Monthly Archives: January 2009

Virus i det offentlege

Januar månad har vore prega av influensa på fleire frontar. Google svarar med 109 artiklar som inneheld ordet “influensa”, og det berre i løpet av den siste månaden. (Til samanlikning gjev ordet “finanskrise” 492 treff medan “snåsamannen” ender på 287.) Ærleg talt må eg seie at eg er temmeleg lei alt dette. Men folk har vondt for å læra! Når influensaen breier om seg, er det normalt å ta førehandsreglar. Eldre folk vert oppmoda om å ta influensavaksine, medan det på arbeidsplassen kanskje dukkar opp desinfiserande væsker slik at ein kan unngå smitte!

Det er kun litt over ei veke sidan sist eg skreiv om dataviruset “Conficker” og korleis Rogaland fylkeskommune vart tekne med buksene nede midtvinters. Fredag (30/01/09) denne veka kunne NTB melde at også Nord-Trøndelag hadde vorte råka av virus. Det same viruset. Ein kan undra seg om fylkeskommunane kommuniserer.

Informasjonssjef i Nord-Trøndelag fylkeskommune seier til NTB at dei var “så godt beskyttet som de trodde var mulig i forkant av angrepet.” Eit underleg utsagn med tanke på at viruset faktisk slo ut 6500 datamaskinar. Hadde ein vore så godt sikra som mogleg mot viruset, ville ein kanskje sett inn ei av dei mange løysingane mot viruset som finst! Men likevel vert ein altså råka.

Kor mykje kroner og øre ein nyttar i året på å reparera system etter at dei har vorte infisert av virus finst det kanskje tal på? Det hadde uansett vore interessant å sett ei oversikt over dette og samanlikna med ein overgang til eit gratis operativsystem som til dømes Ubuntu/Linux Mint/OpenSuSE/Skulelinux/Fedora/Debian/Mandriva eller liknande.

Arbeidsløyse?

Finanskrisa bringer med seg stor arbeidsløyse. Det kan ein lesa rundt omkring overalt der ein snur seg om dagen. Coca-Cola seier opp fleirfoldige tilsette delvis på grunn av finanskrisa, Eramet i Sauda permiterer over ein lav sko…ja det er heile 20.500 fleire arbeidsledige i registra hjå NAV no enn det var på same tid i fjor! NRK melder også om at 174 fleire sørlendingar no går på trygd enn det som var tilfellet for eit år sidan. Dette tilsvarer 13,1 prosent av Vest-Agders innbyggjarar.

I grevens tid kjem regjeringa med ei vitamininnsprøyting. Ei krisepakke der mange, i følgje sjeføkonom i LO Stein Reegård, vil få ny jobb. Det triste er at når han seier det, tenkjer han fyrst og fremst på bygg- og annleggsbransjen. Den same regjeringa har vistnok gått inn for ei satsing på skule og utdanning. Det skulle ein ikkje tru når resultatet er at skular rundt om i Noregs land vert lagd ned. I staden for å oppretthalda små skular, satsar ein no i staden på grandiose utdanningsfabrikkar. Eg meiner ein slik tanke er totalt feil! Eg ser med gru på den utviklinga som breier om seg med større og større skular, der ein har klassar som er større og større. “Spare pengar” er det jamne mantraet ein høyrer. Gong på gong. Trass i at regjeringa jo som eg allereie har nemnd satsar på utdanning.

Tilbake i juni 2007 skreiv eg nokre tankar omkring den lærarmangelen som då var. Det kunne vore interessant og sett tal på kor mange fleire lærarar det har kome pr. elev i skulen sidan då. Eg fryktar at det er mindre no enn då! Men det har like fullt vorte satsa på utdanning. Då spør eg meg sjølv; kven stikk av med pengane?

No er det altså krisetid og fleire og fleire står utan jobb for kvar dag som går. I skulane trengst det lærarar, og som eg tidlegare har nemnd har nok mange utdanna forsvunne over i privat sektor. Difor er det litt skremande at det er så mange ledige jobbar. Når ein ikkje får ein einaste søkjar til ei fast stilling som lærar er eg redd det kan tyde på at mange som kanskje har ei lærarutdanning heller sit på gjerdet framfor å gå attende i læraryrket på bakgrunn av dei erfaringane dei gjorde seg då dei var aktive lærarar.

Det skulle kunne gå ann å tru at tilhøva har vorte betre med tanke på satsinga frå regjeringa. Diverre kan det sjå ut som om det for det meste har vore eit spel for galleriet. Spesielt med tanke på at dei som skal handtera arbeidsløysa ikkje ein gong har råd til å ha nok tilsette på jobb!

Motivasjon i skulen

Denne veka gjorde eg to forsøk på arbeidsplassen min. Ei stund nå har eg uroa/irritert meg over at nokre elevar ikkje gidd å gjera ein innsats på skulen. Grunnane kan sjølvsagt vere mange. Kvifor skal elevane gjera arbeid? Ingenting skjer jo om dei ikkje gjer det, anna enn at det går litt dårleg på testen kvar fredag!

Denne fredagen rann det over for meg. Elevar leverer inn prøvar utan å ha svart. Trass i at eg sa at dei måtte lesa oppgåvene skikkeleg presterte dei å gjera dette. I løpet av veka har dei arbeidstimar på skulen der dei skal arbeida med leksene. Litt for mange “gløymer” ting heime, og vert gåande å surre rundt i timane og forstyrre dei som faktisk arbeider.

Eg bestemde meg difor for at dei elevane som ikkje gjorde arbeidet sitt godt nok, om det nå i det heile vart gjort, skulle få sittje att å arbeide overtid! I arbeidslivet elles er det jo trass alt slik at overtid er resultatet dersom ein gjer dårleg arbeid. Så eg tenkte med meg sjølv; “Kvifor skal ikkje det også gjelde på skulen?” Det er jo trass alt arbeid for elevane å gå på skulen.

Difor sette eg meg altså ned med ei gruppe på fredag ettermiddag og gav dei ei oppgåve dei måtte gjera ferdig før dei fekk gå heim og ta helg. Diverre er ikkje dette slik ein kan gjera kvar dag, for det er alltids andre oppgåver ein må gjere etter at elevane er sendt heim. Nokre vart sinte, andre grein ein skvett, men etter kvart sat alle saman og arbeidde flittig som om dei var mønsterelevar. Og det er jo akkurat det dei er i utgangspunktet. Problemet er berre at det er så mykje anna som forstyrrer når ein er 26 elevar i klassen!

Men eg nytta ikkje berre “pisk” denne veka. Eg forsøkte for fyrste gong med premie til den eleven som arbeidde best. Etterkvart vart det jo klart at dette ville vera ein litt ugrei måte å rosa “korrekt” oppførsel på. For det fyrste er det jo ikkje vanskeleg å tenkja seg at “bråkete” elevar vil ha letare for å få bonus for god oppførsel enn det stille og flinke elevar vil ha. Eg måtte difor gjere ei lita justering. Dei fem med best resultat på fredagen skulle få vera med i ei trekning om premien.

Men eg treng ein del tips til korleis eg skal gje alle like gode moglegheiter til å opparbeide seg “loddkapital” til fredagens trekning?

Eg er og interessert i tankar om korleis andre har løyst slike utfordringar? Eg er i alle fall lite lysten til å berre la dei som ikkje gidd få fortsetta ned den gata der dei slepp unna med latskap!

Eg kom over ei oppgåve gitt i ungdomsskulen i 1936 på Kjell Arild Welde sin blogg her ein dag;

6 mann brukar 15 dagar à 10 timar til å grava ei greft som er 160 m lang, 1,5 m brei og 80 cm djup. Kor lang tid treng då 4 mann til å grava ei greft som er 1 1/4 gong så lang, 4/5 so brei so brei og 1 1/2 gong so djup, som den fyrste, når dei arbeider 9 timar for dagen og hev 20% tyngre jord å arbeide med?

R.J Angen
Rekneuppgåvor for ungdomsskulen
Oslo 1936

Gje denne oppgåva til ein elev i dag, og han vil sansynlegvis ringe 1881 for å spørre etter nærmaste entrepenør med gravemaskin, framfor å byrgje å rekne ut!

Kva er digital kompetanse?

Aftenbladet sine presser går varme om dagen med nyhenda om at bortimot heile det offentlege Rogaland har vorte tvungne i kne av dataviruset downadup.

Hissig virus i omløp

Datavirus har angrepet sykehusene

Nå ramme dataviruset skolene

Det som er litt ironisk i det heile, er at det er nettopp i denne sektoren det skjer.Altså ein stad der digital kompetanse strengt tatt burde vera godt utbreidd…i alle fall med tanke på at samtlege vidaregåande elevar no har eigen berbar.

Eg er diverre redd for at ein har teke alt for lett på nettopp den digitale kompetansen. Inntrykket mitt er at folk flest ikkje tenkje spesielt mykje over korleis ein skal handtera ei datamaskin og innhaldet på han. Overflodsamfunnet, og bruk og kast-mentaliteten har og breidd seg til den digitale verda. Ein lastar ned det som er kult, utan å tenkje over ulempene med slik lite gjennomtenkt bruk av datamaskina si.

Sjølvsagt er ikkje dette noko som gjeld alle, men om eg hadde vorte beden om å gje eit anslag på kor stor del av til dømes dei vidaregåande elevane no til dags som strengt tatt ikkje burde ha fått hendene i ei datamaskin, trur eg nok at eg hadde havna på ca 80%. Bakgrunnen for nettopp dette er kor lite dei kan om, og til dagleg reflekterer over trygg bruk og det ein kallar nettikette.

Om tenergudane er med meg, så er videoen her tilgjengelag att når eg publiserer dette innlegget.  Sjekk ut SAFT-online sin video om virus!

Twitter slår til igjen

Då eg kom inn dørene etter å ha vore på møbbeljakt rundt omkring i Sandnes, fekk eg akkurat med meg nyhendene på NRK. Hovudsaka var sjølvsagt innsettinga av Barack H. Obama.

Tradisjonen tru avsa den nyvalde presidenten ei eid med handa på ein anna tåleg kjent president sin bibel. I innslaget på Dagsrevyen kunne det verke som om Obama ikkje var heilt stø i edsavseiinga.

Eg søkte på “obama” på Twitter, og der kunne dojogrl fortelje meg at det ikkje var Barack Hussein Obama som gjorde feil, men derimot høgsterettsjustitiarius John Roberts som stod for feilen.

Obama blir svergd inn

Også Viggo Johansen og Geir Lundestad var og av den oppfattinga at Obama og Roberts gjorde feil.

Wall Street Journal skriv følgjande;

Chief Justice John Roberts swore in Mr. Obama with a slight stumble over the wording of the oath of office, a stumble Mr. Obama repeated. The oath includes the phrase “that I will faithfully execute the office of president of the United States” but Chief Justice Roberts didn’t say “faithfully” until after saying “president of the United States.”

Mr. Obama apparently realized that something was out of order. Chief Justice Roberts then repeated the phrase correctly, putting “faithfully” in the right place after execute: “faithfully the office of president of the United States.” – WSJ

Poenget er uansett…dette var fyrst oppdaga av ein person som var på Twitter. Og det var tilgjengeleg for meg utan å gå gjennom ein eller annen filtrerande redaksjon!

TBN

Twitter Broadcasting Network kunne det mest ha vore kalla. I kveld styrta/krasjlanda eit fly i Hudsonelva i New York. Dagbladet har sjølvsagt teke tak i saka. Morgondagens avisar kjem vel til å ha eit fly på framsida vil eg tru.

Men som også andre har fått med seg (jf. kommentarar under artikkelen eg har lenka til over her), så er kanskje ikkje Dagbladet og andre tradisjonelle nyhendeformidlarar lenger det som er fyrste og beste stoppestad for folk med litt over middels teft for det BBC kallar breaking news.

Sidan eg starta å skrive dette innlegget har det dukka opp 329 nye “kvitter” på Twitter …retting: 345, som omhandlar flykrasjet. Siste oppdatering: 365.

Og det fyrste biletet dukka og opp på Twitter då Janis Krums la ut eit bilete som no vert bombadert med treff frå heile verda, og følgeleg har litt problem med å verte lasta inn i min nettlesar her. Andre har heldigvis teke seg bryet med å leggja det på ei anna datamaskin.

Slik såg nettlesaren min ut etter å ha gjort eit søk der. Og no er det kome 603 oppdateringar sidan då…som vel er ein 5-10 minutt sidan. Snakk om brennheite oppdateringar…
Twitter Broadcasting Network

Digitale grunnskulelærarar?

I det siste har eg leita opp og ned, att og fram, og litt i vinkel og på nettet etter lærarar i grunnskulen som ynskjer å ta steget ut i den digitale verda. Det er ikkje langt i frå at det er som å stikka nåla i ein høystakk.

Det som derimot synest å vera uhorvelege mengder av, er norsklærarar på vidaregåande skulenivå. Av og til undrar eg mest om eg har havna på feil skulenivå, for det teiknar jo til at det er på vidaregåande alt det spanande skjer.

Men enn så lenge sullar eg rundt i mi eiga vesle lærarverd og gjer det eg kan for å skaffa mine små håpefulle eit godt grunnlag for den vidare skulegangen, og deriblandt med å nytte digitale verkty som Google Docs og Gmail. (Foreløpig)

Eg saknar kontakt med andre grunnskulelærarar som ynskjer å ta skulekvardagen over i det digitale, så er du ein slik “galning” kan du godt leggje att eit pip.