Samskriving i barneskulen

I dag gjorde eg eit stunt. Tenesta typewith.me, ei klone av det Etherpad (som no er ein del av Google Docs), gjer det mogleg for fleire personar å delta i produksjonen av eit dokument samstundes. Personleg tykkjer eg dette er ei heilt fantastisk utvikling.

2. klassa eg er i har ikkje vore borti noko liknande tidlegare, og eg var naturlegvis litt skeptisk til korleis det skulle gå. Det gjekk føre seg på den måten at eg oppretta seks ulike dokument. Eit til kvar gruppe. Desse vart så lenkja opp i eit notat i It’s Learning. Dette gjorde at elevane kunne logge seg på sin konto på It’s Learning, velgje norskfaget og derifrå velgje dokumentet med sitt gruppenummer. Dette fiksa alle veldig greit.

Dokumenta hadde same oppstartstekst. Denne hadde eg lagd inn til dei. Oppgåva var ganske enkelt å skriva inn så mange vår-ord dei kunne. At dette gjekk smertefritt er å ta hardt i. Det gjekk ikkje lange stunda før skuldnadane flagra veggimellom om at XX hadde sletta det YY nettopp hadde skrive. Det er jo ein interessant observasjon å vera vitne til, for korleis YY kunne vera sikker på at det var XX som hadde sletta orda når dei var fysisk adskilde i ulike rom? Finurleg, og ganske morosamt.

Konklusjonen er altså at etter 15 minutt hadde dei små erfart at ein ikkje burde ta bort særs mykje av teksten, og om dei skulle gjere det, så burde det berre vere teksten som hadde sin eigen farge. For nokre ein hard lærepenge, men eg trur det gjorde godt.

Etter friminuttet hadde eg laga nye oppgåver til dei same gruppene. Denne gongen var det historieoppgåve. Elevane skulle skrive kvar sin setning. Det var fantastisk moro å sjå sjølvsensuren på stor bokstav og punktum! “Teiknet” på at det var nestemann sin tur, var jo sjølvsagt eit punktum.

Etter å ha teke opp kva erfaringar dei hadde gjort i førre time, var det heller ikkje nokon som klaga over at teksten forsvann. Det var også fantastisk å sjå den disiplinen elevane hadde i høve til når dei skulle skriva.

Alt i alt var dette noko av det mest suksessfulle eg har vore ute for i år. Læringskurva til elevane såg ut til å skyta rett til vérs høgare enn kva oskesky som helst. Då er det kjekt å vere både elev og lærer.

Innhaldsfilter på Youtube

Youtube har no lage ein funksjon der ein kan gjera videoar, med innhald og språk som Youtube definerer som upassande eller usømmeleg, utilgjengeleg i nettlesaren. Har ein registrert seg med ein Youtube-konto, kan ein også låsa dette filteret med eit passord.

Låsinga gjeld berre i den nettlesaren du er i når du aktiverer filteret. Det tyder altså at om til dømes foreldre nyttar Internet Explorer, så kan poden berre lasta ned og installera Google Chrome, Opera, Mozilla Firefox, Safari eller ein annan av dei mange nettlesarane som er der ute for å koma rundt sperra.

Utan at eg har testa det, så er det gjerne heller ikkje heilt utenkjeleg at dersom ein slettar nettlesarens coockies så vil og filteret opphøyra.

Barnevakten.no (kvifor ikkje nynorsk url og?) har ein artikkel med meir informasjon. Det beste tipset dei kjem med der, er dette:

Det viktigste er å ha et filter i hodet. – Laila Eidsheim

Skigardar når det lir mot sumar

What is a #hashtag?

A user-created standard for identifying tweets belonging to a topic. Simply include the tag in your tweet and other people searching for the same tag will be able to find it.http://twubs.com/

Twitter har i det siste slege seg opp som ein av dei store farsottane på Internett. Det har så smått, saman med Facebook, Google og Youtube gjeve seg i kast med å verte 2000-talets svar på dei fire store. Twitter nyttar skigardsteiknet, #, for å markera ord som nøkkelord.

Det kan etterkvart verte litt forvirrande med ei heil rekke ulike forkortingar for hendingar. Ta til dømes stikkordet #earthquake. Med ei teneste som trendistic.com kan ein let få fram grafiske presentasjonar av når dette stikkordet har vorte mest nytta:

Om ein tek ein kikk på grafen, ser ein klare utslag på grafen. Og berre for å ha sagt det…dette er ikkje seismiske målingar. 12 januar kom årets fyrste jordskjelv og råka Haiti. I februar var det Chile sin tur, mens me nett no i april har sett at Mexico/USA vart råka. (For meir om jordskjelv: Wolframalpha)

I den samanheng har eg bretta opp erma og oppretta nokre skigardsteikn til bruk i den norske grunnskulen. Inspirasjonen til det kom etter at eg kom over nettsida twubs.com og etter å ha sett litt oppsummeringar frå fyrste dag med Dei gode døma. Eg saknar mest litt frå grunnskulen. Ergo, ex cearulo:

Det slo meg at det gjerne kunne vere greit å ha nokre faste knaggar å henge kvittera på, og dette er då nokre forslag. Eg har valt å ikkje ta med fleire enn desse tre då det fort også kan verte i meste laget. Ein kunne nok gjerne ha teke med meir, men det får ein etterkvart ta når ein ser om/korleis desse vert nytta.

Dagens stikkord er altså: www.twubs.com