Som han gjorde det mot Marita Aksnes, slo også overksrifta til Stavanger Aftenblad mot meg her i går. Skjermlesing stresser hjernen. Som lærar, og ein i hovudsak digital lesar, stiller eg meg skeptisk til utsegn om at ein skulle lære mindre av å lese på skjerm enn av å lese i ei bok.
…lesing på skjerm gir en ny form for orientering. Leseren mister helheten og deler av det fysiske aspektet. Boka har en fysisk substans som gir en annen ro. Teksten beveger seg ikke i forhold til mediet på papir. Det gjør den på skjermen. [UiS]
Thomas Misund Hansen skriv i sin kommentar til artikkelen på Aftenbladet sine vevsider at mennesket ikkje tenkjer lineært, slik til dømes ei bok er skriven. Prosessen med å få til ei bok er vel desto meir av ein alineær prosess, der ein går fram og attende i teksten for å endra på han. No har riktignok ikkje eg skrive noko bok, men eg vel å tru at det er slik det foregår. Eg trur difor ikkje at å lesa på ein skjerm krev så mykje endring i leseorienteringa. Det som derimot kan by på utfordringar for ein lesar er vel all reklamen og andre forstyrrande element som er rundt teksten. Men dette er jo ikkje akkurat nytt om ein har slått opp ei avis eller eit vekeblad i den seinare tid?
Det skremer meg eigentleg litt at ein kan koma med utsagn over om at “teksten beveger seg ikke i forhold til mediet på papir. Det gjør den på skjermen.” Tekstforfattaren kan ikkje ha særleg store lese og skrivevanskar! Er det noko ein får høyra om nettopp individ med dysleksi, så er det jo nettop det at teksten flyt saman. Og eg har vondt for å tru at Anne Mangen, forfattaren av Aftenbladets artikkel, nokon sinne har lese ei bok eller ein artikkel i fullskjermvisning på ei datamaskin. Om ein plent vil det, er det jo ikkje noko problem å få ei og ei side på skjermen utan at det er andre ting rundt. Navigeringa til neste side inneber då å trykke på ein knapp! Samanliknar ein med ei bok, kan det jo av og til vera vanskelig å ble om til neste side om ein har litt tynne blad i boka.
Sitatet over nemner også noko om “en fysisk substans som gir en annen ro”. Denne fysiske substansen verker for meg å vera ganske svevande. Er det vekta av boka i hendene ho tenkjer på, eller er det sjølve det å fysisk ta tak i eit ark og blad om til neste side? Om det er det fyrstnemnde, så kan vel vekta av ein berbar datamaskin vera like tung som ei bok. Er det derimot det siste, kan eg i alle fall for eigen del seia det at eg ikkje opplever merkbart større læring av om eg må bla eller ei. Det kan jo tenkjast at Mangen tenkjer på dei trykte bokstavane også, men verkeleg fysisk substans får vel ikkje bokstavane før ein trykkjer dei i blindeskrift!
Og ein har jo lydbøker no. Det vil sei…ein har hatt dei i nokre år…på kassett. Kanskje på LP før den tid, og kva veit eg, kanskje hadde ein voksspolar med lydbøker før det igjen? Poenget er; gjev lydbøker mindre læring enn skrivne bøker berre fordi dei er berre lyd?
Det er vel fleire enn underteikna som har kjend auga verte tyngre og tyngre av å sittje å lese det som ikkje alltid er like sprudlande pensumlitteratur. Nokre nyttar til og med bøker for å få sove på nettene! Kva signal gjev dette om bøker? Jo, at ein vert trøytt av å lesa. Det er vel ei kjennsgjerning at god læring sjeldan føregår når ein er trøytt!
Me har etterkvart vorte ein del personar på denne jorda. Og det er nå ein gong slik at ikkje alle er like. Me har blinde, døve, folk som har dysleksi, folk som ser dårleg, folk som ikkje er i stand til å lesa tekst på vanleg kvit bakgrunn og tru det eller ei, men det finst folk som les betre på ein skjerm enn i ei bok. Trur eg. Hovudpoenget er vel at om ein skal læra noko, så må ein tykkja at det ein les er interessant. Slik sett fungerer forskinga til Anne Mangen perfekt for meg, sjølv om eg les han på ein skjerm.