Category Archives: Sirdal

Lokale tema.

Om å gje frå seg redaktøransvaret

Her om dagen sendte eg eit tips til avisa Sirdølen. Det gjorde eg som ein reaksjon på noko eg observerte då eg kom heim på helgeperm frå arbeidslivet i storbyen. Sirdølen er ei avis som kjem ut med jamne mellomrom ca 1. gong i månaden. Avisa hadde i lang tid annonsert eit ynskje om å verte tipsa, og no tok eg dei altså på ordet.Sirdølen

Eg vart difor mildt sagt forundra då eg denne helga kom heim og fann mit vesle tips på trykk i avisa. Tipset hadde ikkje noko overskrift, og den særs uformelle måten eg hadde forfatta tipset på gjorde at eg trudde at det tydeleg framstod som eit tips, og ikkje noko som var meint å skulle på trykk.

Dersom Sirdølen saknar ting å trykke, har eg skrive såpass mykje tidlegare som har vore desto betre å ha på trykk. Eg såg meg difor nøydt til å sende avgarde følgjande e-post;

Hei.

Denne helga kom eg heim til eit Sirdølen der eg hadde fått nokre ord på trykk. Det er jo supert det at ting vert tekne inn, men av alle ting eg har skrive til Sirdølen og bede om å få på trykk, var kanskje dette det dårlegaste stykket de kunne ha teke inn! Ikkje ei gong ei overskrift er jo med.

Det er altså tydeleg at det ikkje kom skikkeleg fram, men dei få orda som vart skribla ned omkring aktiviteten ved Sinnesvatnet, var meint som TIPS. Altså IKKJE eit innlegg. Personleg tykkjer eg at det gjeng tydeleg fram av forma på det eg skreiv til dykk.

Når Sirdølen i såpass sterk grad oppmodar til å koma med tips på sine nettsider, tykkjer eg det er rart at tips vert trykte direkte. Etter mine omgrep er tips noko ein som journalist tek tak i og fylgjer opp. Hadde Sirdølen gjort det, ville ein fort ha oppdaga at gravearbeida som gjekk føre seg, var påbode undersøkingar etter fornminne.

Så kan ein jo sjølvsagt stille spørsmål til om kor langt ein tenkjer når ein grev 40 cm ned i marka etter gamle skattar på eit slet som det har vore drive aktivt jordbruk på i alle fall i dei siste 30 åra.

At tips som kjem inn vert handsama på denne måten, utan eit ord om at det vert sett direkte på trykk, det er eg redd vil koma til å undergrava heile Sirdølens oppmodingar om å verte tipsa!

– Torger Åge Sinnes

I dag mottokk eg så følgjande e-post;

Hei
Det er rett som du skriv i denne mailen. Ser at det er gjort ein feil.
Det var heilt på slutten under klargjering før oversending for trykking, at eg samla opp ein del småartiklar på ei ledig spalte. Men diverre har også eit tips frå deg hamna der.
Beklager det.

Det er rart…med så god tid mellom kvar utgåve skulle ein gjerne tru at hastverksarbeid rett før avisa gjeng i trykken ikkje førekjem. Annonsar om ledige reklameplassar i neste avis den siste veka, gjer det også særs uforståeleg at eg skulle ende opp som siste minutts «listefyll».

Eg vonar difor at eg neste gong vil verte gjeve eit lite hint om at mine ord kjem på trykk. Men sånn er det vel gjerne å gje i frå seg tekst til andre. Men eg trudde det var internett som var den store, stygge ulven, og ikkje den etablerte pressa. Eg fekk i alle fall orsakinga eg følte eg hadde til gode, og det er eg glad for. Hadde berre Sirdal kommune vore like ærlege, så kunne kanskje eg og Gunnar R. Tjomlid fått rett i saka omkring mediaterminalar. Men den sit gjerne lenger inne…

Grassat moro

Det er etter kva eg kan skjøna mykje rart småbarn finn på, som aldri vert dokumentert. Dokumentasjonen er vel gjerne i ferd med å verte det minste problemet i desse digitale aldrar, og i staden for å glede seg over moglegheitene dette gjev, uroar folk seg i stor grad for kva slags negative ting som kanskje kan verte gjort med bilete og film.

Personleg tykkjer eg slikt uttrykkjer ei haldning til menneskja som er alt anna enn positiv. Det er mest ei fallitterklæring til sine medmenneskje. Sjølvsagt er sjansen der for at noko galt skal skje, men eg trur at ein ikkje skal ta sorgene på forskot…akkurat slik ein ikkje går rundt og reknar med å døy, sjølv om alle veit at det skal ein jo ein dag.

Eg har to brør som har hatt ein del kreative forslag oppigjennom. Eit av dei er dette; då plenen nett hadde vorte frisert og graset fortsatt låg lageleg til, fann desse innovatørane ut korleis ein lett kan byggja kropp utan evinneleg med trening og ein stram plan for dagleg inntak av mat og væske.

tas0007


Litt for mykje drama i kvardagen

I dag var eg ei hårsbreidd i frå å mista lillebror min. Han har diabetes. Det er mange år sidan han fekk sjukdommen, og det er stort sett ikkje noko problem korkje for han sjølv, eller for folk rundt han. (Sjølv om kosthaldet hans nok til tider skulle tilseie at han ikkje har denne sjukdomen.)

I dag tidleg gjekk det derimot ikkje så godt. Han vakna opp til eit anfall etter at blodsukkeret hadde falle til eit nivå der det ikkje skulle vere, og han endte opp i eit diabetisk anfall med krampetrekkningar og etterkvart vart han også medvitslaus.

Då sjukebil, doktor og luftambulanse etterkvart kom til staden, var han i ferd med å koma til seg sjølv att. Likevel er det ei skremande oppleving, og det er langt i frå sikkert at alle faktisk er klar over at det er ei medisinsk årsak bak anfalla. Då eg var liten og kom til å slå meg, blåste mi mor alltid på staden eg hadde slått meg og sa «det vil helst gå godt». Det gjorde det heldigvis også denne gongen. Likevel kom eg til å tenkje på noko.

Her i dei grisgrendte stroka skjer det ting utanom det vanlege nokre berre få gonger i året. Då aukar folketalet dramatisk, og saman med det, også sjansen for at livstruande situasjonar skal oppstå. Nett slik som i tilfellet til min bror.

I vinter og påskeferie er Røde Kors til stades med sine friviljuge. Det er også meir helsepersonell til stades. Men resten av året er ein avhengig av ein lege som er 30-40 minutt unna. I tillegg finst det ein hjartestartar på Sinnes skule. Men skulen er jo stengd i helgene.

Det var berre ein tanke som slo meg, men kvifor er det ikkje stasjonert ut ein ekstra sjukebil/lege i Øvre Sirdal dei få helgene/dagane i året det faktisk er ein del folk er? Har dette spørsmålet vore oppe til diskusjon i det heile tatt? Hvis ikkje så vil eg mest påstå at det er på tide. For det er langt i frå sikkert at det vil gå like godt neste gong noko livstruande hender.

Til slutt vil eg gje helsepersonellet som dukka opp all honnør for deira ro, gode råd og gode evne til å handtera situasjonen!

Slåttestatistikk

Sumaren 2009 vart altså ein temmeleg fuktig affære. 247 mm regn er berre slått av oktober månad. Sist eg sjekka var det ein viss årstidsskilnad på juli og oktober?

Korte fakta:

  • Høyballar: 304
  • Hesjer: 9
  • Flatmarkstørka: mnjaa..ein del
  • Kasserte høylass: 6 (2 oppbrunne)

Slagordskommuna Sirdal

For ei god stund sidan fekk Sirdal kommune den store æra av å verte kåra til den kommunen i landet med det beste slagordet.

[audio:http://www.dalstroka-innafor.net/wp-content/uploads//2009/07/slagord.mp3]
Norgeslasset 04.06.09

I hard kamp med klasseslagord som Sande kommunes «Utanfor allfarveg – heldigvis» og Frolands «2+2=5» er eg glad for at Sirdal klarte å trekkja det lengste strået…eller skal ein seie fjøra?

Yngve Carlsson er forsker ved Norsk institutt for by- og regionforskning (NIBR). Han sier til foreningens nettsted at det ikke hjelper med gode slagord om ikke kommunen følger opp med handling:

– Du kan ikke reklamere deg ut av et dårlig rykte. Du må gjøre noe med forholdene, sier Carlsson.

Kanskje var nettopp dette grunnen til at det gode gamle «Sirdal – ein god stad å bu» forsvann? Med ny rundkjøring 550 m.o.h, midt i snøen, som einaste rundkjøring i kommunen, ville jo dette slagordets folkemunneversjon vore litt for treffande: «Sirdal – ein god stad å snu.«

Sumarferie 2009

Årets ferie vart eit faktum etter at Askild hadde vore frampå året i førevegen med å padla Lysefjorden. 8.7 la difor fem eventyrsjuke personar ut i frå Lauvik i kvar sin kajakk. Askild, Jan Olav, Kristin, Sandra og eg la avgarde innover fjorden i opphaldsver og roleg sjø…som bestillt.

To dagar seinare landa me i Lysebotnen etter to flotte dagar på fjorden med alt det Noreg kan by på av ver. Men nokre ord dekkjer det heile ganske fortreffeleg: «tima og tilrettelagt»! For det var jo nokre dråpar som møtte oss på vegen innover, men lukkelegvis for dei fem staute padlarane kom dei antan når me sat godt planta i båten, då me hadde fått opp telt, eller sat i ly under tak i Flørli. I Flørli forlot også Jan Olav oss, og padla heim att til fordel for litt familiemingling.

Returen vart gjort på dekk frå turistferga ut fjorden igjen, noko som sjølvsagt var ei litt anna erfaring enn padlinga. Deretter lempa me båtane på biltaka og sette nasen mot Stavanger. For austlendingar er det jo klart at det er spanande å ta ein tur til Oljehovudstaden i Noreg. Her vart det litt sightseeing i gatene, samt is i Vågen i ganske så perfekt ver.

Neste stopp på ekskursjonen vart Dalsnuten i Sandnes. Her var me ein tanke uheldige og hadde mykje skyer liggjande over Jæren i det me nådde toppen, men det såg ikkje ut til å leggja nokon dempar på stemninga…jf. hoppebiletet under. Kvelden var tilbragt i telt på Selestranda. Sjeldan har eg opplevd så perfekte tilhøve som me hadde her. Ikkje eit vindupust. Ikkje eit insekt. Og morgonen etter vart det årets fyrste bad i sjøen…i nokre ganske kalde nordsjøgrader.

For å varma opp kroppane litt var siste stopp på austelndingane sitt firedagarseventyr på sør-vestlandet avslutta med tur til Kjerag-bolten. Her fekk me oppleve basehopp frå få meters avstand, noko som strengt tatt var eit rush som var meir enn nok, stupbratte fjellsider 1000 meter ned i fjorden, og sjølvsagt den obligatoriske poseringa på sjølve Kjerag-bolten.

1 (1)

Feriearbeid

Mandagen er komen. Fyrste dagen i vinterferien min, men likevel sit eg her og tenkjer skule. Men snart skal eg koma meg ut og avgarde opp mot snøen heime!

Fyrst skal eg berre tipsa litt om ein ny, genial å lage ein «powerpoint» på. Stikkordet er Prezi.com. Dette er ein måte å presentere tankar og idear på som skiller seg ganske drastisk frå den tradisjonelle måten å laga ein presentasjon for eit publikum på.