Category Archives: Personleg

Off-piste

Kanskje bør fallskjerm vere obligatorisk sikkerheitsutsyr i traktorar?Aftenbladet slenger følgjande overskrift i andletet på meg i det eg slår på min vesle hanglede laptop; “Mann falt 40 meter”. (Seinare også kopiert i andre riksavisar: Aftenposten & Dagbladet) Slikt høyrest jo i utgangspunktet unekteleg dramatisk ut, og ikkje misforstå meg, ein traktor som vel å kjøre sin eigen veg og i dette tilfelle gje etter for gravitasjonens lover er jo ikkje å spøke med. Det veit eg litt av kvart om sjølv.

Uansett. Eg vart jo bergteken av sensasjonsoverskrifta (som fleire har kommentert på Aftenbladet) og leste vidare på ingressen. Den kunne melda om at hendinga hadde funne sted ved Andestjørn i Sirdal. Tankane begynner å snurre. Det er jo heime. Og såvidt eg veit, så er det ikkje noko 40 meter loddrett stup nokon stad i området…i alle fall ikkje i nærleiken av ein veg (endå). Eg enda etterkvart opp med ein stad der dette kunne ha hendt, og i oppfølgjingsartikkelen Aftenbladet presenterer nokre timar seinare vart jo den tanken stadfesta.

Dei siste åra har det vore ei utvikling på traktor/brøytefronten på Sinnes. Det slo meg då eg flytta til Volda der eg beit meg merke i at dei fjerna snøen med skrape. Snakk om tungvindt måte! Men slik har det aldri vore gjort heime…før no dei siste åra. Me har sverga til kjettingar og fres. Og det har fungert som berre juling. Kan hende er det dei labre snøvintrane som har fått brøytemannskap til å senka krava? Ikkje veit eg.

Kanskje er det på tide å dra fram skia igjen når ein skal til Sirdal? Ikkje kjøyre heile vegen til inngangsdøra. Det er jo noko med å gå 10.000 skritt dagleg, og ein kan jo ikkje ta pause frå dette sjølv om ein er på hytta! Det er jo til alt overmål kanskje spesielt viktig når ein er på hytta, for såvidt meg bekjent så er det ikkje akkurat helsekost det går i då.

Election ’07: resultatet

Då er det endeleg avgjort. Etter månader med spekulasjonar på om John Howard kjem til å skriva ut til nyval snart, var det nettopp det han gjorde for ein månad sidan. I går vart valet halde og idet eg stod opp i dag kunne eg til mi store glede sjå at Kevin Rudd, opposisjonsleiaren og den argaste konkurrenten til John Howard har gått av med sigeren.

BBC kan melda at etter at 70 % av stemmene er opptelt, så har Rudd allereie fått dei 72 seta i Senatet som var påkrevd for at det Australske Arbeidarpartiet skulle få fleirtal der.

Etter 11 år med Howard ved roret var nok dei fleste litt lei av han. Fleire av førelesarane me har hatt i løpet av mitt studieopphald i Australia var og tydeleg misfornøgd med tilhøva slik dei var no, og kanskje spesielt med nokre av dei politiske ståstadane til Howard. På spørsmål som Krigen i Irak, Kyotoprotokollen og i høve til rettane til dei Australske urinvånarane var Howard etterkvart blitt ganske så kontroversiell.

Men no er det altså tid for “New Leadership” (slagordet til Rudd & Co), så då er det berre å lena seg attende og sjå på kva retning Australia vil ta i dei næraste åra. Rudd får i alle fall eit rungande “good on you mate” frå meg.

For meir info om valutfallet: http://www.abc.net.au/elections/federal/2007/

Oioioi…

Alternativ #1

Alternativ #2

Alternativ #3

Eg har vorte skamfaren! Så enkelt er det. Og eg har lært meg ei lekse. Saka er at i dag gjorde eg alvor av tankane eg har hatt lenge om å få litt meir schwung på manken til eg kjem heim til jul. Strengt tatt burde ein vel kanskje latt det ha vore i og med at ein nok kan ha god bruk for litt ekstra på toppen når gradestokken synk til faretruande låge nivå.

Likevel vart det for varmt med denslags frisyre her, så etter ein gåtur til Air Itam Dam som gjorde at eg kunne krysse av i journalen for både trim og sightseeing i dag, svingte eg innom ei frisørsjappe borti gata. Eg stakk hovudet innanfor døra for å høyra om det var ledig time og joda, det var berre å kom om ein halvtime det. Eg ruser inn på Logden for å få meg ein dusj og vaska av den verste svetta før eg skal bort å sette meg på hoggestabb….i frisørstolen. Sjølvsagt var vatnet borte til 15 så det var dårleg med vask.

Men eg returnerte attende nokre straksar etterpå og vart møtt med hårvask og gode greier der. Strålande, tenkte eg. Men det er merkeleg med det. Du kan på eit vis skilje erfarne/dyktige frisørar frå ikkje fullt så erfaren etter berre nokre få kutt med saksa. Ja til og med også berre etter korleis dei handterer håret ditt før dei set i gang. Eg fekk ikkje den heilt gode kjensla for å seie det sånn. Men no sat eg jo der så det var kanskje litt i seinaste laget å ta beina på nakken ut døra. Eg fekk bli sittjande og ta sjansen.

Som du kan sjå av bileta til høgre, var det sjølvsagt mange alternative utfall av seansen. Owen-looken var vel kanskje den som låg nærast ideane mine i utgangspunktet. Jude Laws høge viker kunne til nød og passert sensuren min. Til og med ein litt slesk, brylkrembefengt 50-talslook kunne i eit tvilstilfelle vore i orden. Men kva ender eg opp med? Etter ein halvtime i stolen, med ei overvekt av arbeid på mi venstre side og eit kvarters oppføning etter at siste klippet vart teke så kom eg ut frå salongen sjåande ut som om eg har hatt eit Obelixuhell med Wella’s mest volumiøse produkt! Det er av omsyn til omverda at eg ikkje rørte eit einaste hårstrå før eg fekk festa dette til film. For dette er då eit perfekt eksempel på slik ting ikkje skal gjerast. Så her er den nye cutten min…uncut (og ja…bildet kan klikkast på og vil då dekkje store delar av skjermen, samtidig som at eit trykk på “n”-tasten på skriveplata di vil ta deg vidare til det neste framifrå biletet i serien);

Oops








Kva har me lært av dette kan du kanskje spørre? Vel to ting.

1. Det er billeg å klyppe seg i Asia. 20 ringit (32 NOK). Det er jo berre ei stadfesting av mi forrige oppleving i Thailand for fire år sidan, som i motsetting var den beste klyppen eg har hatt nokon sinne!

2. Beveg deg aldri, og eg gjenntek ALDRI i nærleiken av ein Kinesisk frisørsalong. Du går kanskje inn der med ein hårball utan like på hovudet, men det du kjem ut med er ikkje anna en ein masseprodusert kommunistsveis som er standardisert og utprøvd på millionar av menneske i Kina gjennom fleire tiår.

On the road again…

Då er eg på veg atter ein gong. Denne gongen er det heimvegen eg har teke fatt på, men før eg kjem så langt tenkte eg at sidan eg var i nabolaget ville det vera dumt å ikkje ta seg nokre soldagar i Malaysia sånn før ein vender attende til mørke Noreg.

For dei som fyljer med på vervarslingane frå andre stader i verda enn akkurat dalstroka-innafor, så kjem det vel ikkje som noko bombe at det for tida er monsunsesong i Malaysia og omegn. Dette har den effekten at det er heller lite sol men desto meir regn. Kanskje ikkje heilt det eg hadde håpa på…det skal eg nok ærleg innrøma, men ein får ta det ein får og gjera det beste utav det.

Det positive eg har fått ut av det er at eg har truffe folk som eg nok aldri hadde kome i kontakt med dersom eg hadde levd det late slaraffenlivet på stranda som andre kanskje gjer. Fyrste dagen her kom det ein australiar og lurte på om det var ledig ved frukostbordet og vips så var min leikekammerat for resten av den dagen i boks. Me traska rundt her i Georgetown og gjorde turistting. Tok “Fløybanen” opp til toppen av Penang Hill (sånn rundtomkring 500 m.o.h eller så), og deretter tusla med til ein 120 fot stor buddhastatue for å sjå på han. Det er fascinerande å sjå korleis Buddhistar kombinerer ein fleire tusen år gamal religion med pur moderne kommersialisme. Om nokon ynskjer seg noko spesielt til jul, så kan eg til dømes freista med ein 1 meter høg statue av Buddha. Berre gje meg eit lite pling så ordner me det!

Elles har eg drukke kokkosnøttmelk og sukkerrøyrsaft. Ingen av delane var strengt tatt heilt opp til det eg hadde tenkt meg. Har og tusla forbi eit par Varanar (øgler) på rundtom 2 meter…sørgjeleg nok skreik eg ut til Ally (australiaren) så han skulle sjå, og vips hadde dei begge to klart å gøyma seg i buskaset. Og så til sist tenkte eg at eit par bilete kunne vera artige å sjå på. Dei er frå litt rundtomkring, både Cairns og her på Penang.

Solnedgang over Cairns

Topp avsluttning

I dag ligg eg her og forfattar det siste blogginnlegget i løpet av det Austral-Asiatiske Kulturstudiet eg tek denne hausten og veit at i morgon kveld så er spreidt for alle vindar. Nokre vert igjen her i Cairns, nokre stikk heim, medan andre har sett seg mål om å utforska det Australske kontinent endå litt meir. Eg sjølv satsar på nokre intensive skrivedagar i Brisbane og vonar at eg etter det kan seia meg ferdig med den.

Men for ein innspurt det har vore! Dei siste to dagane sidan me kom frå Japan har vore fantastiske. For å ta det i rekefølgje. I går var me ute på Great Barrier Reef og snorkla og kosa oss i vatnet heile dagen. Der låg me med hovudet ned i vatnet og vart til dei grader fascinert av livet som er under vatn. Fiskar i alle slags fargar og fasongar passerte under oss, og jamvel ei skilpadde og ein liten hai vart observert før me returnerte etter ein glittrande solfyllt dag på eit av verdas naturlege underverk. Men sola og det å liggja å kava i vatnet tek på, så det var ein sliten gjeng som kom attende etter ein fortryllande dag.

Men så kjem twisten. Kven skulle vel trudd at dagen i dag kunne verta like god…om ikkje til og med eit hakk betre?

Rafting i Barron River stod på plakten. Klok av erfaring visste eg med meg sjølv at dette kom til å verta ein finfin dag. Om han ikkje heilt nådde opp til min seanse med same aktiviteten for drøyt fire år sidan i verdas høgste komersielle dropp i Kaituna River på New Zealand, så var det likevel ei verdig avslutning på ei særs hendelsesrik tid saman med AA-kullet ’07. På veg til startpunktet frå hotellet vart me lova gode raftingforhold sidan det lokale kraftselskapet skulle sleppa opp slusene ned vassdraget heile dagen. Som erfaren vassdragsinnbyggjar må eg vel seia at eg ikkje var særs imponert over dei forholda som møtte oss då me kjøyrde oppover dalen…det såg rett og slett ein smule steinete ut i elveleiet. Heldigvis tok det seg opp, og då me (Mari, Amalie, Silje, Malin, Jan Tore og eg) som fyrste båt utfor og tok fatt på den 4 kilometer lange turen nedover, er eg sikker på at det var fleire som lurte på om det var deira rumpeballar som skulle gjera seg nærare kjent med elvebotnen.

Turen nedover gav oss ei rekkje passande store utfordringar tykkjer eg. For mellom rolege parti med flott natur og djupe kulpar med vatn som passa mine temperaturpreferansar perfekt, så var det stryk som kunne by på ein snurr i alle slags rettningar. Heldigvis/Uheldigvis (stryk det som ikkje passar) så var det ingen av båtane som tippa rundt på eiga hand i løpet av heile dagen, men det skorta ikkje på morroa fordi om. Vassprutekrig med dei andre båtane, ein liten improvisert padlespurtkonkurranse og mykje laustsittjande latter etter å ha meistra det eine stryket etter det andre piffa opp dagen. Ved veis ende venta det fortreffeleg grillmat til svoltne magar. Og for dei som måtte ynskje det (noko som viste seg å vera dei fleste), vart det jammenmeg endå ein tur nedover etter mat.

Så med alle trygt tilbake på hotellet så er det godt å kunne stadfesta at ingen kom alvorleg til skade, og at alle såg ut til å ha hatt ein kjempefin dag i lag. Så takk til alle saman som har vore med så langt, og ha ei trygg reise vidare til alle saman. Ta vare på dykk sjølve og sørg for å vera attende i Volda til etter nyttår…me har jo faktisk ein aldri så liten eksamen igjen i dette faget! Takk for laget!

Kontrastar i kvardagen…

I går gjekk eg og Jan Tore rundt i Tokyos gater med høge skyskraparar på alle sider i ein temmeleg stressande by. Tempoet der er høgt og volumet like så.

Idag landa me med fly på Cairns International Airport etter ein 7 timars lang flytur frå Narit International eit par timar utanfor Tokyo. Overgangen var temmeleg stor. Frå eit litt surt, pjuskete haustver i Tokyo der ein strengt tatt ikkje kunne gå rundt i shorts som eg endte opp med å gjera er me nå i “syden”.

20 grader klokka 6 om morgonen gjer godt! Det låg eit røykteppe over byen då me kom. Skogbrann. Men bussjåføren var ikkje særleg uroa, så me sjekka inn på hotellet og gjekk ut for å finna ein liten matbete før me slengte oss på sengene. Vart liggande og drøyma til klokka 2. Men trøyttheita sit likevel godt i endå, så det vert nok ein tidleg kveld. Og med tanke på at me i morgon tidleg skal avgarde 08.10 og ut på Great Barrier Reef og snorkla. Så det nyinnkjøpte undervass eingongskameraet er klargjort og eg gler meg til å få nokre flotte bilete frå verda under vatnet der.

Shrine

Tilbakeblikk

Det er kanskje litt tidleg å sjå attende på det ein har opplevd på studiet så tidleg, og allereie før ein har kome attende til heimlandet. Men det hender seg at eg vert sittjande å sjå litt på kva eg har filma undervegs. Her fer de eit glimt frå ein aktivitet med heldt på med i Binna Burra som vart kalla High Ropes. Det vil seie at ein klatrer ein 5-6 meter opp i eit tre, iført letare avslørande klatreselar, og balanserer på line over til treet som tauet er festa i i andre enden. Klippet er frå rapellering ned att etter at Espen elegant fullførte sin tur med stil. Loddet i andre enden som gjorde sitt beste for ei trygg nedstigning var undertegna og Marianne tilbyr i tillegg ei hjelpande hand.

[youtube QL-vxktbEPM]

Å vakne opp i Tokyo…

Det er rett og slett ei ganske merkeleg kjensle å vakne opp i Tokyo by. Ikkje lenger enn 200 meter unna den høgaste klossen dei har klart å plassera her bur me, og eg ser rett bort på han frå vindauget over senga mi her. Ein skulle tru at i eit land som kvart år vert råka av 200 jordskjelv, så ville ein sjå spor av denne aktiviteten overalt der ein snur seg. Det gjer ein då altså ikkje. Men det er vel ei myte det og, på same måte som Japanarane trur at med har isbjørn gåande rundt i gatene der heime til ei kvar tid.Me er ferdige med den vesle rundturen i Japan no. Skjønt å kalla han liten er vel å ta hardt i. På under ei veke har eg unnagjort minst 1400 kilometer med tog (sansynlegvis meir sidan jernbaneskinnene ikkje eingong her går i ein rett strekning), eg har vore innom fire ulike byar, Hiroshima, Osaka, Kyoto og Tokyo, eg har vore i tre ulike slott/borger. Resten av tida skal me vera her i Tokyo. Kanskje det vert bilmesse, teknoshow…i dag skal me avgarde og sjå på det ypperste som Japan kan by på av popkultur, altså populærkultur.Men no er det på tide å finne seg frukost….helst noko som ikkje smakar fisk og er gjennomsiktig.Ellers er det berre å gå inn på Facebook og sjå på profilen til Torger San, eit produkt av ei vitjiing i ein bokbutikk.

In the land of the rising sun…

Sjå det. Då er ståa altså slik at eg har fått eit nytt flagg å ha på verdsreisejakka mi…Japan. Eg sit akkurat for augneblinken på hotellromet i Tokyo. Etter berre nokre få timar har eg allereie ei heil rekkje med nye inntrykk å sortera, men eg er for trøytt til å summera opp akkurat no. Dagen byrja tidleg i Brisbane i dag, og eg er akkurat komen attende frå ein hyggeleg middag på ein ekte Japansk restaurant.

Det vert berre ein kort litan notis akkurat no, men alt står godt til og eg gler meg verkeleg til desse 11 dagane me skal vera her. Arrigato Gosaimasu!