Category Archives: Generelt

Innlegg som ikkje fell inn under nokon spesiell kategori.

Oioioi…

Alternativ #1

Alternativ #2

Alternativ #3

Eg har vorte skamfaren! Så enkelt er det. Og eg har lært meg ei lekse. Saka er at i dag gjorde eg alvor av tankane eg har hatt lenge om å få litt meir schwung på manken til eg kjem heim til jul. Strengt tatt burde ein vel kanskje latt det ha vore i og med at ein nok kan ha god bruk for litt ekstra på toppen når gradestokken synk til faretruande låge nivå.

Likevel vart det for varmt med denslags frisyre her, så etter ein gåtur til Air Itam Dam som gjorde at eg kunne krysse av i journalen for både trim og sightseeing i dag, svingte eg innom ei frisørsjappe borti gata. Eg stakk hovudet innanfor døra for å høyra om det var ledig time og joda, det var berre å kom om ein halvtime det. Eg ruser inn på Logden for å få meg ein dusj og vaska av den verste svetta før eg skal bort å sette meg på hoggestabb….i frisørstolen. Sjølvsagt var vatnet borte til 15 så det var dårleg med vask.

Men eg returnerte attende nokre straksar etterpå og vart møtt med hårvask og gode greier der. Strålande, tenkte eg. Men det er merkeleg med det. Du kan på eit vis skilje erfarne/dyktige frisørar frå ikkje fullt så erfaren etter berre nokre få kutt med saksa. Ja til og med også berre etter korleis dei handterer håret ditt før dei set i gang. Eg fekk ikkje den heilt gode kjensla for å seie det sånn. Men no sat eg jo der så det var kanskje litt i seinaste laget å ta beina på nakken ut døra. Eg fekk bli sittjande og ta sjansen.

Som du kan sjå av bileta til høgre, var det sjølvsagt mange alternative utfall av seansen. Owen-looken var vel kanskje den som låg nærast ideane mine i utgangspunktet. Jude Laws høge viker kunne til nød og passert sensuren min. Til og med ein litt slesk, brylkrembefengt 50-talslook kunne i eit tvilstilfelle vore i orden. Men kva ender eg opp med? Etter ein halvtime i stolen, med ei overvekt av arbeid på mi venstre side og eit kvarters oppføning etter at siste klippet vart teke så kom eg ut frå salongen sjåande ut som om eg har hatt eit Obelixuhell med Wella’s mest volumiøse produkt! Det er av omsyn til omverda at eg ikkje rørte eit einaste hårstrå før eg fekk festa dette til film. For dette er då eit perfekt eksempel på slik ting ikkje skal gjerast. Så her er den nye cutten min…uncut (og ja…bildet kan klikkast på og vil då dekkje store delar av skjermen, samtidig som at eit trykk på «n»-tasten på skriveplata di vil ta deg vidare til det neste framifrå biletet i serien);

Oops








Kva har me lært av dette kan du kanskje spørre? Vel to ting.

1. Det er billeg å klyppe seg i Asia. 20 ringit (32 NOK). Det er jo berre ei stadfesting av mi forrige oppleving i Thailand for fire år sidan, som i motsetting var den beste klyppen eg har hatt nokon sinne!

2. Beveg deg aldri, og eg gjenntek ALDRI i nærleiken av ein Kinesisk frisørsalong. Du går kanskje inn der med ein hårball utan like på hovudet, men det du kjem ut med er ikkje anna en ein masseprodusert kommunistsveis som er standardisert og utprøvd på millionar av menneske i Kina gjennom fleire tiår.

And ze dicision is…

ITunes er eit dritprogram! Eit klikk, og vips så var 2000 songer på min lille portable jukeboks borte vekk. Det er ikkje logisk at eit program skal ha lov til å bestemme at det vil synkronisere alt ein har av musikk berre fordi ein vil leggja ein film på boksen. Musikken eg har lagt på Ipoden, vil eg jo sjølvsagt ha på Ipoden. *sparke i veggen og komme med svärdommar*

Dag 2…

Det som jo sjølvsagt er litt irriterande med akkurat dette temaet eg har valt meg på dalstroka-innafor.net, er at dersom eg legg ut bilete, så eg også skrive minst 25 ord for at det ikkje skal sjå heilt mongo ut. Men men….idag sette eg i alle fall ny rekord.

Ny personlig beste rundt Rotsetvatnet for min del…

Klar for bikinisesongen…

Vel…ikkje endå, men det kjem seg. Utan at eg vil plassera meg i ein kategori som bevisst gjeng inn for å ha ein topptrimma kropp til strandlivet i sommar (både fordi eg ikkje er noka strandløve, men og for at jeg nok kjem til å bevega meg ålemjukt mellom hesjer på Sinnes i år som i fjor, og året før der, og året før der…..), så har eg i det minste vore uvanleg aktiv i det siste. Det siste året har eg vore litt småbekymra for mi høgre ogle (les: ankel), og sjølv om ho er dobbelt så stor som den på andre foten endå, har eg vel kome til det, at det no har gått såpassa lang tid at eg ikkje gjer det verre med å vere litt i aktivitet.

Så då eg vakna i dag fann eg ut at idag var dagen for ei ekstra sprell sånn fysisk sett. Difor snøra eg mine spanskimporterte joggesko, og la på sprang rundt Rotevatnet i 10-tida. Herleg lite folk ute på den tida av døgnet, og når det i tillegg er heilt vindstille vert det mest ikkje ein tortur mot seg sjølv å gjere slikt. Den magiske slutttida? Jfr. bileta under…

6.61 km rundt RotevatnetTida å slå

Vips så var det mai

Ein får jo nesten ikkje summa seg lenger før ein månad er over. Kva hendte eigentleg i april? Påskeferie, nokre dagars gruing til forprøvar, og så var det dokfilm. Og det var vel eigentleg det sånn kort oppsummert.

Dreiv litt dugnadsarbeid for Janne i dag, og vart sittjande å glo på mikrofilm av Stavanger Aftenblad frå 1962. Undervegs fann eg jaggu også nokre artiklar heimanifrå! 🙂 Artig.

Sirdal 2Sirdal 1

Eg kjenner mine fiskebollar…

Det er ikkje kvar dag eg har gleda av Mamma sine fiskebollar lenger. Slik er det å vera student. «Det enkle er ofte det beste»…og då lagar ein seg ikkje avanserte middagar medmindre det er noko særs spesielt på gang. Men i feriane, i feriane er det tid for å godte seg med alskens godt som min personlege kokk gjennom ei årrekkje, Mamma, kan trylle ut av ermet.

Stor var difor overraskinga då eg kom inn dørene for å eta middag. På bordet stod ein, etter alt å døma, kjempegod rett. Fiskebollar i kvit saus, lauk og med ost på toppen. Eg sette meg ned, lessa tallerkenen, og hogg innpå. Tennene sprang i vatn over den gilde smaken….men vent….kva var no dette?! Fiskebollane, sjølve rosinen i kaka, smaka då unekteleg av…..ja kva var det mine grandiosavaldtekne smakslaukar kjende?! Det var då ein umiskjenneleg smak av fisk-fisk?! Dette kunne då ikkje stemme. Her har eg i alle år vorte oppfostra på ekte, kunstig produserte Bjelland’s fiskebollarBjelland’s er best……men dette kunne då ikkje vera det? Eg valde å teie, og forsynte meg i staden av litt til frå tallerkenen. Det måtte jo vera noko gale med meg…kanskje hovudet var innstillt på ein anna smak, og difor spelte meg eit puss?! For Mamma kunne då i allefall ikkje ha mista «X»-faktoren…den som gjer at hennar mat faktisk smakar best!? Andre forsøk…og jo. Den umiskjennelege smaken av fisk-fisk var der fortsatt.

No kunne eg ikkje la vere å teie lenger. Kva var det som hadde hendt med dei alltid så perfekte fiskebollane? Latter. Kva? Hadde eg så smått byrja å bli rotete i hovudet? Nei! Det kunne då verkeleg ikkje vera. Eg forsøkte å forklare kva det var som ikkje stemde, og etter litt saklig argumentasjon for at eg ikkje gav kokkekunstane til Mamma noko skuld for dette, så kom det då opp i dagen. Ho hadde teke i bruk ein anna ingrediens. Ho hadde lete mine kjære Bjelland’s fiskebollar gå planka, til fordel for nokre annanrangs humbugbollar.

Men slikt kan ein jo sjølvsagt ikkje gjere utan å verte gjort merksam på det av godt vande søner som har kjend den herlege Bjelland’s-smaken jevnt og trutt i godt over 20 år. Så med dette, så vonar eg at slike feilsteg ikkje vil skje igjen ved seinare høve. Du kan gjere mykje mot meg, men fiskebollane mine, nei dei tek du ikkje frå meg!

Opprydding

Av og til hender det at eg rydder. No er det vår og eg har plassert meg sjølv i ein stol på verandaen, som tilfeldigvis er vestvendt. I Volda er det det same som at eg får solstråler på kroppen store delar av dagen dersom eg vel å sitje der. Men eg er ikkje den som evnar å berre plante meg i sola og berre glo tomt fram i lufta, så difor har eg teke med meg min kjære bærbare ut her i sola for å ta ei oppreinsking på den nyinnstalerte, stasjonære datamaskina mi. Ein finn jo ofte artige ting som ein heilt hadde gøymt ein hadde når ein gjer slikt, og det var akkurat det eg gjorde denne gongen og. Dette er det eg fann…
MBilete #2Bilete #3

…ah. Den nostalgien! 🙂

Andre sida av jorda…

Som barn var eit av mine store favorittprogram på Barne-TV forteljinga om den vesle Tigeren og den vesleden vesle Tigeren og den vesle Bjørnen Bjørnen som reiser til Panama. Panama er langt unna. I min barndoms verden, var det heilt på andre sida av jorda, men etterkvart som er har utvikla mitt verdssyn, så har et no funne ut at Panama berre ligg omtrent halvvegs rundt jorda.

Men idag gjorde eg ei oppdaging på det velkjende internettet med Google Earth som eg tidlegare har omtala i lovande ordlag. Ein glup fyr har laga eit tillegg til dette programmet, og dette tillegget gjorde meg i stand til å finne ut på ein prikk nøyaktig kvar er ender opp dersom eg tek spada fatt og grev meg nedover i bakken under senga eg har ståande heime, og tvers avgarde på andre sida av jorda. Eg kan roe dei som måtte tru at dette skulle lage ein snarveg til Kina. Faren er faktisk større for at Sinnes ville blitt ein tettstad med strandline. Ta ein titt på bileta under… 🙂

Utgangspunkt for graving….Motsatt side av jorda

Det viser seg nemleg at eg ville dukka opp ein stad mellom New Zealand og Antarktis….happy digging!