Året er 1994. OL på Lillehammer er over og dei siste spor av snø som kan innby til vintersport er borte vekk. På Sinnes Skule stiller mellomtrinnet opp på rekke og rad i skulegarden for å få tildelt kvar sitt område og ein obligorisk søppelsekk. Det er tid for den årlege vårreinskinga av grøftene langs hovudvegen i Øvre Sirdal.
Med sekkane over skuldrene, hanskar på hendene og England i blikket tok dei fatt på oppgåva med ein innsatsvilje som kan måla seg med Sture Sivertsen’s 50 km-innsats i det nevnte OL.
Mon tru om tradisjonen endå vert halden i hevd….
Du fortalte meg aldri at du var avis-kjendis!? (“,)
Vel..kjendis og kjendis. Eg vonar at det held seg på det nivået der. Ei eskalering hadde eg vore skeptisk til…