Category Archives: Politikk

Det hender at eg tek føre meg litt politikk og.

Election 07

Kevin 07
John 07

Når ein er på eit kulturstudium, ville det vel vera rart om ein ikkje fulgte med i den daglege debatten som føregjeng i det landet ein oppheld seg. For tida er me som kjent i Australia, og her har det dei siste vekene vore knytta stor spenning til når den sittjande statsministeren John Howard skulle kunngjera nyval. Det er slik dei gjer det her nede. Eit House of Representatives vert valt kvart 3 år, men dersom det passar statsministeren kan han bestemme at det skal haldast val på eit tidlegare tidspunkt. Sist val var i 2004, så det var på tide att no.

Reklamefilmane for kvart av dei to partia som er mest sansynlige å gå av med sigeren, Labour eller Liberals, har lenge rulla over skjermane. Dei gjorde det tilogmed før valet var utlyst. Desse reklamespottane er kjøpt i beste sendetid, og er nok ikkje den billegaste måten å promotera seg sjølv på. Det er nok ein del private sponsormiddel inne i biletet her, men i og med at partia også får statsstøtte så er jo faktisk skattebetalarane med på å betala for desse. Mitt poeng med dette innlegget, er å kommentera måten reklamesnuttane er laga på. Slik eg ser på dei, så er det eigentleg ikkje anna enn mobbing av motstandaren. Her kunne Kjell Magne teke fatt og fått hendene skitne. Men du kan jo sjå sølv…Youtube vert og mykje brukt i valkampanjen, så her er eit par av mine favorittar:

[youtube:v=XjW5oeoe9Vs] [youtube:v=iBQzSDx1lVk]

Så i og med at eg er ganske så upartisk med tanke på at eg ikkje har noko å hverken tena eller tapa på korleis utfallet vert i Australia etter valet den 24 November, tok eg like så godt å skreiv ei lita melding til båe partia sidan eg tykkjer det dei held på med ikkje er fornuftig bruk av pengar. Her er mi vesle helsing;

Looking at the Australian election campaign from a Norwegian point of view, one thing strikes me. Both labour and the liberals are at each other as though they were children bullying one another.

Wouldn’t there be much more to gain to look at what actually can and will be fullfilled of all the promises that surfaces during an election campaign, instead of behaving like premature children and wasting funds on commercials that, when you take a step back and look at it, encourages to bullying?

Just some thoughts from a Norwegian in Australia.

Good luck!
Torger Åge Sinnes

Eg er temmeleg jordnær, så eg tvilar på at eg kjem til å ha den heilt store innverknaden på valkampanjen til partia. Men det har irritert meg såpass i det siste at eg følte nok fekk vera nok. No kunne eg berre ikkje stilletiande sittja å få avbrote fleire House-episodar av skattepengesponsa valkampanjemobbing lenger.

Heving av Bourbon Dolphin

12 april i vår gjekk ankarhandteringsfartøyet Bourbon Dolphin rundt utanfor Shetland. Tre dagar seinar sokk skipet til 1100 meters djup medan det var i ferd med å slepast til land. 8 mann omkom. Det heile var ei særdeles trist hending for Fosnavåg i Herøy Kommune. Herøynytt oppmodar folk til å skrive under på ein underskriftskampanje som har som mål å få heva Bourbon Dolphin. Det er noko med å få heim sine kjære att når ein faktisk har middel til å få det gjort. I gamle dagar var ikkje slikt mogleg, men no har me teknologien til nettopp dette. Så eg oppmodar deg til å signera på undeskriftskampanjen ved å klikka deg inn på lenkja under:

Gje di støtte til heving av Bourbon Dolphin

Innhald i skulen…

Hald på hatten, for kven skulle tru at eg av alle dette? Med ei bortimot garantert mangel på vitale ledd kom eigentleg dette brått på meg sjølv.

Men eg les ein del bloggar om ymse saker. Blandt alle dei er nokre utdanningsbloggar. I kveld, midt i pausen mellom det som teiknar til å bli ein Start-siger over Brann, fann eg ein ganske interessant ein. Leif Harbo skriv har forfatta nokre ord om den manglande fysiske, men kanskje endå meir…det manglande rytmiske innhaldet i skulen.

Sitat:

«I skolen har vi så mye lissom-læring, læring som ikke engasjerer, læring for læreren, læring som ikke snakker til hjerter og nyrer. 15 000 klokketimer i skolen har gjort at motstanden mot å lære har lagt seg som et tykt teflonlag på elevene, de vet at det som kommer, ikke er læring for livet, det handler ikke om livet.»

Avreise

Ja då er det klart for å starte på nok ei semester ved Høgskulen i Volda. Det nest siste for min del.

Har kome meg til Sola no, og verda grein då eg reiste heimanifrå. Det rann i alle fall i strie straumar heile vegen til flyplassen som eg aldri har sett tidlegare. Og det er vel typisk for summaren 2007 det…den har ikkje vore av dei beste eg kan hugse. Men eg vonar hausten heime vert betre, og at ting fell på plass slik dei skal.

Men no ventar det meg altså to veker i Volda der me skal lære korleis ein skriv. Deretter ber det avgarde til dei lenge annonserte eventyra mine i austen. Eg må vel innrøma at eg gler meg litt no!

Lærarmangel

Medan regnet plaskar på vindauget i den suraste sumaren eg kan hugse, sit eg her og les litt lærarnytt frå ulike bloggar på nett.

Eg beit meg spesielt merke i ein som omhandlar kostnadane omkring nytilsettjingar av lærarar i det amerikanske skuleverket. Det slo meg med eitt at ei slik undersøkjing burde verte gjort her til lands og. For veit ein eigentleg noko om dette? Kor mykje kostar det eigentleg å tilsettje ein ny lærar etter at ein har slutta? Rykta eg høyrer, er at fleire og fleire lærarar sluttar i yrket sitt til fordel for eit betre lønna arbeid i privat sektor. Ser ein på tal frå Statistisk Sentralbyrå, vil ein leggje merke til nokre ting. For det fyrste, i perioden frå 1993 til 2003 har talet på tilsette i skuleverket auka med snaue 12000. Eit markant skilje finn ein frå 1996-1997. Ved innføringa av L97, ser ein at talet på lærarar auka med 6500 tilsette. Eit tankekors kan vera at av desse, så var 2200 i aldersgruppa under 29. Likevel finn ein at frå 1993 har prosentandelen som er over 50 år gått opp frå 28.9% til 40.1%. I bortimot same periode, 1991 til 2001, har talet elevar auka med heile 120.000. Likevel, ser vi at lærartalet diverre i 2003 fortsatt ligg på eit stabilt post-L97-nivå (1998).

Så eg spør meg sjølv; er det eigentleg særleg rart at nyutdanna fell frå der dei kjem ferske i frå ein av landets lærarinstitusjonar, og blir slengt rett i det der dei må takla bortimot 30 born sine einskilde behov, og kanskje det doble antal foreldre som pressar på for at akkurat deira unge skal få meir merksemd av deg? Kanskje er ein så heldig at foreldreparet ikkje eingong lenger er eit par, og ein endar med eitt opp som in formidlar mellom foreldra sine ulike ynskje for sitt felles born.

Det er nettopp slike eksterne tilhøve som vert vektlagd som grunn til at lærarar sluttar i ei amerikansk undersøking i April d.å:

  • Fleire og flerie born manglar ei skikkeleg, felles støtte av heimen.
  • Lærarar vert pålagde å gjera stadig meir på eit allereie avgrensa tidsrom.
  • Det vert forventa at lærarar er ekspertar på alle område.
  • For lite planleggingstid.
  • For mykje papirarbeid.
  • Sjeldan ein har ein skikkeleg fridag.
  • Manglande støtte.
  • Lærarar arbeider i helgene utan å få betalt for det.
  • Lærarar nyttar sumarferien til å planleggja neste års skulekvardag.
  • Elevane treng/krev stadig meir tid av læraren.

At eldre lærarar held ut i møtet med alle desse krava er kanskje ikkje så rart. Dei har trass alt halde på med det ei stund, og har etterkvart vorte rimeleg hardhuda…samtidig som dei vel så smått byrjar å gå på autopilot. At den unge lærarspira som dukkar opp, fulle av forventnigar til korleis nettopp han/ho skal vera med på å endra skulen, fer seg eit sjokk og kapitulerer etter kun få år er kanskje ikkje så rart.teacher.jpg

Det har vore forsøkt med bruk av ein slags mentor til nyutdanna, eller generell støtte til å kome inn i det praktiske. Spørsmålet er vel om det fungerer når ein ser på tala. Men ei slik støtt, i alle fall det fyrste året, er nok ikkje heilt feil veg å gå. Sjølv ynskjer eg meg ein lærarsekretær når den tid kjem. Ein som kan ta seg av alt papirarbeidet slik at et kan fokusera på sjølve lærargjerninga. Men nå får ein sjå korleis det går…for alt eg veit, kan eg jo verte skremd eg og.

Litt om mediabruk

Dagens mediesamfunn serverer eit vell av papir- og nettavisar, radiokanalar og ikkje minst fjernsynskanalar. Du tykkjer kanskje allereie at du har nok kanalar når du får inn NRK1&2, TV2 og TVNorge, og kan skifta mellom ein 4-5 radiokanalar når du sit i bilen din på veg til arbeid/skule. I tillegg sjekkar du kanskje eit par nettavisar når du kjem fram. Tek ein svipp innom VG.no, Dagbladet.no og kanskje den lokale blekka di som omsider har kome seg på nett.

tv.JPGDei nemnde er sjølvsagd best på lokalt stoff…Norsk stoff. Men korleis dekkjer dei utanlandsk stoff? Det er vel nærmast blitt ein fast post på einkvar kanals nyhende å lesa opp antall omkomne på Vestbredden/Gazastripa/Bagdhad kvar kveld. Desse tala har dei sjølvsagd ikkje vore nede i dei aktuelle områda og innhenta sjølve. Internasjonale nyhendebyrå er ei kjelde dei nok nyttar, i tillegg til store mediekonsern som CNN og BBC.

CNN er ein kanal eg er innom rett som det er. Det same er det med BBC. Då dei to flya flaug inn i World Trade Center, sat eg av alle ting og såg på CNN. Det var ei ganske surrealistisk oppleving. Då George W. Bush bestemde seg for å gå til åttak på Irak i 2003, endte det og opp med at eg såg dette på CNN då ein amerikansk turist kom flygande inn i resepsjonen på hotellet i Kathmandu og bar seg over korleis me kunne sitje og sjå på cricket (nasjonalsport i store delar av søraust-asia) når det var krig på gang!

Om ein ser litt på både CNN og BBC, vert ein ganske fort lei av det store antalet med «reklameinnslag» som kjem. Promotering av program som kjem om ti minutt på den aktuelle kanalen. I tillegg har ein desse stadige børsresultata, oljeprisane og vekslingskursane som i tide og utide sklir over skjermen. Slikt er for meg ikkje interessant. Det er heller ikkje særleg artig å få dei same nyhendene servert på ny kvar halvtime…på kvar einaste kanal. Eg er sikker på at du fekk nok av Lewinsky-saka, Orderuddrapa, 9/11-hendinga, krig i Afghanistan, krig i Irak osb. Det slår ein jo at det vera andre nyhende som er verdt å rapportera om.

Fjernsyn

Det var difor eit heldig tilfelle, at eg ein dag sat og trykte meg gjennom heile kanallista på parabolen, og kom over Al Jazeera International. Ja. Det er den Al Jazeera International. Den som NRK, TV2 og alle andre velkjende fjernsynskanlar har sittert når Osama eller nokre av hans kumpanar har følt for å dela nok eit dårleg video/lydopptak med verda. Eg vart

BBCCNNAl Jazeera

sittjande å glo på denne mykje omtalte kanalen ei stund. Det som slo meg, var at han var herleg fri for irriterande element som eg har nemnd ovanfor. I tillegg var også nyhendene som vart rapportert mange og varierte. Og for dei som må ha fordomane på plass…nyhendene var ikkje berre for gryande terroristar og ugudelege muslimar som drep kristne, og et borna dine. Faktisk var det eg sat igjen med etterpå, ei herleg kjensle av å ha vorte opplyst. Eller i det minste informert om interessante saker andre stader i verda.

Kanalane på nett

Sjølvsagt finst også desse kanalane på nett. Eg har teke skjermbilete av kvar av kanalane sine framsider i dag, slik at du kan samanlikna sjølv og sjå kva du tykkjer. Det slår i alle fall meg at av dei tre sidene, så framstår Al Jazeera si som den beste og mest informative. Det kan synast som om dei tre har litt ulikt fokus. BBC vel å lenkje til sines radio og fjernsynskanalar, i tillegg til å lenkje til tre nyhender. CNN ser ut til å ha eit fokus på multimedia, i tillegg til at dei har plassert ein stor reklamesnutt midt i åsynet på ein når ein klikkar seg inn. Tek vi føre oss Al Jazeera International, ser ein at den einaste reklamesnutten er ein reklme for abbonement på nyhende frå deira side. Men det mest imponerande, er at dei presenterer heile 31 nyhendesaker på det eg oppfattar som ein særs god måte.

Oppsummert

Så kva er poenget? Eg har vel eigentleg berre sett meg lei på all resirkuleringa av nyhende i mediebiletet i dag. Derfor søkjer eg andre, alternative kjelder for å få oppfyllt min informasjonshunger, og i den samanheng så kom altså Al Jazeera International seglande inn frå sidelinja og redda dagen. Så har du sjansen, ta ein tur innom og kikk ein dag, antan det er på nett eller parabol. Fjernsynsutgåva kjørte i dag følgjande innslag til dømes: [youtube i7qxbD1tk18 Arabisk beatboxing]

Vakuumtilvære

På eit tidspunkt gjekk studenttilværet frå å vera obligatorisk oppmøte på skulen for å læra det som er fastlagd i læreplanen, til å vera ein herleg komaliknande stad å vera. «Medan med venter på somaren» kan kanskje vera ei passande overskrift. Fram til mai, stilte eg pliktoppfyllande på skulen 9.15 kvar dag for å ta del i forelesningar (antan dei var obligatoriske eller ei). Men deretter har det vore ei anna lekse. Med null undervisning på ein heil månad, er det klart at ting sklir ut ein smule!

Heldigvis klarte eg å ta meg sjølv i skinnet, og her ein dag kom eg faktisk inn gjennom dørene på biblioteket som fyrstemann den dagen. Slettes ikkje gale! Men etter nokre lange dagar der, er det klart at hjerna har behov for avveksling. Og med glittrande sommarver, tyr ein gjerne til slike aktivitetar som nedanfor:

KubbToppturSlækklein

Om progresjon…

Eg kom akkurat fram til følgjande:

Det gavnar ikkje menneskeheita å la folk som i dag sit i maktposisjonar styra utvikling. Rett og slett fordi dei sjølv har for store eigeninteressar til å gjere valg som dei sjølv ikkje likar. Og i og med at 20% av verda, nyttar 80% av ressursane, samt at mennesket nok diverre må seiast å vere grunnleggjande egoistisk, så er det rett og slett ikkje eit sjakktrekk for verdas utvikling å settje bukken til å passe havresekken.