Category Archives: Politikk

Det hender at eg tek føre meg litt politikk og.

Pinsetankar

I dag vil eg berre dele eit par gode sitat eg har høyrt i helga. Dei fekk tankane mine til å kverne båe to. Kan hente gjer dei det same for deg.

Ung kan ikkje lære av gamal, kunne han det, vart han gamal sjøl og våga seg ikkje på livet.

Arne Garborg (via Twitterbrukaren @Ullert)

I tillegg kom eg også over eit frå andre andre sida av jorda.

“I think it’s fascinating that we have a profession where kids come to school to watch us work.”

John Hattie

Status quo

19.03 2003 befann eg meg i Kathmandu, Nepal. George W. Bush hadde nett sett i gang krig i Irak til cricketinteresserte Indarars stor irritasjon.

Karikaturteiknaren Rajesh KC hadde fått utfalda seg i ei av Nepals nasjonale aviser, og det eg trudde var ein særs treffande kommentar i 2003, viser seg å vere kanskje endå meir aktuell i 2011.

For i dag hadde Dagbladet eit fotografi frå Det Kvite Hus, tilsynelatande midt under likvideringa av Osama bin Laden;

På mange vis er det trist å konstatera at ein dei siste ni åra ikkje har kome lenger. No krev “folket” også bilete direkte frå sjølve hendinga. Mitt spørsmål er: treng me verkeleg slikt?

Rex Hammock tek forøvrig opp eit godt poeng. Biletet er eit studie i kor lite tilfeldig slike bilete er.

SPAREbank 1

I september fekk eg brev i posten i frå SpareBank 1. Overskrifta lyd;

“Lik PIN-kode på alle dine kort fra SpareBank 1”

Med vennleg helsing i frå Trond Støldal, “marknadsansvarleg kredittkort”, som det heiter.

Dett er mitt svar til Trond Støldal på brevet eg fekk i postkassa. Med vennleg helsing.

For det fyrste så kan eg berre fortelje den gode Trond at eg allereie har eit kort hjå SpareBank 1. Så utgangspunktet for å sende brevet er jo strengt tatt feil.

Men sjølvsagt handlar det ikkje om å samle PIN-kodar. SpareBank 1 passar kanskje på pengane mine, men dei vil også gjerne at dei skal bli sine. Difor kan eg no få eit SpareBank 1 GOLD-kort. Kor forlokkande.

“Med et kredittkort har du en reserve uansett behov og anledning.”

Jo takk, Trond. Det tvilar eg ikkje på. Men utgangspunktet mitt for å ha pengane mine i SpareBank 1, er jo nettopp at eg skal kunne ha dei ein trygg plass, som ein reserve eg kan nytta meg av…”uansett behov og anledning”. Har det vorte gjort endringar i policyen til SpareBank 1 som gjer at dette ikkje er tilfellet lenger?

Forøvrig vil eg nevne at eg for lenge sidan har reservert meg mot reklame. Det oppmodar eg andre om å gjere også. Eg kan ikkje sjå kvifor ikkje SpareBank 1 kan respektere dette slik andre må. Det er vel ikkje slik at berre av di eg har pengane mine i SpareBank 1, så er reklamereservasjonen oppheva?

Det er også eit poeng, at det i det medfølgjande søknadsskjemaet har vilkåra for å få tilsendt kredittkort fått særs lite fokus. Heilt anonymt, utan fargar og bilete, bak det som strengt tatt er siste side, kan du lesa  om kva vilkår som gjeld. Du får også presentert eit tenkt eksempel på kva du må ut med om du nyttar deg av tilbudet. Kor realistisk dette er skal eg ikkje seie noko om. Det får stå for SpareBank 1 si rekning.

Om eg ein dag vil ha kredittkort, kjem eg i banken og spør. Og skulle eg gjere nettopp det, så vil eg helst at nokon skal sjekka at ingen helt eit våpen mot meg FØR det vert levert ut ei slikt kort, for det vil etter alt sannsyn ikkje vera av eigen fri vilje eg er der.

Så altså…takk, men nei takk!

Facebook, lærarar, elevar og “venning” – soga fortset

For ei stund tilbake skreiv eg litt omkring temaet Facebook, lærarar og venestatus.

Frå ein av mine favorittbloggarar på nettet, altså ein av dei eg har i RSS-straumen min, The Innovative Educator, dukka det i dag opp litt herlege, frigjerande tankar omkring nett dette temaet.

Litt utdrag for å settja leseslysta di i sving:

“…outcries to ban teachers from “friending” students on Facebook. Innovative educators know this is confusing, rather than addressing, the issue.”

Vidare skriv Lisa Nielsen, den New York-baserte læraren bak bloggen The Innovative Educator:

“Rather than what the media might have you believe, this means we need to encourage, NOT discourage educators from “friending” students not just on Facebook, but on playgrounds, in classrooms, and in the community.”

For min eigen del var dette, og resten av bloggposten herleg lesing. Så klikk deg vidare og få litt andre impulsar enn dei dommedagsprofetiane du les om i riksavisar frå tid til annan.

The Innovative Educator om Facebook, lærarar, elevar og “vener”.

1 5 6 7 8 9 20