Category Archives: Politikk

Det hender at eg tek føre meg litt politikk og.

Fylke

Kjem du Hunnedalsvegen frå Rogaland mot Sirdal, vert du for tida ikkje informert om at du kjem til korkje Sirdal eller Agder.

Faktisk er det slik at dersom du køyrer frå Stavanger til Oslo på sommaren, så kan det sjå ut som om Rogaland grensar til Vestfold og Telemark fylke. Kven som har ansvar for skilting er tydelegvis ikkje høgt pruoritert.

Ein Goling har 3 timar og 17 minutt (219 km) til sin fylkeshovudstad i Viken, Oslo. Sjølv slepp eg unna med 2 timar og 52 minutt (180 km) til min fylkeshovudstad, Kristiansand. Medmindre nokre funksjonar er lagde til Arendal då…

Skulle ynskje at nokon hadde rekna på samfunnsøkonomi i lys av at det er 1 time og 29 minutt og 102 kilometer til Stavanger sentrum…

Øvre del av Sirdal har i alle fall vore i feil fylke sidan fv 405 vart så god som han no er. Med felles feriar med Rogaland er det endå meir som talar for å flytta fylke. Politiet soknar også under sørvest politidistrikt. Vidaregåande skule dreg me til Rogaland for å gå på. Handleturar vert nord-jæren, medmindre det er noko som tvingar oss andre vegen.

Sayonara

Omsider dreg dei midlertidige skulelokala sin veg, og me kan nok ein gong ta i bruk grusbana på skulen.

Det må nok gjerast ein jobb der og, for at det skal vera presentabelt og brukanes slik me vil ha det her i Sirdal (ta gjerne ein tur rundt Tonstad skule/Sirdal vidaregåande og sjekk normalen).

Å ha vore nytta til lagringsplass gjer jo at det i tillegg til isopor, plast, småspiker og anna, også befinn seg eit uttal ulike grustypar på fotballbana som kommunen leigar utan avtale for tida.

Men når snøen no snart dekker til, hjelp det på ei lita stund…

Facebook som “internett”

Det har vorte slik at “alle” har Facebook. Der kan ein lika og diskutera seg blå. (Pun intended…)

Men gjer ikke det noko med oss? Når all offentleg informasjon med eit foregår i eit proprietært univers som Facebook, og heile smafummsdiskusjonane gjeng føre seg der…har ein ikkje då tapt eitt og anna for ettertida?

I staden for at mediebedrifter har diskusjonstrådar som dei sjølve har eigarskap på, har no Facebook denne eigendomsretten.

Det same er jo tilfelle med offentlege instansar som kommunar og fylkeskommunar…ein har ikkje lenger kontroll på det som vert formidla i desse kanalane.

UDI legg no ned Facebooksidene sine, og NRK Beta melder om at det kan få ein dominoeffekt.

La oss for ettertida, og openheiten vona at så skjer!

Perspektiv frå Tigerstaden

Jonny Liland uttalte til Aftenbladet her om dagen:
“Vi har nettopp vedtatt å investere 30 millioner kroner i Sinnes skule med 46 elever.”

For det fyrste er det ikkje som om AP, Høgre og FrP ikkje har forsøkt å unngå denne “innvesteringa”. Som sist gong det vart gjort ei stor “investering” på Sinnes (med unntak av gymsalen), er også dette eit resultat av samfunnskrav. Slik var det på 70-talet, og slik er det i 2020.

Det var altså ikkje noko ein valde å gjere, men måtte. Det var skulesjef Steinar Tjomlid stolt av i 1990, då han i VG skrøytte av at Sirdal kunne OG ville nytte pengar på den yngre garde.

VG med Sirdals framtid, Charlotte Knutsen, framfor Sentralskulen 16.08.1990

Ein kan gjerne stange i mot det ein vil, men sjølv ikkje Sirdal kan forsøke å melde seg ut av den nasjonale samfunnsutviklinga.

Så kan ein jo diskutere om det er til det beste eller ei, og argumentera med at det jo vart gode folk av oss før og! Det er i denne samanhengen irrelevant.

Rassikring langs vegane er og eit poeng for Liland. Men akkurat rassikring er vel neppe spesielt for Sirdal. Sjølv E18 er gjenstand for rassikring, altså er denne “satsinga” eigentleg ikkje eit argument. Ein har jo gjort litt med vegen mellom Tonstad og Haughom dei seinare åra. Dette har alle tent på, og eg trur du skal leita godt for å finna nokon som rakkar ned med “Tonstad fekk tunell…” og er sure for det.

Når det gjeld GP-krysset er jo også dette ei sak som har vorte diskutert lenge. Men lengre enn det, har det vore etterlyt gang og sykkelveg mellom GP til Tjørhom. No er altså GP krysset godkjent, men løysninga er jo ikkje laga for innbyggjarane. Hadde den vore det, ville ein ha ei heilt anna løysning enn den som er på trappene no, og gang og sykkelsti til Tjørhom. I staden vert det gang og sykkelsti til TjørhomFJELLET, altså gang og sykkelsti til eit skitrekk. Trass i at det i årevis har vore etterspurt gang og sykkelsti for dei fastbuande på Tjørhom. Anleggstrafikken i vekedagane, hytteturistane i helgene gjennom krysset er jo astronomisk! Kven som stod bak dei politiske vurderingane veit sikkert politikarane frå alle parti best sjølve.

Om Liland understreker at avgjersla ikkje er teken om museum og turistinformasjon aldri så mykje, så er det vel helst det som er problemet. Med valgprogram der han frontar sitt store hjarte for Sirdølen, burde han stått på barikadane for å tryggje, når det dukkar opp tvil om slikt etter Morten Ovedal sine hofteskot!

Eg saknar eit grunnleggjande poeng i denne debatten.

Nei, eg saknar to ting.

Det eine er at mykje av diskusjonen føregår på ein proprietær plattform, altså Facebook. Det i seg sjølv er ganske diskriminerande for dei som ikkje er der. Eit poeng er og at heile denne diskusjonen historisk sett kan ende opp med ikkje å eksistera, jf. diskusjonsfora på Sirdølen avis, som ikkje lenger er å finna på nett. Her har Sirdal tapt mykje historie, og kan risikera å tapa endå meir!

Den andre er rett og slett det faktum at to ganske sentrale aspekt har endra seg sidan 1960.

Vegen frå Øvre Sirdal til Rogaland er av ei anna verd enn det den ein gong var. Når Odd Børretzen syng om kor lang tid det tok frå Lunde til Oslo, kunne ein sikkert også ha sett i eit stev om vegen frå Sinnes til Sandnes på 60-talet.

Mange elskar å poengtera motstanden mot bompengestasjonen ved Øvstebø. Men no har den altså stått der nokre år, og konsekvensane av han er jo relativt tydeleg med ein betre vegstandard enn nokon gong. Så har den vel også vore stengt meir vinterstid enn tidlegare, Hunnedalsvegen, men det er ein annan diskusjon.

Me fekk også eit nytt kart på Agder etter nyttår. Det er noko ein kjende på før også, men no er det endå tydelegare. Ein kan oppleva å måtte dra ein dag før på møte i Kristiansand (3 timar kvar veg…), eller endå verre, Arendal, kontra ein drøy times kjøring til Sandnes/Stavanger. Sistnemnde eksempel kan fort likna ein vanleg arbeidsdag for ein vanleg pendlar. Det er noko med ressursbruk og berekraft her som ikkje heng på greip.

Så vidt eg har fått med meg, så er det ingen i debatten som har teke dette inn over seg. Liland og Liland er mest opptatt av å poengtere kor mykje ein no satsar i Øvre Sirdal, samt å nytte relativt lite fine hersekteknikkar i debatten.

Odd Kvinen kjem inn frå vingen og snakkar heller ikkje eigentleg om saka. Om kvifor ein kjenner frustasjonen mot å måtte forhalda seg til eit Agder som er lenger vekke enn nokon sinne, medan det sentrale Rogaland kryp nærare og nærare med Sandnes si anektering av Forsand.

Så kan ein sjølvsagt dra fram lokale saker til den store gullmedaljen og kaste desse att og fram mellom kvarandre. Øvre og nedre. Utan at det kjem noko særleg ut av det.

Men som Tor Arne Liland seier det, så har også eg massevis av gode erfaringar frå begge endar av Sirdal.

Antan det var på fotballkampar, stødig leia av Tom og Kåre, saman med Knut Arne, Jan Trygve, Christian og Johnny på Voll som spelar for Tonstad IL (Som var ein prøvelse når ein i utgangspunktet hadde to pitstop med spying kvar tur til byen), kristenleir på Tonstadli med Endre, TenSing med Gunnar og Peter, langrennskonkurransar med Stein Ivar og Eivind, planting av tre på Espetveit eller i Tjomlid i skogplanteprosjekt, måltid på Øyghedlar med Astrid og Arna i mine tre år på SVGS, hyggelege bekjentskap med lokale kundar då eg arbeidde hjå Gunnar og Per-Gustav på SirCon på tidleg 2000-tal eller det at mine born frydar seg kvar gong med passerer Hompland og Liv og Johannes sitt hus.

Politikarar som sler politiske mynt på faktiske tilhøve som kjennes på kroppen for oss i øvre del av dalen, og atpåtil er frekke nok til å forsøka å ta i frå meg alle dei gode opplevingane som eg har hatt, og fortsatt kjem til å få. Det. Likar. Eg. Ikkje.

Så for å avslutta med eit lokalt, konkret eksempel. AP er i førarsetet her. For sjølv om Inge Sigbjørn Biktjørn går ut i Agder og oppmodar om ikkje å framstilla det som om dei (AP) ikkje ynskjer noko godt for Øvre Sirdal. Ja då meiner eg at han fyrst av alt må ta ein snakk med sine partikollegar som meistrar praktstykket å uttrykkja at ein kjenner seg pressa opp ei eit hjørne, i formannskapsmøtet som omsider vedtok renovering av skulen på Sinnes. Dei to ekstrarundane etter arbeidsgruppa sitt harde arbeid, gjer jo ikkje akkurat at det er tillit ein kjenner på i møtet med dei nye kostane i Sirdal.

PS. Om nokon les dette, og “laikar” det, som det så fint heiter. Då er det flott om du lenker til dette debattinnlegget Facebook, vekk i frå Facebook. På førehand takk.

Jord og vatn

Regjeringa, på oppmoding frå FN, sette tidlegare i år sette fokus på jordvern.

Jordvern.

Ikkje jordliv altså. Men jordvern. Politikken har lagd nokre føringar for ordvalget her.

Men nok om det.

På denne kloden er det ein del jord, men mest vatn. Mesteparten av dette vatnet er salt, frose, forureina eller finst som vassdamp.

Heldigvis er det litt att igjen til oss slik at me kan nyttegjera oss av det i vår stadige jakt på auka matproduksjon. Trass i at opp mot halvparten av det me evnar å trylla fram av matvarer, aldri ender opp på middagsbordet. Mykje vert og nytta i kraftproduksjon, vassflasketapping, bilvasking, badebassengoppfylling….og lista kunne ha vore lang som eit vondt år.

Eller “som eit turt år”, som dei gjerne seier i California. Der er dei no inne i fjerde året med turke. I morgong, 15 april, er den blaute vintersesongen offisielt slutt. Som eit resultat av det har Guvernøren i California innført vassrestriksjonar.

Det kunne ein høyra om på P2’s Kulturhuset i dag.

NRK har også hatt fokus på andre delar av verda som er i vasstrubbel. Brasil. Sao Paolo. Der hadde dei i februar den blautaste månaden sidan 1995, med alt det førde med seg av flaum og følgjene av slikt. No er det derimot stikk motsett der. Dei har ikkje lenger vatn.

I innslaget på Kulturhuset vart også snakka om effektane av vassmangel. Spesielt på det Afrikanske kontinent. Filmen “When the water ends” handlar om nett dette temaet.

Men også i Noreg har vi til tider problem med vatn. Før jul i 2014, var heile Noregs fokus retta mot Mannen, som til sist ikkje ville ned då media hadde linsa retta mot han. Her kunne litt god, gamaldags frostsprenging ha gjeve journalistar eit scoop, og fastbuande i lite hyggeleg julegåve.

Tidlegare i haust herja også vatnet her på vestlandet. Voss, Flåm og Odda var nokre av stadene som fekk kjørt seg etter uhorveleg mykje nedbør på kun kort tid.

Same året var også det motsette tilfelle. Som i Sao Paolo. Kven skulle vel tru at vi hadde turke her i Noreg?

Her kjem eit anna innslag frå NRK, og programposten Ekko, passande inn. I dette var biologar frå SABIMA (Samarbeidsråd for bilogisk mangfold) intervjua om myra si rolle i Noreg. Som habitat, og ikkje minst som svamp.

At me mister stadig fleire av vassbufferane her til lands er ei kjennsgjerning. Sammferdselsdepartementet turer på det ein kan, for å leggje til rette for at Finansdepartementet skal få best mogleg arbeidtilhøve (dvs. kortast mogleg tid frå A til B), slik at me kan halde plassen på GDP-lista.

Heilheitlig planlegging kallast det gjerne. Eit nytt selskap vert oppretta for å byggje endå fleire og rettare vegar, og så kjem rekningar flytande i ein vår eller haustflaum om nokre år. Då er det opp til det same storsamfunnet å hjelpe den vesle familien som stend der makteslause mot naturkreftene.

Kikk opp

Dei moderne “sosiale media” har gjort noko med oss dei siste åra. Då eg var i barneskulealder, var det vanleg å ringa heim på fasttelefonen for å høyra om nokon var heime. Var dei ferdige med leksene? Kunne me leika?

Og så sprang med ut, litt for tynt kledde, i den kjølige vårlufta. For å leka lite vink, jeppa pinne, spela dødball eller anti over.

Der heldt me det gåande lenge. Antan til ein hadde fått bekjed om å innfinna seg heime att, eller til mørkret fall på og det ikkje lenger var prakisk mogleg å sjå ballen.

Eg går ut i frå at me var sosiale. På eit vis. Utan media. Med snakka saman. Leika saman. Krangla. Slåss. Fann på kjekke ting, ting som var farlege, ting med visste me ikkje hadde lov til.

No er born sosiale når dei er på sosiale medier. Det er slik dei samhandlar. Men er det samhandling? Når en vet kor mykje av kommunikasjonen som er ikkje-verbal?

Gary Turk har sagt nokre passande ord om nettopp dette temaet i denne videon. Sjå han. Og slå av.

1 2 3 20