Category Archives: Politikk

Det hender at eg tek føre meg litt politikk og.

Runde 2 (minst) av Facebook i skulen

I dag lenka Eva Bratvold til ein artikkel frå NRK Rogaland som omtalar det tilsynelatande evigvarande diskusjonstemaet i norske media; Facebook i skulen. Eg lova henne eit svar  på dette då eg sat på bussen i dag, men av di eg sa at det var eit par «men» omkring spørsmålet under, kjem svaret i form av ein bloggpost som det diverre har vorte alt for lite av i det siste.

Spørsmålet som vert stilt er altså dette; bør elevar og lærarar vera vener på facebook. (Facebook vert forøvrig her skrive med liten f, slik det er gjort frå NRK Rogaland si side.)

For dei med noko over normal husk, er gjerne ikkje ein diskusjon som denne noko nytt. I så måte er det rart at NRK Rogaland vel å lage dette til ei nyhende.

Sist det gnistra omkring Facebook i skulen var vinklinga ei litt annan. Då hadde media fått snusen i at ein lærar vært mobba på nettopp Facebook.

Eg nemnde då i ein noko ironisk kommentar, at skulen i Drammen gjerne kunne gjere som andre skular, å stenge tilgangen til heile Facebook. No ser vi heldigvis ut til å ha kome forbi dette stadiumet, og lite gler meg meir. For ser vi nok eit halvår attende, vil VG Nett ha det til at den dåverande kunnskapsministaren gjekk inn for å straffa elevar som nytta for mykje tid på Facebook i løpet av skuledagen.

Heldigvis var den gode Solhjell såpass i stand til å nyttegjera seg av digitale media, at han allereie i løpet av dagen hadde posta eit godt tilsvar til det som stod i avisa.

Om lærarar skal vere vener med sine elevar på Facebook, er eit spørsmål ein sjølvsagd kan diskutera i eit halvårs tid eller lenger, for så å koma fram til at det gjerne ikkje er så galt som dei største skeptikarane gjerne skulle tru.

Her er min umiddelbare reaksjon.

Ja! Lærarar og elevar kan sjølvsagd vere «vener» der. Dette er det minst to grunnar til, men eg nøyer meg med å skildre nettopp desse for no.

For det fyrste er det å bli ven på Facebook ei noko missvisande uttrykk. Det er nettopp Facebook som har valt å kalla det å kople seg til ein bekjent på ein virtuell måte som «ven». Det funkar som konsept, og er sågar vorte eit verb i det engelske språket, på linje med det «å google». Dette er altså noko ein kan takke Mark Zuckerberg for. Om ikkje lenge til, dukkar det opp ein film om nettopp Facebook. Det blir då spanande å sjå om ein kan finne ut noko meir om bruken av ordet «ven» på Facebook. For alt eg veit kan den gode Mark ha hatt lite vener då han gjekk på Harvard, og funne ut at dette gjerne kunne vere ein grei måte å skaffa seg nokre på. Som sagt…det vert spanande å sjå.

Grunn nummer to til at eg kjenner at det vert litt mykje oppstuss rundt heile greia, er at det finns noko som heiter privacy settings. For mange, gjerne dei med liten eller ingen digital kompetanse, er dette eit ukjend fenomen. Men det eksisterer altså.

Privacy settings er ei flott oppfinning av Zuckerberg. Denne funksjonen gjer det faktisk mogleg (og no kan du gjerne halde deg fast) å filtrere informasjonen du fyller internettet med. Du kan lage lister der folk på dei ulike listene har tilgang til ulik informasjon.

På den måten kan altså dine kjære elevar verte skåna for det fæle verkelege livet du som lærar heilt sikkert lev, når du ikkje står bak framom tavla i klasserommet.

Så kan ein sjølvsagd spørje seg om ein ein verkeleg ven når ein filtrerer det ein deler med venene sine?

Når alt er sagd, så er det likevel ein regel eg sjølv har. Eg tek aldri initiativet til å verte «ven» med elevar. Det er ein regel eg har definert for meg sjølv som eg føler kan vere ein god leveregel. Skulle ein elev få lyst til å leggje meg til som «ven», har eg vanskeleg for å sjå det som noko anna enn ei positiv handlig. Å kappe handa av han eller ho, med å nekte å godkjenne førespurnaden i det eleven strekk ut handa, trur eg gjerne skadar eleven meir enn om ein skulle godta han og legge han til i si elevar-liste.

Og med dette vonar eg du har fått svar Eva? 🙂

PS…og no har eg ikkje ein gong teke tak i Liv Marie Schou og andre si flotte bruk av Facebook i undervisninga.

PS II…sjå også Jonny Eriksens skriveri om nett samme sak

Verdsøkonomi og slikt

I vår var eg mest i streik. Til alt hell var ikkje arbeidsplassen min viktig nok til at me vart tekne ut i streik, men det var ei spanande tid.

Streiken fekk meg til å fundere over noko eg har grubla litt på tidlegare.

Tingen er at ein år etter år etter år etter år endar opp i ein heftig debatt der ein kranglar om å få høgare løn for arbeidet sitt. Lærarar har tapt på fleire område. Den sosiale statusen har også tapt seg i høve til tidlegare tider.

For ikkje så lenge sidan skreiv eg nokre ord på Twitter om at ingen burde tene meir enn 500.000,-. Håkon Kalbakk var ikkje heilt sikker på om eg var seriøs, men eg kan forsikra om at det var eg.

I den siste tida har det vore store oppslag i media etter at Liv Løberg vart teke i å forfalska vitnemåla sine. Sjukehusoppslaga har heller ikkje lete vente på seg etter skandalen i Bodø. Siste nytt i frå den kanten er at sjukehusdirektør Eivind Solheim no har trekt seg frå stillinga. Grunngjevinga eg høyrde på radioen i dag var at han «følte» han ikkje lenger hadde den tilliten ein må ha for å gjera ein god jobb i ei slik stilling.

At ikkje kjenslene har slått inn tidlegare er merkverdig. Moralen burde etter mine omgrep ha varsla høglytt då løna runda 1.000.000,-. For kor mykje løn treng ein eigentleg? Her er ein liten video om kva som motiverer oss:

Men pengar er nå ein gong den måten vi måler vår suksess på her i den flotte vestlege verda. Vi måler suksessen etter kor mange ting vi kan kjøpa. Og ting er nettopp det som ligg bak det heile. Av verdas 100 største økonomiar, er 51 kommersielle selskap som sel…ja, nettopp. Ting!

Som det vert sagt i videoen, så står me midt oppe i eit system i krise. Når ein er i, eller kjem til å havna i ei krise, har ein to val. Ein kan antan kjøra på i same sporet og håpa at det ordnar seg. Ein risikerer sjølvsagt eit ukontrolert utfall der ein ikkje har moglegheit til å sjå føre seg alle dei konsekvensane som kjem til å dukke opp. Det andre alternativet er å ta grep. Tunge grep. Grep som kjem til å svi. Fordelen er at ein er klar over kva ein må gjere. Ein kan kontrollera det. I motsett fall må ein berre følgje med straumen, og då er det sjeldant godt å vita kvar ein kjem til å ende opp.

NATO herjar fælt i Afghanistan om dagen. Det er eit aldeles upåklagelig flott mål dei vestlege landa har om å demokratisera Afghanistan. Tidlegare har og vestlege land vore ute på friarferd til utlandet. Då var «demokratiet» kristendom, og dei fredsbevarande styrkene vart kalla «korstog».

New York Times hadde for ein liten månads tid sidan ein artikkel om at det er funne store mineralressursar i Afghanistan. Når ein høyrer slikt, er det ikkje lange vegen til ein tenkjer «Irak III».

Ta ellers ein kikk på dokumentaren «The Corporation» som gjev ei flott innsikt i korleis multinasjonale selskap i stor grad styrer verda. (Jf. økonomipunktet eg tidlegare har nevnt).

Med fare for å framstå som ein liten Nostradamus…ein kan ikkje stige i løn kvar evige år! Eller som Stanley Jacobsen sa det: ein skigard kan’kje vara evig veit du! Sjølv ikkje om han er av plastikk…

Opphavsrett på nett, rett og slett

Eigentleg hadde eg tenkt å skriva litt om ungdom, chattespråk og digitalhistorie inspirert av Liv Marie Schou. Men etter ei interessant hending i dag vert det i steden fokus på eit anna område som er vel så interessant. Bruk av bilete og opphavsrett.

Ein tur innom datarommet på skulen i dag gjorde at eg sette i gang litt funderingar omkring det med opphavsrett på nett. Ein har inntrykk av at born/ungdom no til dags «er så gode på data«. Sjølvsagt er det ikkje tvil om at dei fleste nok er i stand til å kommunisera med vener med hjelp av data. Dei fleste er nok også i stand til å lasta ned musikk, bilete og video…lovleg og ulovleg.

I dag fekk eg ikkje berre eit ekspemel på at det, trass i ein skinndigital kompetanse, nok er ein god veg å gå endå. Eg stilte spørsmålet «har du lov å nytta dei bileta» til ein elev som var i gang med å laga ein presentasjon av ein av sine favorittartistar. Ryggmargsrefleksen til eleven vart med eitt aktivert, og eit soleklart ja, vart presentert for meg.

Ok. Her var det ikkje anna enn å omformulere seg. Eleven trudde tydelegvis at eg stilte spørsmål omkring innhaldet på bileta. Eit forsøk til vart gjort. Same reaksjon. Då eg for tredje gong forsøkte å hinta til eleven om han hadde lov å nytta bileta, fekk eg seks par auge mot meg…som om eg skulle vere ein pensjonist. Nokre bortgøymde glis av denne forvirra tullebukken av ein lærar var og å spora. Djupt pust.

Så moralpreika. Sjølv om bilete ein finn på internett er lette å kopiera inn i ein lysbiletepresentasjon, er det ikkje sjølvsagt at ein har anledning til å nytta seg av desse. Vil eleven finne på å ta med seg varer i ein butikk utan å betala for dei? Nei, sjølvsagt ikkje. Forsøker vidare å forklara at det at bileta er tilgjengelig på nettet ikkje automatisk tyder at ein kan nytta desse som ein vil. Og så kjem gullkornet; «det finst noko som heiter opphavsrett og lisensar

Nye himlande blikk. Men denne gongen hakket meir spørjande. Eg tek sjansen og køyrer på. «Sjå her», seier eg og vrenger opp det eg har av memoriserte nettstadar for søk på lovlege bilete. Eg viser dei litt. Let dei prøva litt sjølv.

Elevane (5.trinn) ser ut til å skjøna no. Dei oppfattar omsider at eg har eit poeng i innblandinga mi. At eg, tru det eller ei, kan noko om det eg snakkar om. Ein elev seier vel det dei fleste blandt dei tenkjer.

Eg visste ikkje at det var noko som dette. Trudde ein berre kunne bruka det som ligg på Google.

Vel. Her er det Google sjølve seier om bruk av bilete, og som står under alle bilete ein får opp når ein søkjer etter med søkemotoren Google (for bileta ligg sjølvsagt ikkje Google);

Image may be subject to copyright.

Ikkje den mest finleste setninga på verdsveven vil eg tru. Men tru meg. Det står der! Meir om dette frå Google sjølv, kan ein lese her.

Creative Commons er ein verdsomspennande organisasjon som gjer ein flott jobb for å laga ulike lisensar for at ein nettopp skal kunne vite kva ein kan nyttegjere seg av frå internett. Dei har laga seks ulike lisensar, og Gisle Hannemyr har omsett ein flott gjennomgang av kva det vil seie at noko er underlagt det som heiter Åndsverklova.

Dermed…neste gong du treng eit bilete til ein illustrasjon. Ver sikker på at du har anledning til å nytta det!

Pre Tour de France

No er det ikkje mange dagane til årets lengste kø på jæren tek til; Nordsjørittet! I den sammanheng er det ein del godt vaksne gutar som har lagt ned mang ein sveittedråpe langs sykkelvegane i Rogaland. Dei store gutane er gjerne, om ein skal tru stereotypien, mannfolk i 30-40-50-åra. Desse har gjerne det flottaste og beste av det ein kan finne av sykkelutsyr. Ikkje noko vert overlate til tilfellet! Sykkelsossar er gjerne ei høveleg skildring av typen. 😉

I Oakland, California, finn ein kanskje det totalt motsette av nettopp dette. Her er sykkel ein måte å halde seg i skinnet på. Eit særs positiv initiativ for barn og unge i tøffe nabolag!

«In order to become a member of the Original Scraper Bike Team, you must: Be a resident of Oakland, CA. Be at least 7 y/o or older. Retain A 3.0 Grade Point Average (GPA), Create your own Scraper Bike…(It Has To Be Amazing, Or Else You Can’t Ride). A single-file line when riding. After 10 rides the Scraper Bike King and his Captains will decide if your bike is up to standards and if you can follow simple guidelines. After your evaluation we will consider you a member and honor you with an Original Scraper Bike Team Shirt. Only worn when Mobbin».» — The Scraper Bike King

Klasseromsmiljø

I helga nytta eg fridagane til litt etterutdanning. Ikkje av den formelle typen sjølvsagt, men av det ein kan kome over på det store Internettet. Stikkorda er: «Whole brain teaching«.

Whole brain teaching er ein teknikk for å få ro og orden i klasserommet og samstundes gje elevane moglegheiten til å få utfalda seg på ein meir barnsleg måte. Standarden i dei fleste norsk klasserom er vel i stor grad å nytta ordenskryss eller be elevar vere stille om dei sit og småsnakkar, vandrar rundt i klasserommet eller på andre måtar ikkje maktar å falle inn i dei reglane som gjeld på skulen.

Eg vil påstå at det Chris Biffle har kom opp med er ein revolusjon! No har jo eg ei beskjeden rekke med praksisår bak meg i skuleverket, så for alt eg veit kan dette vera noko andre har tenkt tidlegare. Men for meg er dette heilt nytt, og revolusjonerande.

Å seie det eg har skrive over no, tek vel omtrent den tida det skal ta å lesa med whole brain teaching. Difor vil eg ikkje skrive så mykje meir no, men i staden be deg om å sjå dei filmane (8 stykk) som er å finne nedanfor. Etterpå hadde det vore flott om du hadde teke deg tid til å skrive nokre ord om dei tankane du sit att med etterpå. Er dette bra, eller ikkje heilt passande i den norske skulen? Som dei seier på engelsk…you tell me!

Samskriving i barneskulen

I dag gjorde eg eit stunt. Tenesta typewith.me, ei klone av det Etherpad (som no er ein del av Google Docs), gjer det mogleg for fleire personar å delta i produksjonen av eit dokument samstundes. Personleg tykkjer eg dette er ei heilt fantastisk utvikling.

2. klassa eg er i har ikkje vore borti noko liknande tidlegare, og eg var naturlegvis litt skeptisk til korleis det skulle gå. Det gjekk føre seg på den måten at eg oppretta seks ulike dokument. Eit til kvar gruppe. Desse vart så lenkja opp i eit notat i It’s Learning. Dette gjorde at elevane kunne logge seg på sin konto på It’s Learning, velgje norskfaget og derifrå velgje dokumentet med sitt gruppenummer. Dette fiksa alle veldig greit.

Dokumenta hadde same oppstartstekst. Denne hadde eg lagd inn til dei. Oppgåva var ganske enkelt å skriva inn så mange vår-ord dei kunne. At dette gjekk smertefritt er å ta hardt i. Det gjekk ikkje lange stunda før skuldnadane flagra veggimellom om at XX hadde sletta det YY nettopp hadde skrive. Det er jo ein interessant observasjon å vera vitne til, for korleis YY kunne vera sikker på at det var XX som hadde sletta orda når dei var fysisk adskilde i ulike rom? Finurleg, og ganske morosamt.

Konklusjonen er altså at etter 15 minutt hadde dei små erfart at ein ikkje burde ta bort særs mykje av teksten, og om dei skulle gjere det, så burde det berre vere teksten som hadde sin eigen farge. For nokre ein hard lærepenge, men eg trur det gjorde godt.

Etter friminuttet hadde eg laga nye oppgåver til dei same gruppene. Denne gongen var det historieoppgåve. Elevane skulle skrive kvar sin setning. Det var fantastisk moro å sjå sjølvsensuren på stor bokstav og punktum! «Teiknet» på at det var nestemann sin tur, var jo sjølvsagt eit punktum.

Etter å ha teke opp kva erfaringar dei hadde gjort i førre time, var det heller ikkje nokon som klaga over at teksten forsvann. Det var også fantastisk å sjå den disiplinen elevane hadde i høve til når dei skulle skriva.

Alt i alt var dette noko av det mest suksessfulle eg har vore ute for i år. Læringskurva til elevane såg ut til å skyta rett til vérs høgare enn kva oskesky som helst. Då er det kjekt å vere både elev og lærer.