Category Archives: Personleg

Vis meg korleis!

I vinterferien handla eg meg ei flott bok – «Show me how«. Den har hundrevis av grafiske eksempel på korleis ein kan gjere ulike ting. Favorittane mine, om enn noko usansynlege, er:

1. Korleis bryte med ei krokodille.
2. Korleis ta i mot ein baby i ei drosje.
3. Korleis klyppe navlestrengen på ein baby.

Sistnemnde er ein naturleg oppfølgjar til nummer to på lista.

Av dei meir aktuelle har eg sett i gang eit prosjekt i vindaugskarmen. Det er inne i si femte veke no skulle eg tru.

Prosjektet går rett og slett ut på å dei a fram sitt eige avicadotre frå ein avokadostein.

Foreløpig veks det fint, men eg er litt uroa over kvar eg skal gjere av det etterkvart. Om nokon har ein varm plass som treng litt grønt kan eg gjerne donere bort denne…sånn om ein 2-3 år skulle eg tru.

Dokfilm 2010

Frå torsdag denne veka har eg vore stasjonert i vene Volda. Her vart eg møtt på flyplassen av Synnøve. Skulle tru det heile var regissert. («Truman show» anyone?) I tillegg var nøkkelen til frk. Ølnes strategisk plassert i konvolutt i skranka, så eg fekk plassert bagasjen på ein trygg stad. (Ei anna av dokumentarfestivaldeltakarane som sat på i bilen, stirra med store auge på at me gjekk i frå bilen ulåst midt i Volda sentrum….ho var østlending.)

Så med snippsekken trygt plassert i det som nok er Voldas tryggaste hus, var ikkje vegen lang til ein superflott lunch/catch-up med Hanne på eit nytt tilskot i utelivsbransjen i Volda. Pastasalat og ein god kopp te i lausvekt gjorde under med filmenergien i kroppen.

At det blir for lite tid til å rekke å sludre med alle gamle kjente på ein slik festival er soleklart. Skulle gjerne utvida opphaldet med nokre veker! Men kort sagt: det var kjempekjekt å sjå dykk att! I tillegg vart det også nokre nye bekjentskap. Mykje kjekke nye folk!

Det var jo tid til litt film og. Her er namnet på dei eg fekk med meg:

I dette utvalet er det mykje flott film, men Food Inc, End of the line og Uteliggerenes sang er tre eg verkeleg vonar du fer oppleve!

Her er også nokre få glimt frå seansen.


















Vinterferien er komen til endes…

Teknisk sett er vinterferien 2010 over, men både frå og til arbeid tek eg meg sjølv i framleis å vere til stades i Gerswhin teater på Broadway…mentalt. Eg var og såg musikalen «Wicked» der. Ikkje ein du har høyrd om nei? Det var og litt av grunnen til at eg hadde lyst å sjå nettopp den. Dei meir kjende veit ein allereie historia på…det gjorde eg ikkje med denne, og då opplever ein noko meir enn kun framsyninga. Det viste seg å vera ein suksess i mine auge. Her er eit lite klipp av det som for meg var stykket sitt høgdepunkt;

Vestens akilles

Den vestlege verda byggjer heile sin eksistens på økonomiske interesser. Alt er økonomi for oss…eller skulle eg kanskje sei finans om du vil?

I går vart et sittjande etter middagsmaten å høyra på radio. NRK sin korrespondent i midtausten, Sissel Vold, hadde intervjua muslimske kvinner. Vold var tydeleg overraska over at kvinnene sjølv valde å gå tildekka. Overraskinga var endå større over at dei same kvinnene ville vera heime i staden for å arbeida. Den som Vold hadde intervjua utalte at «vesten tenker bare på penger». Personleg tykkjer eg at det er vanskeleg å vera usamd i det utsagnet.

Då eg i dag kom over følgjande video kjende eg skrivekløa kome;

Kvart evige år høyrer ein multinasjonale selskap klage eller skryte over rekordtal. I fjor vart ein vitne til eit sytekor utan like då finanskrisa slo til. Eit år etter kunne ein tru at det heile ikkje hadde funne stad. Men er det verkeleg slik, at ein kan forvente at innteninga kvart år skal nå nye høgder? Ikkje i følgje marsvinteorien!

Heller ikkje i følgje ein film eg kom over for nokre år sidan. Filmen har den passande tittelen «The Corporation». Den gjev eit godt innblikk i bakgrunnen for dei multinasjonale selskapa som eksisterer i dag, og kvifor aksjeselskap i det heile tatt eksisterer.

Alt i alt…eg sit att med ei kjensle av at ting er «fole» galt her i vest. Filmen «Matrix» har forsåvidt eit treffande poeng i at mennesket er eit virus. Det er dog ikkje alle sortar menneske som er det. Men når me endar opp med å vera så langt i frå det med eigentleg er ein del av, naturen, at borna våre ikkje lenger veit anna enn at mjølka kjem i frå butikken, og kjøtet på eit eller anna magisk vis dukkar opp i butikkane…det er då me har eit problem. Det problemet er større enn alle overskot!

Nomaden i meg ropar…høgt!

Takk og pris for at ein har gode vener som har vet til å ta seg ein svipptur utanlands når ein sjølv ikkje har anledning til det. For tida er to av mine kjære vener frå AA-studiet på nye eventyr utanfor riksgrensa, Kine og Magnus. I tillegg har mi kjære sambuerske frå siste året i Volda, Trine, sin eigen vesle verdsturne.

Kine oppheld seg for tida saman med si reisevenninne, Hanna,  i det sørlege Asia. Slettes ikkje ein gal plass å vere når gradestokken konstant syner blått. Med stadige oppdateringar på sin reiseblogg, varmar ho opp det stilleståande blodet i årene mine med sine mange skildrande bilete. Keep’em coming!

Magnus derimot, gjer det stikk motsette! Som tidlegare folkehøgskulesoldat ved Øytun Folkehøgskule, har han teke fatt på eit halvt års studium med fangstliv i Alaskas villmark. I utgangspunktet eit eventyr fleire lysår frå det han tidlegare har erfart av AA-studiet og journalistikkutdanning i India. Skal sjå at Magnus har fatta stor interesse for ying og yang etter sine visittar til Asia…

Trine er i motsetnad til dei to tidlegare nemnde ikkje fullt så informativ. Det reknar eg med at ho vil vege opp for ved retur til Noreg. Trine er rå på å filme sine mange eventyr, og dokumentasjon skal i så måte ikkje vere noko problem. Enn så lenge kjenner eg meir enn ei gong til dage på kjensla av kor flott eg veit ho må ha det på tur.

Er eg avundsjuk på mine tre reisande vener? Klart det! Men nettopp difor vonar eg at dei alle har ei fantastisk tid som dei kan hugse på resten av liva deira. Trøysta er i mellomtida ei god bok å forsvinne inn i; Down under av Bill Bryson.