Tankar frå ein bassengkant…

Det slo meg her tidlegare i kveld då eg tok med meg te-koppen ut på altanen for å samla tankane litt. Med eit kom eg på kva det var eg sakna. Med bilar rundt meg på alle kantar…akkurat i eit brøkdels sekund pause frå togets faste ratata på andre sida av den lyddempande muren, kunne eg høyra noko eg eigentleg ikkje har vore klar over at eg mangla.

Minna frå fire år tilbake og mi reise i dei sørlege Himalaysiske fjell kom attende. Eg kom i hug dei mørke, litt småkjølige nattestimane nokre hundre kilometer aust for Pokhara. Korleis eg låg og irriterte meg over dei gneldrane bikkjene på andre sida av dalen, som fekk det for seg at dei skulle kommunisera om dagens aktivitetar akkurat idet eg var i ferd med å finna vegen inn i drøymeland. Då var dei bare frustrerande.

I kveld høyrde eg den same røysta. Hunden. Denne gongen åleine. Bjeffande ut i natta under sørhimmelen i ein by der han eigentleg ikkje høyrer heime. Det var som om han bjeffa til meg der eg sat og slappa av med den litt for varme te-koppen på altanen. Han var så tydeleg. Så totalt forskjellig frå dei bylydane eg etterkvar har fått under huden her nede. Lyden skar seg gjennom vårlufta, akkurat slik eit lyn festar seg til netthinna di etter at det har teke vegen frå skyene høgt der oppe og ned mot eit einsleg tre.

Dei heimlege lydane, luktene og syna. Det er dei ein saknar. Men samstundes vert dei også ekstra klåre og ein lærar, i alle fall vonar eg det, at ein veit å settja ekstra stor pris på dei neste gong ein let blikket gli over dei kjende fjellformene der heime. Eller når ein vaknar til den jamne ringinga frå ei sauebjølle ein tidleg haustmorgon før ein hastar ut døra på veg til arbeid eller skule og kjenner ei einsleg, kald regndråpe som glir nedover langs ryggen.

2 Comments on "Tankar frå ein bassengkant…"

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *