Tagged in: rasfare

Byråkrati i praksis

Dette er ei lita historie som syner kor ufatteleg misbruk av ressursar vi kan oppleve her til lands som følgje av byråkratisering og kontorstyring av landet.

Ein hytteigar som har hatt hytte rett ved heimen min i årevis ynskjer å rive hytta for å byggje opp ny. Det skulle i og for seg ikkje vere noko stort problem skulle ein tru. Men så feil kan ein ta!

Hytta ligg i eit område som i dei siste åra har vorte klassifisert som eit skredfarleg området av Sirdal kommune. At barndomsheimen min ligg midt i vegen for dit eit eventuelt ras ville ha endt opp skulle tilsei at eg kan ha litt meir enn middels kjennskap til dei lokale tilhøva. I alle fall litt meir enn det ein kontortilsett på kommunehuset i Sirdal har.I området innanfor dei raude strekane meinar Sirdal kommune at det er rasfare...

Eg har leika i bakkane i “skredområdet” i heile min barndom. I tillegg gjeng det skiløype tvers gjennom skredområdet. Ein skulle tru at kommunen burde ha vore ute i geografien og sett opp sperringar, eller i det minste skilt om rasfare. Kanskje snakka med dei lokale fastbuande om faren for å verte tekne i ras. Men nei. “Det har vi ikke hørt noe om.

Hytteeigaren må altså, for å få byggje ny hytte, rekvirere ein geolog frå NGI for å, om mogleg, avsanne kommunes oppfatting av området som skredfarleg. Dette er sjølvsagt ikkje gratis. Det skulle jo nesten bare mangle. Det skal koste å seie mot Sirdal kommune. Så for å få ein ekspert med fly frå Oslo for å konstatere at, jau…her er det vel strengt tatt særs liten skredfare, det må ein ut med ei månadsløn med.

Kan du tenke deg? Ein ser på eit kart på Tonstad, fire mil unna. Bestemmer at her er hellinga så pass at det er rasfare. Gjev ikkje melding til hus/hytter i området om at det kan vere fare for ras, men når ein ynskjer å byggje i området fer ein rede på det. Då må ein bruke mykje ressursar på å kommunisere med statlege organ for å avsanne det kommunen har bestemt seg for. Dei statlege organa nektar å høyre på sjølv om folk har budd i hytte der i 50 år og hatt hus der i fleire hundre år. Ein må så betala for at det skal flyge folk ut frå Oslo for å bestemme at kommunen har teke feil.

Alt i alt liknar det at ein berre skal halda seg til det eit kart seier, utan å gå ut i terrenget sjølv for å sjå på tilhøva, voldsomt på om ein skulle settje ein blind til å måla ein solopp/nedgang. Han kunne ha vorte forklart ein heil del med teoriar om korleis det ser ut, kva fargar han skal nytta og liknande. Men kor mange gonger ser ein solopp/nedgang lik ut?