Category Archives: Personleg

I vesterveg

Aftenbladet har teke tak i saka om at Lysebotnen ikkje ynskjer å bli del av Strand kommune, men i staden, truleg mest på sleiv, ynskjer å bli del av Sirdal.

I samband med det, kan det jo vera interessant å ta eit historisk tilbakeblikk på kvar øvre Sirdal kom i frå. Kva kant av landet dei forheldt seg til, som heilt sjølvsagt?

Et gamalt klipp frå NRK tek oss me attende…

Sjølv om me totalt ignorerer den tydeleg Rogalandsinspirerte dialekten, så er det i mitt hovud, ein heilt naturleg tanke, at Lysebotnen, som eg jo også har hatt slekt i, saman med øvre Sirdal, takkar for seg og dreg i vesterveg til Gjesdal. Som EIN kommune.

Omsider kan gjerne Dirdal bli den metropolen den vart lova å vera, då oljeutbygginga fann stad. Kva med, tja, eit kraftvitensenter der? Med sjøtilgang for å ta i mot tilreisande turistar? Rundtur innover dalstroka innafor, og ned att til Lysebotnen, der skipet møter dei att? Sjølvsagt med moglegheit for å hurtiglada batteria med kortreist landstraum.

Vinterferie 2022

Februar. Bursdag er over, og lysare tider kan merkast på kroppen. Når sola vel å stikke nasen sin fram etter lang tids fråver, kan ein kjenne strålinga i huden som reine energiboostar.

Ein dag til, så bikkar me over i våren. På papiret i det minste. Då er det vel lov å sjå litt framover. Glede seg. Til det varme. For med gode to månadar til med snø, så veit ein jo at ein kjem til eit metningspunkt før eller seinare.

På dagar som i dag, er det berre å nyte i fulle drag.

Fridom

Etter at eg har gjeve slepp på Facebook sitt klamme grep, har eg fått tid til å sortera i alle RSS-kjeldene mine. Det var lenge etterlengt.

Etter årevis med prokrastinering av all slags kjelder til kunnskap og opplysning på nettet, har det nok vorte mange daude lenker etterkvart.

Med ein Raspberry Pi 4 som det sentrale bindeleddet i den digitale heimen her, har eg no ein digital aviskiosk som eg kan stikka innom med jamne mellomrom. Då har han oppdatert seg med siste nytt i eit meir leseleg format enn den reklamebombanderte webben ellers kan tilby. Noko som kanskje mest av alt minner om gode, gamle tekst-tv.

Men eg kjenner at ei digital verd der EG i større grad kontrollerer kva som skal flimre forbi meg av bits og bytes er rett veg og gå. Ikkje minst fordi eg har kontroll på “contentet” mitt, antan det er tekst eller bilete.

Mitt stalltips er altså å ta til å nytta den moglegheiten som ligg i RSS. Då slepp ein å utsette seg for fullt så mykje reklame som elles…og ein får ein meir effektiv digital kvardag.

Fylke

Kjem du Hunnedalsvegen frå Rogaland mot Sirdal, vert du for tida ikkje informert om at du kjem til korkje Sirdal eller Agder.

Faktisk er det slik at dersom du køyrer frå Stavanger til Oslo på sommaren, så kan det sjå ut som om Rogaland grensar til Vestfold og Telemark fylke. Kven som har ansvar for skilting er tydelegvis ikkje høgt pruoritert.

Ein Goling har 3 timar og 17 minutt (219 km) til sin fylkeshovudstad i Viken, Oslo. Sjølv slepp eg unna med 2 timar og 52 minutt (180 km) til min fylkeshovudstad, Kristiansand. Medmindre nokre funksjonar er lagde til Arendal då…

Skulle ynskje at nokon hadde rekna på samfunnsøkonomi i lys av at det er 1 time og 29 minutt og 102 kilometer til Stavanger sentrum…

Øvre del av Sirdal har i alle fall vore i feil fylke sidan fv 405 vart så god som han no er. Med felles feriar med Rogaland er det endå meir som talar for å flytta fylke. Politiet soknar også under sørvest politidistrikt. Vidaregåande skule dreg me til Rogaland for å gå på. Handleturar vert nord-jæren, medmindre det er noko som tvingar oss andre vegen.

1 2 3 23