Category Archives: Politikk

Det hender at eg tek føre meg litt politikk og.

Om kvar skoen trykkjer

Eg trur eg har ergra over bruken av IKT i skulen sidan eg slutta i grunnskulen. Det er 12 år sidan. Etter det har eg stort sett hatt meir peiling på korleis ting kan gjerast enn det lærarane har hatt.

No, eit dusin år seinare, er eg sjølv altså lærar og eg vert altså av media stempla som ein udugeleg brukar av IKT. Rett nok har ingen endå sagt det direkte til meg, men det er klart eg tek det til meg når slikt dukkar opp i overskriftene til stadigheit. Litt på same måten som at ærlege rumenarar vert eitrande forbanna over at dei fer skylda for å kriminalitetsbølgja som nokre få råtne blad stod for i sumar. Det er ikkje kjekt.

Men eg gjer så godt eg kan. Eg gjer det eg maktar for å utdanna mine kollegaer, og eg gjer det eg kan for å utdanna elevane. For å gje dei alle eit lite drypp av auka digital kompetanse. Og reint bortsett frå at nokre heilt sikkert helst hadde sett at eg hadde fiksa problemet for dei og forsvunne  slik at dei kunne gjera ferdig vekeplanen, så våger eg å tru at dei på eit eller anna tidspunkt vil sjå attende og vera takksame for hjelpa. Noko dei sjølvsagt er der og då, men eg er ikkje alltid overtydd om det er ekte takksemd, eller berre god danning…altså høfligheit.

ITU kunne i 2007 melde om at 3 av 4 lærarar sjeldan nytta IKT i undervisninga. ITU er ein «nasjonal FoU-enhet innen feltet IKT og utdanning«, så dei burde veta det. 19. august i år legg så NRK skylda på lærarane. Det er lærarane si skuld at den digitale kompetansa som skuleelevane skal læra seg er på slikt eit skralt nivå…

TULLPRAT, seier eg!

Det som hindrar utviklinga av bruken av IKT i skuleverket er ikkje lærarane. Fleire lærarar enn ein skulle tru har eit ynskje om å nytta IKT i undervisninga, men det stoppar i mange tilfelle med at dei vert møtt av ei kommunalt IKT-byråkrati/hierarki som har linjer som eit spindelvev på Runde etter at siste hauststormen nett har fore oppover vestlandskysten.

Eg har endå til gode å treffa på ei sentral IKT-avdeling som tek i mot tips frå lærarstanden, og hiv seg rundt for å prøva noko nytt. Ikkje ein gong på høgskulenivå under mi fireårige utdanning var det tilfelle.

I Sirdal talte eg, og andre, sjefane midt i mot då dei ville kjøpa inn «mediumterminalar» til heile ungdomsskulesteget i kommunen. Etter å ha vedteke innkjøp av stasjonære maskinar i kommunestyret, gjekk likevel IKT-sjefen, i strid med sitt eige tidlegare gjevne råd, inn for å handla inn berbare datamaskinar.

I Sandnes krangla eg etter mitt syn for lenge for å få fram poenget om at det var for mykje sikkerheit for å kome på nett med dei berbare datamaskinane dei hadde der. Ei pålogging kunne ta opp mot 20 minutt….om du var så heldig å koma inn i det heile. Etter mykje mas, og etter å ha gjort meg tåleg upopulær hjå IKT-folka på rådhuset, fekk eg innvilga ei vitjing frå dei høge herrar til min ringe skule. Og etter ein del fram og attende, så vart det til slutt prøvd ut eit nytt system for dei trådlause maskinane.

Siste skot på stamma er at eg såg meg nøydt til å overføra nokre bilete frå mi private datamaskin etter at eg nytta mitt eige kamera for å ta nokre bilete i arbeidssamanheng. Letaste måten å gjera dette på, er å lasta opp bileta til Google-kontoen via Picasa. Problemet er berre at eg ikkje;

a) Har lov til å installera Picasa på jobbmaskina
b) Har tilgang til Picasaweb
c) Har lov å lagra store biletarkiv på skulemaskina

Nettopp. Så kva vert eg rådd til å gjera? Det er mest så ein må ta seg saman for ikkje å krampele, men faktum er at eg i 2009 vert beden om å ta med meg bileta til skulen via minnepinne, cd eller diskett. Ja du les rett. Eg vert frå sentralt hald i kommuna beden om å frakta med meg bileta til arbeid i eit format som ikkje har hatt livets rett sidan 90-talet.

Eg tek meg sjølv i å undra over kva slags form for digital kompetanse dei sit med. Ikkje ein gong ein lærar i den norske barneskulen ville ha kome på ideen om å nytta diskett til å kopiera bilete frå ei maskin til ei anna! Den påstanden vågar eg.

Kvifor skal eg vera så vanskeleg, i staden for berre å kopiera bileta på ein minnepinne eller ei cd-plate då? Vel. Argumenta er mange. Her er nokre av dei;

Minnepinne

  1. Forsvinn
  2. Knekk lett om ein er litt snar i svingen
  3. Pinnen min vert nytta til andre ting enn filhandsaming

CD-plate

  1. Er i ferd med å fylgje etter diskettane
  2. Er ikkje noko eg tilfeldigvis har liggjande rundt
  3. Knekk lett
  4. Forsvinn

I tillegg til dette, så kjem sjølvsagt det obligatoriske med at, om ein samanliknar med til dømes kommunikasjon, det er like fornuftig å frakta bilete på portable lagringsmedium som det er å skriva ein SMS og senda telefonen i posten til mottakaren!

Så stikk i strid med det NRK meiner, seier eg at det ikkje er lærar som er flaskehalsen, men derimot byråkratiet i kommunenoreg. Ein kan ikkje halda på med ei godkjenningstid på 2 år for programvare som skal vera tillate i nettverket når det innan den tid det vert godkjent har kome to nye oppdateringar som vil krevje nye godkjenningstiltak. Mitt råd er; opne opp! Slepp til alt. Nokre dokument vil kanskje forsvinne ut i det store internettholet, men slikt lærer ein av. Det heiter på fint digital kompetanse. Å unngå å få virus på maskine som ikkje har antivirussprogramvare installert…det er og digital kompetanse. Du treng nemleg ikkje fleire vevhotell frå John i Kina, så la ver å trykk på nettopp den e-posten.

Perspektiv

I Noreg kan ein rett som det er høyra folk støna over utkantsstroka. Desse sære folka som plent ikkje skal verte urbane, men i staden tviheld på ein slags rett dei har til å bu langt uti huttiheita. Politikarar kallar dette distriktspolitikk. Folk på Frogner i Oslo kallar det galskap, eller i beste fall eksotisk.

Oddgeir Bruaset har gjort det å bu nord for Sinsenkrysset til underhaldning med sitt Der ingen skulle tru at nokon kunne bu. God underhaldning. Han pirrar urmennesket i sjåarane med sine vitjingar til Sauøy, Femundshytta, Indre Fure eller andre bortimot fråflytta stader.

Det kostar å bu i utkantane. Ikkje berre mentalt og sosialt, men også økonomisk.

Den gamle snegleposten, altså den som du må henta fysisk i postkassa di, er kanskje på veg inn i pensjonisttilværet. Kostnadsspørsmålet er det som tel i dag. Difor er det sjølvsagt heilt feil at ein som bur i Akershus skal betala like mykje for å få eit brev tilsendt, som det ein person med bustad på Fræna skal gjera. Det er i alle fall det Posten Noreg og EU meiner. Om ein skal ta Posten på alvor når dei presterer å nytta 300 millionar (og det berre i 2008) på å skifte utsjånad, er kanskje eit relevant spørsmål?

Dirranbandi - 100 km frå nærmaste bensinstasjon.

Dirranbandi - 100 km frå nærmaste bensinstasjon.

Noreg er eit langt land, og med ein natur og geografi stikk i strid med alle EU-regulativ er det vel ikkje heilt tilfeldig at Finnmark stikk av med fyrsteprisen på bensinprisbarometeret. Kanskje er det dette Jens har lyst til å gjera noko med når han ikkje seier korkje ja eller nei på spørsmålet om han vil tillate oljeboring i Lofoten? For som kjent: den som tier, samtykker. Kanskje har Jensemann tenkt som så at no er det på tide at desse hardbarka karane oppe i nord også skal få tilgang til litt billig drivstoff, og difor etterkvart kjem til å settje i gang oljeboring? Kanskje, men neppe.

Men ein kan i alle fall trøste seg med at nokon alltids har det verre. I Australia brann nyleg den lokale bensinstasjonen i den 400 mann store byen Dirranbandi opp. Så for å få fyllt opp tanken er det no ikkje anna å gjere enn å settje seg i pickupen og vende nasa mot St. George, rundt 100 km lenger nord. Men her ligg det gode moglegheiter for matematikkrekning for dei små håpefulle, så det er kanskje ikkje så galt at det ikkje var godt for noko likevel?

Byråkrati i praksis

Dette er ei lita historie som syner kor ufatteleg misbruk av ressursar vi kan oppleve her til lands som følgje av byråkratisering og kontorstyring av landet.

Ein hytteigar som har hatt hytte rett ved heimen min i årevis ynskjer å rive hytta for å byggje opp ny. Det skulle i og for seg ikkje vere noko stort problem skulle ein tru. Men så feil kan ein ta!

Hytta ligg i eit område som i dei siste åra har vorte klassifisert som eit skredfarleg området av Sirdal kommune. At barndomsheimen min ligg midt i vegen for dit eit eventuelt ras ville ha endt opp skulle tilsei at eg kan ha litt meir enn middels kjennskap til dei lokale tilhøva. I alle fall litt meir enn det ein kontortilsett på kommunehuset i Sirdal har.I området innanfor dei raude strekane meinar Sirdal kommune at det er rasfare...

Eg har leika i bakkane i «skredområdet» i heile min barndom. I tillegg gjeng det skiløype tvers gjennom skredområdet. Ein skulle tru at kommunen burde ha vore ute i geografien og sett opp sperringar, eller i det minste skilt om rasfare. Kanskje snakka med dei lokale fastbuande om faren for å verte tekne i ras. Men nei. «Det har vi ikke hørt noe om.»

Hytteeigaren må altså, for å få byggje ny hytte, rekvirere ein geolog frå NGI for å, om mogleg, avsanne kommunes oppfatting av området som skredfarleg. Dette er sjølvsagt ikkje gratis. Det skulle jo nesten bare mangle. Det skal koste å seie mot Sirdal kommune. Så for å få ein ekspert med fly frå Oslo for å konstatere at, jau…her er det vel strengt tatt særs liten skredfare, det må ein ut med ei månadsløn med.

Kan du tenke deg? Ein ser på eit kart på Tonstad, fire mil unna. Bestemmer at her er hellinga så pass at det er rasfare. Gjev ikkje melding til hus/hytter i området om at det kan vere fare for ras, men når ein ynskjer å byggje i området fer ein rede på det. Då må ein bruke mykje ressursar på å kommunisere med statlege organ for å avsanne det kommunen har bestemt seg for. Dei statlege organa nektar å høyre på sjølv om folk har budd i hytte der i 50 år og hatt hus der i fleire hundre år. Ein må så betala for at det skal flyge folk ut frå Oslo for å bestemme at kommunen har teke feil.

Alt i alt liknar det at ein berre skal halda seg til det eit kart seier, utan å gå ut i terrenget sjølv for å sjå på tilhøva, voldsomt på om ein skulle settje ein blind til å måla ein solopp/nedgang. Han kunne ha vorte forklart ein heil del med teoriar om korleis det ser ut, kva fargar han skal nytta og liknande. Men kor mange gonger ser ein solopp/nedgang lik ut?

Kampen om vegen

Under mi vitjing til Danmark i fjor sumar fekk eg sjansen til å prøva meg i ein ekte sykkelby. Kjensla av å sette seg på setet og trakke i veg på ein stad der det var eit system for korleis ein skulle oppføra seg på sykkel var…sensasjonell!

Det var som å vera attende på kjøreopplæringa med unntak av at dette kjendest moro! Sjølvsagt kan dei paddflate gatene i København ha gjort sitt til det voldsomme gledesrushet, men det å sykle avgarde på ein måte der sjansen for å krasje med andre kjendest minimal gjorde at dette står igjen som ei av dei flottaste opplevingane eg hadde i Danmark.

Mange norske byar kan med fordel gjere som New York åsjå til byar i verda som verkeleg har teke poenget.

Ja de penga, ja de penga…

Knut Storberget vert i Dagens Næringsliv sitert med følgjande kommentar:

– Jeg har vanskelig for å forstå at man kan si nei til dette

Kommentaren kjem etter at Unio valde å ikkje godta tilbodet som kom frå Storberget & co i årets lønnsforhandlingar med politiet. Tilbudet ville gjeve fleire tusen polititenestemenn- og kvinner 40.000,- meir i året enn det dei har no.

Eg tykkjer at dette er eit sunt og fornuftig trekk i frå politiet. Ok…dei endar opp med det Storberget ser på som ein lusen avtale…foreløpig. Men ha dette i tankane; i finanskrisetider kan det jo vera greit med litt måtehald. Slik sett sparar politiet oss for 300.000.000,-. Eg trur og familiane til dei mange tusen handhevarane av loven er takksame for resultatet. Ein kan kjøpa mykje for dei 40.000, men ein kan ikkje på noko vis bøta på den tida ein misser med familiane sine. Tenkjer ein godt etter er det sikkert ein heil del skjulte utgifter i resultatet av at politiet må arbeida til alle døgnets tider.

Rettskriving

Det er lite som irriterer meg meir enn all slags testar som kjem i frå Start.no. Likevel er det vel slik at ein ikkje skal ha reglar utan unntak, så her kjem mitt.

I dag publiserer Dagbladet ein artikkel om rettskriving, nærare bestemt orddelingsproblematikken. Og det er lite som provoserer meg meir. Orddelingsfeil. Nettavisar har ein tendens til å «knekke opp» ord når dei presenterer nyhende på ulike plattformar som til dømes min iPhone. Akkurat det kan nok vera ein teknisk ting, men mange deler likevel opp ord som skal vera samansette. Kvifor? Artikkelen til Dagbladet peikar i retning av at det er det engelske språket som har skulda. Det kan så vere.

I same artikkel låg det også ei lenkje til ein test hjå Start.no. Ein «ord delings test»…eg kunne ikkje dy meg.

Rettskriving

Og medan eg sit og skriv på dette, kjenner eg jo også veldig på at eg bør kunne klare å skrive korrekt her…men det har vist seg før at ein med eit kan trø i baret sjølv. Men slik lærar ein jo av, og det er jo morro…eller moro som det jo heiter!