Ja det er kanskje ikkje fullt så “galt” som det kan høyrast ut som i fyrste omgang, men av ein eller annan grunn, så har tydelegvis ei marokkansk hackargruppe funne ei utfordring i å ta seg inn på servaren til Sinnes Skule. Ei raskt søk på Google, viser at min kjære skule heime ikkje er dei einaste som har vorte besøkt av desse spenstige Marokkanarane. Personleg må eg vel berre sei det, at det var nok diverre ikkje eit stort tap om sida vart bytt ut med det som viser på biletet under…sida som var frå før, var nok diverre ikkje av dei mest innovative eg har sett.
Category Archives: Personleg
Shagma, nostalgi i bøtter og spann
Konge! Omsider har jeg funnet igjen introen til favorittprogrammet mitt fra min barndoms lørdager. Her må du sette deg inn i en kontekst; først av alt, lørdag. Vinter, mamma som støvsuger huset, runde sjokoladekuler som lørdagssnop…OG:
[youtube:http://www.youtube.com/watch?v=wvIqDPjbuSg]
Matematikk
Jeg må bare nevne det. Jeg kom over følgende artikkel på www.matematikk.org. Den ble skrevet i desember. I vår var jeg i praksis på Ørsta Ungdomsskole og i den forbindelse brukte jeg TV-serien “Numb3rs” i matematikkundervisningen. Riktignok var ikke serien kommet til Norge hverken på TV eller andre måter, men det viser seg jo altså at det av og til lønner seg med bittelitt piratvirksomhet. 🙂 “Målet helliger middelet” og denslags vet du…. Kort sagt. Det føltes litt greit å faktisk ligge i forkant av ting for en gangs skyld. 🙂
Produktiv dag…
Raymond inviterte på middag i dag. Pannekaker med flæsk og blåbersyltøy. Se bildeserien under…
(ser du godt etter, så ser du at eg har våre litt borti blåbæret allereie..)
I tillegg laga eg også mitt fyrste eksemplar av komposisjon i det vidgjetne “Siblius”. Her er resultatet….:o
Hr. Sinnes føreles på Høgskulen i Volda
Kven skulle vel trudd det. At eg, som suller rundt på allmennlærarstudie og ikkje har eit einaste sosialt akseptert papir på IT-kompetanse, skulle ende opp med å ha undervisning på ein høgskule i Adobe Photoshop! Men sånn kan det altså gå. Det er det eg seier. Det er farleg å stikka hovudet for mykje fram, for plutselig så sit ein i det. Nå skal det vere sagt, at ting kunne vore mykje verre enn at eg vart spurd om å ha litt vikarierande undervisning i slikt eit fag, men det er prinsippet som er poenget.
Uansett. Eg har no lagt bak meg totalt 6 timar med undervisning, og kanskje eit par timar med førebuing. Så må ein spørre seg. “Kva har eg lært av det?” Eller…eg skulle vel spurt føreskulestudentane som eg underviste, noko eg forsåvidt også gjorde, men eg kjenner jo godt til denslags. Ein svarer helst “jo eg har lært mykje” berre for å sleppe ut av det klamme klasserommet og vekk i frå undervisningssituasjonen. Mao, så reknar eg ikkje med så mykje konstruktiv kritikk frå den kanten. Men eg kan nå alltids ta meg litt didaktisk refleksjon som eg har vorte så god til no etterkvart.
1. Mange studentar forstår ikkje det dei les. Kan hende dei les det, men det går rett og slett ikkje inn! Når pkt. 1 på arket seier “Les først gjennom alt“, og dei allereie er på pkt. 5 før eg har fått snudd meg rundt, ja då veit eg jo at dei har hoppa over noko.
2. Ein kan ikkje nytta andre sine opplegg og rekna med at det skal gå like godt som med eit eigenprodusert opplegg.
3. MSN og liknande skal blokkerast neste gong eg skal ha slik undervisning.
4. Konkrete oppgåver er eit must. Det blir for dumt å sitte å halde på med ei imaginær oppgåve!
Og det er vel dei punkte som eg kjem på i farten. Elles er det det å seie, at øvelse gjer meister, og eg merka god forskjell på fyrste og andre gongen…men det kan jo fort ha å gjere med at det var eit anna klientel…
Clipmarks
I dag oppdaga eg noko nytt og revolusjonerande på verdsveven. Clipmarks heiter vidunderet, og er eit tillegg til Firefox; og etterkvart også (den forhatte) Internet Explorer.
Tillegget har ein funksjon, nemleg å gjere det mogleg for deg å klyppe og lime innhald du finn interessant på nettet. Skal du til dømes skrive ei oppgåve og leiter side opp, og side ned på nettet etter informasjon, kan alt det du finn, samlast saman til ein samanhengande tekst med å nytta Clipmarks.
Nedst på sida mi no, har eg lagt inn ein “feed” som hentar dei siste “clippa” mine. Dette er revolusjonerande folkens, og gjer at det eg har venta ei stund på, Scrybe; no vert slått på målstreken. Så ikkje nøl. Last ned tillegget og prøv godsakene! 🙂
Google meg her, og google meg der….
GoogleEarthMania
Ja no tek dette vesle prosjektet mitt litt form etterkvart. Tanken er å settja namn på så mange stader i heimkommunen som berre råd, samt leggje inn så mykje informasjon som berre mogleg om dei ulike plassane. I tillegg har eg funne det naudsynt å kombinera Google Earth litt med Norge i Bilder sånn med tanke på detaljrikdomen, som diverre endå ikkje er heilt på topp med berre å nytte det eine.
Eg ser for meg fleire bruksområde med dette. Kanskje fyrst og fremst, må eg nemne at eg ser det som eit verkty i skuleverket med langt større potensiale enn det skriftkastaren/overhovudet var i si tid. Med tanke på å ta i bruk lokalmiljøet, så gjev jo dette ein fantastisk sjans for elevar å verte kjent med lokalgeografien på ein kjekkare måte enn å sitje å sjå på kart i 2D. Men det er så fantastisk at det ikkje berre begrensar seg til det lokale. Nei her kan ein dra avgarde og sjå på kjende stader rundt om i verda på ein augneblink. Antan det no er se for å sjå på den Kinesiske muren eller om det måtte vere for å ta ein nærare kikk på kvar Machu Picchu ligg i samfunnsfag, eller om ein er interresert i ulike kjente stader frå religionen i KRL.
Difor, om dette også set ein kveik i deg, så ikkje nøl med å gje meg eit pling dersom du ynskjer å hjelpe til med prosjektet mitt, eller starte ditt eige og kanskje ikkje heilt veit korleis ein skal ta fatt.
Klikk her for å laste ned fil som skal åpnast i Google Earth
Glimt fra barndommen
For ei lita stund si, fekk me rota oss til å gjere all 8mm-filmen med hadde liggjande heime digital. Eg har lenge hatt dei to dvd’ane me fekk ut av det liggjande her på datamskina mi, men omsider klarte eg å få heve meg rundt og brent dei på dvd. Eg laga også i den samanhengen ein liten smakebit..rett så nostalgisk er det, der far forsøker å lære meg korleis eg skal handtera desse trepinnane som eg har fått festa til føtene mine samtidig som eg koordinerer dei litt for lange stavane…
[youtube:http://www.youtube.com/watch?v=0nnEs980TGk]
Ironien i det heile…
Då lakkar og lir det så smått mot ferieslutt. Det har vore ei fin tid. Eg har hatt det så fint som ein kan ha det takka vere den alt for tålmodige mammen min. Kleda mine har ho vaska, ikkje har ho vekt meg om morgonane (sjøl om eg har bedt ho om å gjøra det når samvitet har rådd meg til det), og verdas beste mat har eg og fått! Kort og godt ei draumejul. Takk takk mamma! (og ja, eg seier “mamma”….hald att tåta)
Det einaste som mangla, var eigentleg snøen…som sjølvsagt ser ut til å finna det for godt å leggja seg mjukt over dalen akkurat idet eg, og elles alle dei ferierande rogalendingane som i sine fantasiar om Øvre Sirdal som deira personlege winterwonderland har lagt nyttårsfeiringa si til denne lokasjonen, reisar herifrå att. Får vel berre håpe og tru at alt det kvite regnar bort att!
Novel…det er merkeleg med det, men det slår aldri feil at ved enden av kvar einaste ferie eg kan hugse, så har eg gleda meg til å byrje på skulen att. Slik sett er ikkje denne jula ulik nokon av dei føregåande. Det er rart med det…
Men då er det altså berre å stålsettje seg, og gjere seg klar for tre vekers skulepraksis som sjølvsagt kjem ALT for fort på etter ferien. Trøysta får vel vere at det er den siste, og at det stort sett endar opp med å vere mykje kjekkare enn det eg hadde tenkt meg på førehand.
Så adios Sinnes, HOLA VOLDA!