Category Archives: Politikk

Det hender at eg tek føre meg litt politikk og.

Har folk eigentlig peiling?

Det er vel ikkje å ta hardt i å seie at folk flest no nyttar ei datamaskin i kvardagen. I starten av 2008 hadde 73% av hushaldningane i Noreg Internettilgang i følgje tal i frå Statistisk Sentralbyrå.

I arbeidsdagen min er eg nøyd til å forhalda meg til maskinar med Windows som operativsystem. Desse er sentralt drifta i frå kommunehuset, og ein har i realiteten lite høve til å gjera endringar på maskinane. Dei siste i rekkja som no skodar mot det som heiter open source eller på norsk: open kjeldekode, er dei Canadiske styresmaktene.

Her på berget satsar no Solhjell på å ruste lærarane med ei ekstra innsprøyting som skal gå til etterutdanning av lærarar så dei (forhåpentligvis) kan halde seg oppdatert på kva som skjer på det som det Kjell Antvort & co ved Høgskulen i Volda har no har omdefinert (nok ein gong?) som digital kompetanse i læring. (Tidlegare kjend som: IKT i læring. Kjært barn, mange namn osb…)

Kompetanse eller ei, eg trur ikkje ein kjem nokon stad med å pøse på med pengar til etterutdanning så lenge ein endar opp i situasjonar som denne.

Ein skule vert drifta frå kommunehuset. Maskinane på huset er låst ned slik at lærarane ikkje kan installereprogram på dei. Utstyr som skal på nettverket må vera førehandsgodkjent av IKT drift i kommunen. Gratis/utrangerte datamaskinar frå snille/rike/private selskap vert mao ein utopi. Lærarane har alle dokumenta liggjande på felles lagrinsstad. Lagrinsstaden held fysisk til på kommunehuset. Kva gjer då dei arme lærarane når nettverket ikkje oppfører seg slik det skal i det dei skal laga til neste vekes arbeidsplan? Nettverket blånektar sjølvsagt å montere opp stasjonen der alle dokummenta dine ligg. Resultatet er at det byggjer seg opp stor irritasjon over databruken, og ynskjet om å ta i bruk IKT i den daglige undervisninga kan vel ikkje akkurat seiast å auka!

Vel…inspirasjonen til denne vesle utblåsinga kom etter å ha sett ein video der ein blindtestar brukarar i Sydney. Dei vert presentert for det «nye» operativsystemet til Microsoft…nemleg Windows 7.  Det testpersonane ikkje veit, er at det dei ser på er det gratis tilgjengelege (litt feilaktig kalla) operativsystemet Linux. Videoen stadfestar vel ein del av dei ideane eg går og ber på når det kjem til menigmann si kjennskap til IKT.

Inspirerande

Om kvardagen kanskje kan verke litt håplaus når det viser seg at skuleborna endå ikkje har lært seg når det er tid for matfriminutt, så kjem det av og til ein oppkvikkar.

Eg er jo ein flittig brukar av Google si epost-teneste, og har «verva» alle mine små håpefulle. Difor kriblar det jo ekstra når det dukkar opp førespurnadar av typen under frå tid til annan. «YES!» ljomar høgt og lenge inni meg…

Inspirert elev?

Virus i det offentlege

Januar månad har vore prega av influensa på fleire frontar. Google svarar med 109 artiklar som inneheld ordet «influensa», og det berre i løpet av den siste månaden. (Til samanlikning gjev ordet «finanskrise» 492 treff medan «snåsamannen» ender på 287.) Ærleg talt må eg seie at eg er temmeleg lei alt dette. Men folk har vondt for å læra! Når influensaen breier om seg, er det normalt å ta førehandsreglar. Eldre folk vert oppmoda om å ta influensavaksine, medan det på arbeidsplassen kanskje dukkar opp desinfiserande væsker slik at ein kan unngå smitte!

Det er kun litt over ei veke sidan sist eg skreiv om dataviruset «Conficker» og korleis Rogaland fylkeskommune vart tekne med buksene nede midtvinters. Fredag (30/01/09) denne veka kunne NTB melde at også Nord-Trøndelag hadde vorte råka av virus. Det same viruset. Ein kan undra seg om fylkeskommunane kommuniserer.

Informasjonssjef i Nord-Trøndelag fylkeskommune seier til NTB at dei var «så godt beskyttet som de trodde var mulig i forkant av angrepet.» Eit underleg utsagn med tanke på at viruset faktisk slo ut 6500 datamaskinar. Hadde ein vore så godt sikra som mogleg mot viruset, ville ein kanskje sett inn ei av dei mange løysingane mot viruset som finst! Men likevel vert ein altså råka.

Kor mykje kroner og øre ein nyttar i året på å reparera system etter at dei har vorte infisert av virus finst det kanskje tal på? Det hadde uansett vore interessant å sett ei oversikt over dette og samanlikna med ein overgang til eit gratis operativsystem som til dømes Ubuntu/Linux Mint/OpenSuSE/Skulelinux/Fedora/Debian/Mandriva eller liknande.

Arbeidsløyse?

Finanskrisa bringer med seg stor arbeidsløyse. Det kan ein lesa rundt omkring overalt der ein snur seg om dagen. Coca-Cola seier opp fleirfoldige tilsette delvis på grunn av finanskrisa, Eramet i Sauda permiterer over ein lav sko…ja det er heile 20.500 fleire arbeidsledige i registra hjå NAV no enn det var på same tid i fjor! NRK melder også om at 174 fleire sørlendingar no går på trygd enn det som var tilfellet for eit år sidan. Dette tilsvarer 13,1 prosent av Vest-Agders innbyggjarar.

I grevens tid kjem regjeringa med ei vitamininnsprøyting. Ei krisepakke der mange, i følgje sjeføkonom i LO Stein Reegård, vil få ny jobb. Det triste er at når han seier det, tenkjer han fyrst og fremst på bygg- og annleggsbransjen. Den same regjeringa har vistnok gått inn for ei satsing på skule og utdanning. Det skulle ein ikkje tru når resultatet er at skular rundt om i Noregs land vert lagd ned. I staden for å oppretthalda små skular, satsar ein no i staden på grandiose utdanningsfabrikkar. Eg meiner ein slik tanke er totalt feil! Eg ser med gru på den utviklinga som breier om seg med større og større skular, der ein har klassar som er større og større. «Spare pengar» er det jamne mantraet ein høyrer. Gong på gong. Trass i at regjeringa jo som eg allereie har nemnd satsar på utdanning.

Tilbake i juni 2007 skreiv eg nokre tankar omkring den lærarmangelen som då var. Det kunne vore interessant og sett tal på kor mange fleire lærarar det har kome pr. elev i skulen sidan då. Eg fryktar at det er mindre no enn då! Men det har like fullt vorte satsa på utdanning. Då spør eg meg sjølv; kven stikk av med pengane?

No er det altså krisetid og fleire og fleire står utan jobb for kvar dag som går. I skulane trengst det lærarar, og som eg tidlegare har nemnd har nok mange utdanna forsvunne over i privat sektor. Difor er det litt skremande at det er så mange ledige jobbar. Når ein ikkje får ein einaste søkjar til ei fast stilling som lærar er eg redd det kan tyde på at mange som kanskje har ei lærarutdanning heller sit på gjerdet framfor å gå attende i læraryrket på bakgrunn av dei erfaringane dei gjorde seg då dei var aktive lærarar.

Det skulle kunne gå ann å tru at tilhøva har vorte betre med tanke på satsinga frå regjeringa. Diverre kan det sjå ut som om det for det meste har vore eit spel for galleriet. Spesielt med tanke på at dei som skal handtera arbeidsløysa ikkje ein gong har råd til å ha nok tilsette på jobb!

Motivasjon i skulen

Denne veka gjorde eg to forsøk på arbeidsplassen min. Ei stund nå har eg uroa/irritert meg over at nokre elevar ikkje gidd å gjera ein innsats på skulen. Grunnane kan sjølvsagt vere mange. Kvifor skal elevane gjera arbeid? Ingenting skjer jo om dei ikkje gjer det, anna enn at det går litt dårleg på testen kvar fredag!

Denne fredagen rann det over for meg. Elevar leverer inn prøvar utan å ha svart. Trass i at eg sa at dei måtte lesa oppgåvene skikkeleg presterte dei å gjera dette. I løpet av veka har dei arbeidstimar på skulen der dei skal arbeida med leksene. Litt for mange «gløymer» ting heime, og vert gåande å surre rundt i timane og forstyrre dei som faktisk arbeider.

Eg bestemde meg difor for at dei elevane som ikkje gjorde arbeidet sitt godt nok, om det nå i det heile vart gjort, skulle få sittje att å arbeide overtid! I arbeidslivet elles er det jo trass alt slik at overtid er resultatet dersom ein gjer dårleg arbeid. Så eg tenkte med meg sjølv; «Kvifor skal ikkje det også gjelde på skulen?» Det er jo trass alt arbeid for elevane å gå på skulen.

Difor sette eg meg altså ned med ei gruppe på fredag ettermiddag og gav dei ei oppgåve dei måtte gjera ferdig før dei fekk gå heim og ta helg. Diverre er ikkje dette slik ein kan gjera kvar dag, for det er alltids andre oppgåver ein må gjere etter at elevane er sendt heim. Nokre vart sinte, andre grein ein skvett, men etter kvart sat alle saman og arbeidde flittig som om dei var mønsterelevar. Og det er jo akkurat det dei er i utgangspunktet. Problemet er berre at det er så mykje anna som forstyrrer når ein er 26 elevar i klassen!

Men eg nytta ikkje berre «pisk» denne veka. Eg forsøkte for fyrste gong med premie til den eleven som arbeidde best. Etterkvart vart det jo klart at dette ville vera ein litt ugrei måte å rosa «korrekt» oppførsel på. For det fyrste er det jo ikkje vanskeleg å tenkja seg at «bråkete» elevar vil ha letare for å få bonus for god oppførsel enn det stille og flinke elevar vil ha. Eg måtte difor gjere ei lita justering. Dei fem med best resultat på fredagen skulle få vera med i ei trekning om premien.

Men eg treng ein del tips til korleis eg skal gje alle like gode moglegheiter til å opparbeide seg «loddkapital» til fredagens trekning?

Eg er og interessert i tankar om korleis andre har løyst slike utfordringar? Eg er i alle fall lite lysten til å berre la dei som ikkje gidd få fortsetta ned den gata der dei slepp unna med latskap!

Eg kom over ei oppgåve gitt i ungdomsskulen i 1936 på Kjell Arild Welde sin blogg her ein dag;

6 mann brukar 15 dagar à 10 timar til å grava ei greft som er 160 m lang, 1,5 m brei og 80 cm djup. Kor lang tid treng då 4 mann til å grava ei greft som er 1 1/4 gong så lang, 4/5 so brei so brei og 1 1/2 gong so djup, som den fyrste, når dei arbeider 9 timar for dagen og hev 20% tyngre jord å arbeide med?

R.J Angen
Rekneuppgåvor for ungdomsskulen
Oslo 1936

Gje denne oppgåva til ein elev i dag, og han vil sansynlegvis ringe 1881 for å spørre etter nærmaste entrepenør med gravemaskin, framfor å byrgje å rekne ut!

Twitter slår til igjen

Då eg kom inn dørene etter å ha vore på møbbeljakt rundt omkring i Sandnes, fekk eg akkurat med meg nyhendene på NRK. Hovudsaka var sjølvsagt innsettinga av Barack H. Obama.

Tradisjonen tru avsa den nyvalde presidenten ei eid med handa på ein anna tåleg kjent president sin bibel. I innslaget på Dagsrevyen kunne det verke som om Obama ikkje var heilt stø i edsavseiinga.

Eg søkte på «obama» på Twitter, og der kunne dojogrl fortelje meg at det ikkje var Barack Hussein Obama som gjorde feil, men derimot høgsterettsjustitiarius John Roberts som stod for feilen.

Obama blir svergd inn

Også Viggo Johansen og Geir Lundestad var og av den oppfattinga at Obama og Roberts gjorde feil.

Wall Street Journal skriv følgjande;

Chief Justice John Roberts swore in Mr. Obama with a slight stumble over the wording of the oath of office, a stumble Mr. Obama repeated. The oath includes the phrase «that I will faithfully execute the office of president of the United States» but Chief Justice Roberts didn’t say «faithfully» until after saying «president of the United States.»

Mr. Obama apparently realized that something was out of order. Chief Justice Roberts then repeated the phrase correctly, putting «faithfully» in the right place after execute: «faithfully the office of president of the United States.» – WSJ

Poenget er uansett…dette var fyrst oppdaga av ein person som var på Twitter. Og det var tilgjengeleg for meg utan å gå gjennom ein eller annen filtrerande redaksjon!

Digitale grunnskulelærarar?

I det siste har eg leita opp og ned, att og fram, og litt i vinkel og på nettet etter lærarar i grunnskulen som ynskjer å ta steget ut i den digitale verda. Det er ikkje langt i frå at det er som å stikka nåla i ein høystakk.

Det som derimot synest å vera uhorvelege mengder av, er norsklærarar på vidaregåande skulenivå. Av og til undrar eg mest om eg har havna på feil skulenivå, for det teiknar jo til at det er på vidaregåande alt det spanande skjer.

Men enn så lenge sullar eg rundt i mi eiga vesle lærarverd og gjer det eg kan for å skaffa mine små håpefulle eit godt grunnlag for den vidare skulegangen, og deriblandt med å nytte digitale verkty som Google Docs og Gmail. (Foreløpig)

Eg saknar kontakt med andre grunnskulelærarar som ynskjer å ta skulekvardagen over i det digitale, så er du ein slik «galning» kan du godt leggje att eit pip.

På feil veg

http://creativecommons.org/licenses/by/2.0/

http://creativecommons.org/licenses/by/2.0/

Som ein lite hyggeleg førjulspressang ljomar eit rungande «kutt» rundt om i fjordane i Rogaland. Jf. NRK Rogaland og Stavanger Aftenblad.

Det er rart at slikt vert resultatet når Regjeringa for budsjettåret 2008 gjekk hardt ut og verkeleg skulle satse på skulen.

Det hadde vore interessant å sett tal på kor mange skular som har vorte nedlagd i år, eller for den del dei fire siste åra. Anyone?

Oppskrytt digital lesing

Som han gjorde det mot Marita Aksnes, slo også overksrifta til Stavanger Aftenblad mot meg her i går. Skjermlesing stresser hjernen. Som lærar, og ein i hovudsak digital lesar, stiller eg meg skeptisk til utsegn om at ein skulle lære mindre av å lese på skjerm enn av å lese i ei bok.

…lesing på skjerm gir en ny form for orientering. Leseren mister helheten og deler av det fysiske aspektet. Boka har en fysisk substans som gir en annen ro. Teksten beveger seg ikke i forhold til mediet på papir. Det gjør den på skjermen. [UiS]

Thomas Misund Hansen skriv i sin kommentar til artikkelen på Aftenbladet sine vevsider at mennesket ikkje tenkjer lineært, slik til dømes ei bok er skriven. Prosessen med å få til ei bok er vel desto meir av ein alineær prosess, der ein går fram og attende i teksten for å endra på han. No har riktignok ikkje eg skrive noko bok, men eg vel å tru at det er slik det foregår. Eg trur difor ikkje at å lesa på ein skjerm krev så mykje endring i leseorienteringa. Det som derimot kan by på utfordringar for ein lesar er vel all reklamen og andre forstyrrande element som er rundt teksten. Men dette er jo ikkje akkurat nytt om ein har slått opp ei avis eller eit vekeblad i den seinare tid?

Det skremer meg eigentleg litt at ein kan koma med utsagn over om at «teksten beveger seg ikke i forhold til mediet på papir. Det gjør den på skjermen.» Tekstforfattaren kan ikkje ha særleg store lese og skrivevanskar! Er det noko ein får høyra om nettopp individ med dysleksi, så er det jo nettop det at teksten flyt saman. Og eg har vondt for å tru at Anne Mangen, forfattaren av Aftenbladets artikkel, nokon sinne har lese ei bok eller ein artikkel i fullskjermvisning på ei datamaskin. Om ein plent vil det, er det jo ikkje noko problem å få ei og ei side på skjermen utan at det er andre ting rundt. Navigeringa til neste side inneber då å trykke på ein knapp! Samanliknar ein med ei bok, kan det jo av og til vera vanskelig å ble om til neste side om ein har litt tynne blad i boka.

Sitatet over nemner også noko om «en fysisk substans som gir en annen ro». Denne fysiske substansen verker for meg å vera ganske svevande. Er det vekta av boka i hendene ho tenkjer på, eller er det sjølve det å fysisk ta tak i eit ark og blad om til neste side? Om det er det fyrstnemnde, så kan vel vekta av ein berbar datamaskin vera like tung som ei bok. Er det derimot det siste, kan eg i alle fall for eigen del seia det at eg ikkje opplever merkbart større læring av om eg må bla eller ei. Det kan jo tenkjast at Mangen tenkjer på dei trykte bokstavane også, men verkeleg fysisk substans får vel ikkje bokstavane før ein trykkjer dei i blindeskrift!

Og ein har jo lydbøker no. Det vil sei…ein har hatt dei i nokre år…på kassett. Kanskje på LP før den tid, og kva veit eg, kanskje hadde ein voksspolar med lydbøker før det igjen? Poenget er; gjev lydbøker mindre læring enn skrivne bøker berre fordi dei er berre lyd?

Det er vel fleire enn underteikna som har kjend auga verte tyngre og tyngre av å sittje å lese det som ikkje alltid er like sprudlande pensumlitteratur. Nokre nyttar til og med bøker for å få sove på nettene! Kva signal gjev dette om bøker? Jo, at ein vert trøytt av å lesa. Det er vel ei kjennsgjerning at god læring sjeldan føregår når ein er trøytt!

Me har etterkvart vorte ein del personar på denne jorda. Og det er nå ein gong slik at ikkje alle er like. Me har blinde, døve, folk som har dysleksi, folk som ser dårleg, folk som ikkje er i stand til å lesa tekst på vanleg kvit bakgrunn og tru det eller ei, men det finst folk som les betre på ein skjerm enn i ei bok. Trur eg. Hovudpoenget er vel at om ein skal læra noko, så må ein tykkja at det ein les er interessant. Slik sett fungerer forskinga til Anne Mangen perfekt for meg, sjølv om eg les han på ein skjerm.