Eg er dårleg til å ta bilete denne gongen. Ikkje berre fordi alle andre har slike sofistikerte speilreflekskamera, men fordi eg rett og slett ikkje gidd å dra med meg fotoapparatet. Eg tek heller inn syna med auga mine. Ein reisevandt kar sa ei gong til meg at å leva ei reise gjennom ei linse avgrensa opplevingane. Så no tek eg det til etterettning. Men frå tid til annen hender det jo at tilogmed eg får nokre krampetrekkningar i peikefingaren:
Tankar frå ein bassengkant…
Det slo meg her tidlegare i kveld då eg tok med meg te-koppen ut på altanen for å samla tankane litt. Med eit kom eg på kva det var eg sakna. Med bilar rundt meg på alle kantar…akkurat i eit brøkdels sekund pause frå togets faste ratata på andre sida av den lyddempande muren, kunne eg høyra noko eg eigentleg ikkje har vore klar over at eg mangla.
Minna frå fire år tilbake og mi reise i dei sørlege Himalaysiske fjell kom attende. Eg kom i hug dei mørke, litt småkjølige nattestimane nokre hundre kilometer aust for Pokhara. Korleis eg låg og irriterte meg over dei gneldrane bikkjene på andre sida av dalen, som fekk det for seg at dei skulle kommunisera om dagens aktivitetar akkurat idet eg var i ferd med å finna vegen inn i drøymeland. Då var dei bare frustrerande.
I kveld høyrde eg den same røysta. Hunden. Denne gongen åleine. Bjeffande ut i natta under sørhimmelen i ein by der han eigentleg ikkje høyrer heime. Det var som om han bjeffa til meg der eg sat og slappa av med den litt for varme te-koppen på altanen. Han var så tydeleg. Så totalt forskjellig frå dei bylydane eg etterkvar har fått under huden her nede. Lyden skar seg gjennom vårlufta, akkurat slik eit lyn festar seg til netthinna di etter at det har teke vegen frå skyene høgt der oppe og ned mot eit einsleg tre.
Dei heimlege lydane, luktene og syna. Det er dei ein saknar. Men samstundes vert dei også ekstra klåre og ein lærar, i alle fall vonar eg det, at ein veit å settja ekstra stor pris på dei neste gong ein let blikket gli over dei kjende fjellformene der heime. Eller når ein vaknar til den jamne ringinga frå ei sauebjølle ein tidleg haustmorgon før ein hastar ut døra på veg til arbeid eller skule og kjenner ei einsleg, kald regndråpe som glir nedover langs ryggen.
Neglebiting
En fransk specialist paastaar at den uvane at bite i neglene, som ingenlunde er ualmindelig, skal være farligere en mn i almindelighet tror. Han mene ogsaa at ha lagt merke til at den er et tegn paa begyndende nervøs svækkelse, der rummer de største farer.
Litt oppdateringar
I går var eg flink student og sat på skulen heile dagen. Då eg kom heim, var døra låst og nøkkelmannen Kjetil var fortsatt på skulen. Så eg tusla inn til nabojentene og laga meg middag der. Medan eg heldt på med det, hadde det samstundes brygga opp til eit heidundrane torever utanfor, så det passa ufatteleg fint at eg fortærte middagen på altanen og sat og koste meg med det voldsomme lys og lydshowet som utspant seg i kveldsmørkret.
Men det toppa seg verkeleg då Espen, Silje og Magnus returnerte frå ein dags fiske. Dei kom dragande inn døra med to digre, svarte søppelposar som dei tømte på kjøkkenbenken til eit samstemt «oiiiiiiiii» frå alle tilskodarande. Med seg til dei puslete landkrabbane heime hadde dei med 1 stk 6 kilos tunfisk, men endå meir imponerande…Espen hadde halt opp ein 10 kilos hammarhai! Slikt er ikkje kvardagskost for kulturstudentar frå Norge som er vande med fjellaure på 30-40 cm. Fiskefangsten hadde dei, «for å toppa heile driden», i tillegg drege med seg på ei to timars reise med kollektivtrafikk (buss/tog). Mat og drikke på slike er då til opplysning ikkje lov her nede…men mat til ein liten afrikansk landsby klarte altså våre heltar å smugla med seg heim.
Dagens eskepadar venta på oss utanfor Noosa, eit par timars busstur nord for Brisbane. Her venta 10 stygge, men på eit merkeleg vis ganske søte kamelar på oss for å ta oss med på ei lita karavane langs stranda her. Alle tiders greier, om enn ikkje så all verdens aktuelt når det kjem til Australsk kultur. Bilete og video kjem kanskje etterkvart.
Hikke
Ta fat paa tungen og træk den ut av munden; hold den saaledes i 1 1/2 minut. Man kan ogsaa helde et par draaper eddik paa et stykke sukker og spise det.
Ta aldrig en knappenaal eller synaal i munden. Ved plutselig latter eller skræk er det ofte hændt at naalen er kommet ned i halsen. For en del aar siden slukte en dame tre knappenaaler. Hun led store smerter i femten aar, indtil naalene tilsidst kom ut ved det venstre hofteled.
Heilt flått!
Idag såg eg den fyrste flåtten eg har sett nokon gong. Eg har høyrt om dette utysket som vistnok skal hoppa på den fyrste og beste som kjem forbi i mange år, men aldri sett nokon. Slik er det å vaksa opp i kjedelege, men trygge Øvre Sirdal.
Den eg såg i dag hadde, som dei seier, plassert seg «upon my person». Han hadde altså funne meg som eit passande sugeobjekt og kasta seg etter meg. Då eg stod i morgondusjen der, trudde eg fyrst det var ein lodott av eit slag, men då han ikkje forsvann etter å ha prøvd å fjerna han med eit handveift fleire gonger, tok eg til slutt dei sørgelege unnskyldningane av nokre negler eg har, og kneip han av.
No er det kveld her i Brisbane, og eg har eit flott merke etter dagens action i dusjen. Reknar med at det berre er eit blåmerke etter at den vesle fanten beit seg fast. Det blir jo gjerne det når folk bit ein. Eg har vorte tipsa om å oppsøkja doktor, men som den sørlendingen eg er, så tek eg livet med ro, tida til hjelp og ventar og ser kva morgondagen vil bringa av utvikling på blodutreiingsfronten.
Fotsved
Vask føttene morgen og aften i varmt sæpevand, hvortil er sat litt soda (20 gr. til 1 liter vand). Skyl dem derpaa i koldt vand og tør dem omhyggelig. Bruk derpaa et strøpulver bestaaende av 1 del salicylsyre|, 2 dele saaldet kulsur kalk og 7 dele pulverisert talkum. Bruk rikelig av pulveret mellem tærne. Ta ofte rene strømper paa
Et andet middel er vekselfotbad tre ganger daglig. Efter hvert bad gnider godt ind med undersalpetersurt vismut.
Heving av Bourbon Dolphin
12 april i vår gjekk ankarhandteringsfartøyet Bourbon Dolphin rundt utanfor Shetland. Tre dagar seinar sokk skipet til 1100 meters djup medan det var i ferd med å slepast til land. 8 mann omkom. Det heile var ei særdeles trist hending for Fosnavåg i Herøy Kommune. Herøynytt oppmodar folk til å skrive under på ein underskriftskampanje som har som mål å få heva Bourbon Dolphin. Det er noko med å få heim sine kjære att når ein faktisk har middel til å få det gjort. I gamle dagar var ikkje slikt mogleg, men no har me teknologien til nettopp dette. Så eg oppmodar deg til å signera på undeskriftskampanjen ved å klikka deg inn på lenkja under:
AA-studier, ikkje berre morro…
And ze dicision is…
ITunes er eit dritprogram! Eit klikk, og vips så var 2000 songer på min lille portable jukeboks borte vekk. Det er ikkje logisk at eit program skal ha lov til å bestemme at det vil synkronisere alt ein har av musikk berre fordi ein vil leggja ein film på boksen. Musikken eg har lagt på Ipoden, vil eg jo sjølvsagt ha på Ipoden. *sparke i veggen og komme med svärdommar*