettje seg, og gjere seg klar for tre vekers skulepraksis som sjølvsagt kjem ALT for fort på etter ferien. Trøysta får vel vere at det er den siste, og at det stort sett endar opp med å vere mykje kjekkare enn det eg hadde tenkt meg på førehand.

Så adios Sinnes, HOLA VOLDA!

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *