Tagged in: sinnes skule

Sayonara

Omsider dreg dei midlertidige skulelokala sin veg, og me kan nok ein gong ta i bruk grusbana på skulen.

Det må nok gjerast ein jobb der og, for at det skal vera presentabelt og brukanes slik me vil ha det her i Sirdal (ta gjerne ein tur rundt Tonstad skule/Sirdal vidaregåande og sjekk normalen).

Å ha vore nytta til lagringsplass gjer jo at det i tillegg til isopor, plast, småspiker og anna, også befinn seg eit uttal ulike grustypar på fotballbana som kommunen leigar utan avtale for tida.

Men når snøen no snart dekker til, hjelp det på ei lita stund…

Mobbing på min grunnskule

I dag rulla Stavanger Aftenblad opp ei mobbesak på min gamle barneskule. Kven skulle tru det? På min vesle skule med berre 60-70 elevar, har folk gått rundt å mobba andre slik at dei til slutte endar opp med å flytta! Det er ei nyhend eg puttar i same skuff som 9/11 og ranet i Sveriga her om dagen…surrealistisk.

Det var visst også det skulen sjølv gjorde då dei fekk høyra om saka.

Foreldrene ble møtt med mistro…

Og det kan eg gjerne forstå. Når ein er slik ein liten skule kjenner ein jo som vaksen alle elevane. I tillegg kjenner alle elevane kvarandre godt. Kven kan tru at nokon er stygge med kvarandre, over lang tid, på ein slik stad? Det er som om Tussi skulle ha mobba Tigergutt i Hundremeterskogen så han måtte ta spretthalen sin å hoppe til andre jaktmarker!

Men er det noko ein veit om mobbing, så er det at det skjer overalt. Skjult mobbing er kanskje verst, og dei som er ekspertar på skjult mobbing er jenter. Slik sett er det gjerne ikkje heilt uforståeleg at det heile kom som julekvelden på kjerringa.

Det er trist at slikt skal hende. Det er endå tristare at det neppe er fyrste gong, og heilt sikkert ikkje siste gong det skjer heller. At det skulle gå så langt som til at eleven og familien måtte flytta er særs trist, og her skulle ein sjølvsagt gjort noko aktivt for å få slutt på mobbinga mykje tidlegare. Men igjen…det er gjerne ikkje så lett når ein korkje ser eller høyrer noko om det.

Sånn sett har, etter det eg kan forstå i frå Aftenbladet, bygdespøkelset i Sirdal nok ein gong slått til. Løyndomane som for alt i verda ikkje skal opp i lyset. At alt helst skal teiast ihjel, eller i det minste haldast innanfor fire dører…der har du noko av Sirdal si største utfordring! Om det stemmer som det står, at foreldra til jenta som var mobba vart rådd av andre til å teie, då ville eg skjemst så lang eg var over å ha gjeve slike råd.

Sirdølen tek og opp mobbesaka, om enn på ein litt anna vinkla måte. Ordføraren stiller seg kritisk til å ta slike saker opp i politiske fora, og det er eg einig med han i. At ordføraren sjølv kan vera innhabil i saka med tanke på at han sjølv har born på skulen, ja det er ein annan diskusjon. Men her tykkjer eg Frp og Ivar Hognestad har teke tak i saker dei ikkje skal. Dette handlar om pedagogikk, og erting/plaging/mobbing er noko som skal ordnast på lågast mogleg nivå fortast mogleg! At så ikkje har skjedd er noko ein må sjå på i etterkant, for sjølv skulane lærar her. Kanskje spesielt skular som ikkje har noko opplest historie med mobbesaker tidlegare.  Men som tidlegare nevnt…du kan vera sikker på at mobbing har hendt!